I wanna dance with somebody

Kjære dykk som eg veit har det kjipt. Ta vare. Eg er så stolt av dykk.

Photo by Kelly Sikkema on Unsplash

Ho held pusten. Gjer seg klar. Tårene leikar i augekroken. Tenkjer på det som var. Før dette. Klemmane, nærleiken. Kohortar var eit ikkje-ord. Jola, alle samla. Arbeidet, krogjengen. Lyden av sider frå tappekran. Skålinga. Pengar til strømrekninga som barjobben var. Konsertane. Alt vart dradd vekk under ho atter ein gong. Ho vil berre gripa kring mikrofonen på kroa og ropa i det glisne lokalet: “I wanna dance with somebody”. Men ingen grip handa hennar. Ho vrir om nøkkelen og skriv stengt på døra.

Han ventar ute. Han som alltid plukkar ho opp. Han grip kring ho. Han kviskrar nesten utan ord mot håret hennar. – Alt vert bra til slutt. Arm i arm, går dei. Det lyser frå stjerna som kviskrar i vinden: – Det går helst godt til slutt. Held ut. Lyden av latter vil finna vegen, uansett.

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

One Comment

  1. Andreas 17/12/2021

    Dette er et overgrep. Hun hadde aldri bedt han om å berøre henne.
    Stakkars kvinne! 😢
    Husk på, bare et ja er et ja. Bare dersom hun først ber han om å holde om henne er det greit at han gjør det.