Om p-pilla, koronavaksine og normaliseringa av kvinners smerte

Blei nokon overraska når vi fekk vite at koronavaksina er knytt til endringar i kvinners menstruasjonssyklus? Sjølvsagt blei vi ikkje det. Kvinners kropp er annleis enn menns, og cis-mannskroppar er normalen, det har vi visst lenge, så kvifor skulle ei vaksine utvikla i rekordfart ta omsyn til noko så ubetydeleg som kvinnelege hormonar? Verda er tilpassa menn, og design, teknologi og medisin blir utvikla med menn som standard. Teknologi og innovasjon har ofte mannskroppen i tankane som sitt testobjekt. Dette får utslag i alt frå det irriterande (stemmeteknologi som responderer betre til mannsstemmer enn kvinnestemmer) til det direkte farlege, som medisinsk som ikkje tar omsyn til at kvinner og menn har ulike hormonar og immunsystem og kan respondere ulikt på kjemikaliar.
Menn er den nøytrale kroppen. Kvinners kropp er noko på sida- noko «anna», spesifikt kvinneleg, utanfor «normalen». Dette visste Simone de Beauvoir for 70 år sidan, og det er framleis ein kulturell sanning. Og når kvinners erfaringar ikkje blir oversett, blir den stilna i hel eller normalisert. Nokon gonger skjer dette i likestillingas namn.
Kvinner bærer ansvaret for prevensjon
Astrazeneca-vaksina blei raskt trukke frå marknaden i Norge fordi nokon (flest kvinner) fekk alvorlege biverknadar av den. Linken mellom vaksina og biverknadane blei raskt sett og vaksina blei uaktuell for Norge. Samtidig har norske kvinner sidan 1960talet brukt p-piller som sitt og-to prevensjonsmiddel. P-piller og fleire andre hormonelle prevensjonsmidlar er blant anna linka til auka risiko for blodpropp, hjerteinfarkt, hjerneslag og brystkreft. Dette er sjeldne biverknadar, dei mest vanlege er hovudpine, kvalme, ømme bryster, tørrheit i skjeden og nedsett sexlyst (dei siste to har sikkert ein samanheng). Likevel er det forventa at kvinner tar p-piller eller i vert fall går på ein anna slags prevensjon frå vi er seksuelt aktive, gjerne så unge som 16-17 for å være sikker. Blant unge og godt vaksne menn er det ei slags forventning om at kvinner går på ein form for beskyttelse, så kondom er ofte ein ettertanke eller noko dei skal rosast for å bruke. Det er jenta som blir oppfatta som uansvarleg viss dei skippar kondom eller viss den sprekker, og det er uansett ho som må ta konsekvensen viss ho blir gravid.
Det er ingen tvil om at p-pilla la grunnlaget for den seksuelle revolusjonen og den moderne kvinna som ikkje lenger var bunde til å ta seg av ei stadig aukande familie. Samtidig har kvinner blitt forventa å betale ein ganske høg pris for denne fridomen. På tross av stadig aukande tilbod på ulike prevensjonsmidlar må dei fleste kvinner rekne med ein eller anna form for uregelmessige blødningar, hovudpine, humørsvingingar, hudforandringar og vektauking. Dette er “småplagar” som vi må takle i dageglivet i tillegg til overhengande trussel om at prevensjon kan føre til kreft eller depresjon. I tillegg har alle høyrd historiar om ho som mista p-staven inni armen og måtte opererast eller fekk varige fertilitetsendringar etter å ha brukt prevensjon i fleire år.
Samtidig blir det stadig utforska moglegheitar for prevensjon for menn. Desse studiane har aldri resultert i noko vidt distribuert produkt, mest på grunn av biverknadar menn i teststudiar opplever. Desse biverknadane er blant anna hovudpine, trøttheit, kviser, vektauking, nokon rapporterte humørsvingingar og milde ereksjonsproblem. Det høyrast jo ut som ein ganske vanleg månad for kvinner som har eksprimentert med ulike typar prevensjonar? (minus kanskje ereksjonsproblem, men kva veit eg om din kropp)
Problemet med dette er ikkje at prevensjon finnast, eller at dei prøver å utvikle betre prevensjon med mindre biverknadar for menn. Det som er frustrerande er at kvinner blir forventa å takle alle biverknadane, frå det lille irriterande til det store og skremmande, frå vi er unge. Samtidig bærer vi den emosjonelle og finansielle byrda av å finne eit prevensjonsmiddel som fungerer, bestille og betale for legetimer, utsette kroppen sin for ulike typer ubehag, sjølv vurdere når det er på tide å gi opp og gå over til p-sprøyter heller enn mini-pille, og på toppen av det heile har vi dårleg samvittigheit for at vi har så lite sexlyst. Kvinner skal jo være seksuelt frigjorte, sexy og seksuelt tilgjengelege for menn. Vi skal sjølv ta ansvar for beskyttelse, slik at vi ikkje trenger å spørre etter den hersens kondomen og øydelegge stemninga. Og blir vi gravide er det vår eiga skuld, med all prevensjonen som er tilgjengeleg i dagens samfunn! Gjennom slike prosessar blir det normalisert at kvinner skal gå igjennom ulike gradar av smerte og ubehag, samtidig som menn kan vente på eit betre alternativ innan prevensjon. For kvinner er det ikkje anna alternativ enn vaginal tørrheit og hovudpine. Berre prøv å finne eit alternativ som ikkje er linka til brystkreft eller blodpropp, då.
Ein romantisk helvetes naturleg oppleving
Ikkje berre blir det forventa av kvinner at vi skal takle alle moglege slags biverknadar av prevensjonar: kvinnesjukdommar blir også tabubelagte og underutforska. Kvinner er pliktoppfyllande, ansvarsfulle og snille i familien og i arbeidslivet, men knaskar smertestillande og får psykiske problem som aldri før.
Mykje av diskusjonen rundt kvinners ubehag og smerte handlar om at vi berre må tåle meir. Har vi sterke menssmerter? Ta ein paracet og kom deg på skulen, dette skal du takle heile livet! Har du sterke smerter etter fødselen? Vær glad du i det heile tatt har born! I eit anna land, i ei anna tid hadde du måtte klare deg utan det fantastiske helsesystemet vi har idag, så du skal ikkje klag- vent litt, no har det gått 6 timer sidan fødselen, vi er ferdige her. Hersketeknikkar overalt. Det same mønsteret speglar seg i andre fenomen. Vil du melde om seksuell trakassering på arbeidsplassen? Så humørlaus og hårsår du er, det var jo berre ei hand på låret, ein klem eller eit kyss i fylla, din tørrpinne.
Samtidig blir kvinners smerte knytt til fødslar stadig romantisert. På ein side skal vi tygge smertestillande for å komme oss igjennom dagen med nakkesmerter og mensenkramper, på den andre sida skal vi føde born så “naturleg” som mogleg, gjerne utan noko anna enn kroppens naturlege styrke og eldgamle visdom. Du skal føde bornet mest mogleg naturleg med din kvinnelege urkraft, men etter eit par veker er det rett til joggetur og mamma-yoga for å bli kvitt dei ekstra kiloane.
Under diskusjonar om mensensmerter, fødslar og “kvinnesjukdommar” kjem gjerne kvinners styrke opp. Det finnast visstnok ei urkraft i oss kvinner som gjer oss i stand til å takle all denne smerta. Og det er sant at vi kjem frå sterke formødrer som fekk mange born og fekk dei tidleg, dei fleste levde harde liv utan moderne hjelpemidlar. Men det gjorde dei fordi dei måtte. Trur du verkeleg at kvinner for berre 100 år sida hadde takka nei til ein sikrare prevensjon enn “trygge dager” og gin? At kvinnene som tydde til whisky, opium og fiskers galleblærer under fødsel hadde takka dei til epidural? Neste gong du høyrer om nokon som vil føde naturleg, spør om dei også ber om å få slippe bedøvelse hos tannlegen for å verkeleg kjenne at dei er i kontakt med kroppen under trekking av visdomstenner.
«Sterk kvinne» for kven?
Kvinner tar seg saman. Vi smiler og lagar god stemning. Vi gjer våre sosiale plikter som kvinner samtidig som vi bit tenna saman og ikkje klagar for mykje over våre fysiske plagar. For å påpeike vår smerte er å gjere oss sjølv annleis: Å påpeike det kvinnelege, det “andre” ved oss. Som om vi bekrefter det vi alltid har visst: kvinner er det svake kjøn. Tenk om vi setter likestillinga tilbake 50 år fordi vi påpeikar at setebelter i bil ikkje er tilpassa gravide kvinner?
Så vi gjer oss sjølv sterke, toler alt, klagar ikkje. Og vi individualiserer problemet. “Det er fordi eg er overvektig.” “Det er fordi eg jobbar for mykje, eg burde berre gå ned i stilling så er eg ikkje sjukmeldt om 2 år.” Neida, du er ikkje som dei kjerringane som berre syt og klagar og sjukmeldar seg over ein låg sko, du er jo ei sterk kvinne. Det er du som beviser at kvinner kan. Vi internaliserer at det å være sterk er einsbetydande med å være objektiv, disiplinert, sakleg, handlekraftig og uavhengig. Typisk sett maskuline eigenskapar. Men sjølvsagt skal vi samtidig være pene, tynne og feminine, utan å prøve å være det. Ingenting i vegen med denne kroppen, ingenting i vegen med å være kvinne, det er berre å ansette meg, eg er aldri sjuk.
Alt som er biologisk spesifikt for det kvinnelege (dette inkluderer transkvinner og ikkje-binære personar) av hormonar, reproduktive organ og kropp som representerer ei ulempe for vår produktivitet blir hinder å overvinne i likestillingas namn. Men full likestilling hadde betydd at også det kvinnelege blir anerkjend som noko verdifullt og verdig.
Vi er ikkje likestilt før det er normalisert at både kvinne- manns og transkroppar er ein del av medisinsk forsking, utan skilje på “normalen” og “spesielle kroppar”. Før man brukar kvinnelege dukker når man skal teste sikkerheita i bilar. Før man kan være heime med eggløysingssmerter eller ryggsmerter i forbindelse med menstruasjon utan at nokon himlar med augene og tenker at det er jo berre å ta ein ibux og ta seg litt saman? Før vi får eit fullverdig barseltilbod i alle distrikt som gir oss god oppfølging, ikkje fordi vi er så stakkarslege og trenger det, men fordi det er vår rett.
Det er vårt privilegium å nyte alle dei hardt tilkjempa godene ved dagens samfunn. Det er vår plikt å fortsette kampen for meir reell likestilling i framtida, og det gjeld alle kjønn.
Illustrasjonsbilete: Volodymyr Hryshchenko / Unsplash
Comments are closed.