Nokre teologiske spørsmål frå ein forvirra feminist

Kvinners underordning er ein gåve frå Gud. Frå Gud har menn fått leiareigenskapar, medan kvinner skal underordne seg han og vise ham ærefrykt. Dette skriv pastor Tone Lise Gustavsen i eit lesarinnlegg i Vårt Land. Som ein reaksjon på dette inviterte Dagsnytt 18 inn til debatt, der teolog og informasjonsleiar i Misjonssambandet Espen Ottosen bidro med å seie at han ikkje er for kjønnslikestilling: «Bibelen er veldig tydelig på at kvinner får en oppfordring til å underordne seg. Men menn får aldri en oppfordring til å sørge for at det skjer». Han viser at bibelen har ulike beskjeder til menn og kvinner om deira roller i ekteskapet.
Dette er sjølvsagt provoserande både for oss feministar frå eit prinsipielt grunnlag, og for dei med nok kunnskap om religion til å vite at både kristendom, jødedom og islam var progressive i sin tid, og inkluderte rettar og sosiale reglar som ikkje fantes i Midtausten for om lag 2000 år sida. Stikkord: Midtausten. For nokre tusen år sida. På ein side kan man respektere menneske med ein konservativ tru for å være konsistente: viss du oppriktig trur at din heilage bok (skrive i Midtausten for ca. 2000 år sida) er Guds ord gir det meining at du vil følgje alle dens bod og reglar.
Men eg spør då: Kvifor stoppe der? Viss man skal sjå til bibelen for bokstavtru retningslinjer for kjønnsroller i ekteskapet, har vi jo mange fleire gullkorn av livsvisdom, forbod og påbod å følgje. Her er eit lite utval:
Ikkje barber skjegget ditt
(Leviticus 19:27)
Ikkje sett opp ein steinsøyle i eit sted for offentleg tilbeding
(Deuteronomy 16:22)
Ikkje gå med klede vevd av både ull og lin
(Deuteronomy 22:11)
Ikkje plant forskjellege frø saman
(Leviticus 19:19)
Sex med ein kvinne medan ho menstruerer vil resultere i straffa at mannen og kvinna blir avskåre frå folket sitt
(Leviticus 20:18)
Ikkje spis eit dyr som har døydd utan å ha blitt rituelt slakta.
(Deuteronomy 14:21)
Ikkje ha frynser på hjørnet av kleda dine.
(Numbers 15:38)
Einkvar urein person må senke seg sjølv i eit rituelt bad for å bli rein.
(Leviticus 15:16)
Ikkje spis skapningar som lever i vatn som ikkje er fisk
(Leviticus 11:43)
Når du bakar skal du sette av litt deig for prestane.
(Numbers 15:20)
Ikkje ta opp eit lån med renter (Deuteronomy 23:20), og ikkje ta nokon del i eit rentelån.
(Exodus 22:24)
La oss få ein ting på det reine: Å snakke om kvinners underordning er å oppfordre til kvinneundertrykking. Reell likeverd, kjærleik og respekt kan ikkje eksistere i eit parforhold viss ein av partane på nokon måte blir forventa å underordne seg den andre, uansett grunnen. Eg lurer på korleis dei som bruker eit knippe utsegn frå bibelen til å rettferdiggjere kvinneundertrykking stiller seg til desse andre reglane frå bibelen? Dette er litt forvirrande: Det er vanskeleg å skjønne kvifor man aktivt skal følgje påbod om underordning i ekteskapet men samtidig kan forkaste reglar for klede, mat og ritualer for akkurat dei reglane er “utdaterte” eller “ugyldige”.
Bildebeskrivelse: To hender som blar i ein bibel, med uskarp bakgrunn.
Kjelder for nyheitssaker er NRK.no og Vårt Land. Bibelsitat er henta frå nettsidene til James Madison University: https://www.jmu.edu/dukehallgallery/exhibitions-past-2018-2019/the-613-mitzvot.shtml?fbclid=IwAR3iCmDunE0cnAcbQAx0JJUEk6VFalfv-QGXy_kuZaDuWPD2hV-iSRZxRv0
Illustrasjonsbilete er tatt av Rod Long frå Unsplash
Om forfatteren

Julie Flikke
Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.
Related Posts
-
Derfor er representasjon så viktig
Dette debattinnlegget blei først publisert hos Adressa 23.01.2023 Trøndelagsmøtet er ein årleg samfunnskonferanse som averterast som ‘Trøndelags viktigaste møteplass’. Årets utgåve fekk kritikk av debattjournalist […]
Dag og natt: Serien som treffer godt også her til lands
Den trønderske sommeren har ikke vært mye å skryte av, men heldigvis har jeg en digg sofa og tilgang til mange strømmetjenester på TVen. Så […]
Det står ingen steder i bibelen at “kvinnens underordning er en gave fra Gud”. Det står at konsekvensen av å spise frukten i Edens hage er at, “Til kvinnen sa han…til din mann skal din attrå stå, og han skal råde over dig” (3 Mos. 3:16)
Det står ikke at det er en gave fra Gud, men at det er en konsekvens av at de (mannens konsekvens står i etterfølgende vers) spiste av frukten i Edens hage.
Det står ikke i bibelen, “menn, underordne dere deres kvinner”. Det står, “kvinner, underordne dere deres menn”. Det er noe kvinner selv må velge å gjøre.
Hvis menn bestemmer at kvinner skal undertrykkes er det kvinneundertrykking.
Akkurat som at det ikke står at kvinner som er lettkledde skal straffes fordi de får menn til å se på de med lyst, men det står at:
“Men jeg sier eder at hver den som ser på en kvinne for å begjære henne, har alt drevet hor med henne i sitt hjerte.
Om ditt høire øie frister dig, da riv det ut og kast det fra dig! for det er bedre for dig at ett av dine lemmer går tapt enn at hele ditt legeme blir kastet i helvede.”
Matteus 5:28-29
Bibelen handler om deg, dine valg, hva du gjør, ditt forhold til den kristne guden.
Bibelen handler ikke om å tvinge andre til å innrette seg etter den bibelske religionen.
Det er akkurat som med hijaben. Hijab er noe en muslimsk kvinne har på seg fordi hun ønsker å gjøre det for sin guds skyld. Når menn tvinger kvinner til å bære hijab blir det like feil som når menn tvinger kvinner til å la være å ha på seg hijab. Hijaben er et personlig valg.
Ellers høres det ut som om du burde gått til en prest, eller en biskop (ikke en pastor – prest krever utdanning, pastor ikke) med spørsmålene dine.
“Akkurat som at det ikke står at kvinner som er lettkledde skal straffes fordi de får menn til å se på de med lyst”
Beklager, jeg burde sett over teksten før jeg sendte inn. Det skulle være et “det” på i setningen der. “…fordi det får menn til å se på de med lyst”.