Feministisk spotlight: Kurdiske kvinner som kjemper for likestilling og mot terrorisme

Sidan tidleg 2000talet har islamistiske terrorgrupper som Al-Qaida, Taliban og IS utgjort ein reell trussel mot verda og sementert Islam som ein eksistensiell trussel mot Europa og vår allierte USA. I dagens nyheitsbilde dominerer Taliban sin katastrofale maktovertakelse i Afghanistan. I Norge gjer det særleg inntrykk å lese om den ekstremt kvinnefiendtlege ideologien til Taliban, IS og andre terrorgrupper. Dette har bidratt til vår oppfatning av at i Afrika, Midtausten og Sentral-Asia er kvinner som gruppe undertrykte og diskriminerte. Og dette stemmer i stor grad i land som Afghanistan og Saudi-Arabia, men desse regionane er så mykje meir enn dei ekstreme gruppene vi høyrer om i media. Dei rommar mange ulike klanar, lokalsamfunn, religiøse trusretningar og etniske og sosiale grupper. Ein av gruppene som er mindre kjende i Norge er kurdiske kvinner. For kor mange er klar over at kurdiske kvinner har stått i frontlinja mot IS saman med mannlege soldatar?

Kurdarane er ein nasjon beståande av ca. 40 millioner menneser utan stat. Kurdistan er eit område som er delt mellom fire land; Iran, Irak, Tyrkia og Syria. Kurdarane har lenge kjempa for å beskytte sine landområde, og dei kurdiske kvinnene har parallelt kjempa ein kamp for likestilling. I fleire tiår har kurdiske kvinner stått opp mot undertrykkande styresmakter og patriarkalske samfunnsstrukturar. Deira kamp for likestilling står i særleg stor kontrast til dei islamistiske regima som lenge har kjempa om makt i regionen: Islamistiske styrer praktiserer ein ekstrem tolking av Islamsk lov som har påtvunge millioner av kvinner ein eller anna form for tildekking, nekta eller sterkt avgrensa jenters tilgang til skule, utdanning og arbeidsliv, og tvunge kvinner (og jenter) inn i rolla som hustru og mor utan sosiale eller økonomiske fridomar. Både under IS sitt styre og i Taliban-styrte Afghanistan kan ikkje kvinner eingong gå ut på gata utan eit mannleg familiemedlem som verje. Kvinnehatet som ligg til grunn for slike regime får uttrykk blant anna i IS si paradoksale blanding av ekstrem puritanisme i form av kyskheit og tildekking for ‘gode’ muslimske kvinner, samtidig som staten sanksjonerte valdtekt og overgrep av jesidi-kvinner og jenter som ‘krigsbytte’. I ein region prega av så mykje religiøs ekstremisme og kvinneundertrykkande tradisjonar, skil dei kurdiske militære kvinnene seg klart ut.

I Syria, landet der IS erklærte sitt Kalifat, deltar kurdiske kvinner i lokale regjeringar og kjempar militært for å forsvare sine heimland mot angrep utanifrå. Der har kvinnene i partiet Kurdisk Democratic Union Party forma eit reint kvinneleg militært kamp-lag kjend som ‘Women’s Protection Units’ (YPJ). Denne gruppa blei etablert i 2013, ikkje lenge etter at ei gruppe for menn blei etablert med det same føremålet: å beskytte kurdisk territorium frå ulike grupper, inkludert IS. Ifølgje Al Jazeera har YPJ eigenhendig tatt livet av over 100 IS krigarar og utgjorde ein viktig del av motstandsbevegelsen mot IS i byen Kobani. Berre dei siste to åra har rundt tusen kvinner verva seg til YPJ. Ein av dei, ei kvinne kalla Serekaniye, fortalte avisa The Guardian i Juli at: «In discussions (growing up), it was always ‘if something happens, a man will solve it, not a woman’. Now women can fight and protect her society. This, I like”. Kvinner som Serekaniye kjempar ikkje berre mot IS og andre grupper, men også for likestilling og fridom for seg sjølv. Ifølgje The Kurdish Project er 40% av det kurdiske millitæret kvinner, mot 14% i USA og berre 1% i Afghanistan. Kurdiske kvinner leiar også an i Kurdisk politikk og styre, og den kurdiske regjeringa har høgare kvinneandel enn både USA og Storbritannia.

‘Women’s Protection Units’ er bemerkelsesverdig i kontrast med både islamistiske grupper, og dei patriarkalske kulturane som lenge har dominert i området. Og berre fordi IS midlertidig er nedkjempa i Syria betyr ikkje det at YPJ no er overflødig; kurdarane har ingen stader som er heilt trygge i Midtausten. Kurdiske grupper var viktige allierte for alle styrkane som kjempa mot IS i Syria, men berre dagar etter at tidlegare president Trump annonserte at USA ville trekkje styrkane sine ut av Nord-Aust Syria etter IS si offisielle nedkjemping, angreip Tyrkia grensebyane kurdiske styrkar kontrollerte i området. Tyrkia og dei statslause kurdarane har lenge vært i konflikt med kvarandre, og tyrkarane greip første sjanse til å angripe kurdarane når dei ikkje lenger kjempa mot ein felles fiende. Forsking viser at kurdiske kvinner opplev vald og andre negative konsekvensar av denne konflikten, der dei ikkje berre blir diskriminert som kurdarar, men også som kvinner. For eksempel vegrar kurdiske kvinner seg frå å fortelje om diskriminering og vald mot seg sjølv og sine born av frykt for represaliar mot seg og familien (Nilsson, 2018).

Biletet av Kurdarane som likestillingsforkjemparar er sjølvsagt ikkje rosenraudt. Kurdiske kvinner opplev både vald i heimen, seksuell trakassering, valdtekt og såkalla ‘æres’ drap. Men utviklinga er positiv: Kurdarane si autonome administrasjon i Nord- og Aust-Syria vedtok i 2019 fleire lovar som skal beskytte kvinner, inkludert å forby barneekteskap, polygami, æresdrap og tvangs-ekteskap. Sjølv om desse praksisane framleis pågår, er slike forbod ei begynnelse og eit teikn på vilje til betring. Etter press frå FN aksepterer heller ikkje YPJ rekruttar under 18 år. Auka rekruttering til YPJ skjer samtidig med auka motstand mot og bevisstheit om kjønnsubalanse blant kurdarane. YPJ representerer ei alternativ livsveg for kurdiske kvinner, der dei lærar om kvinners rettar og får militærtrening heller enn å jobbe i åkrar, gifte seg og få born.

Det er alltid lokalbefolkninga som lider mest når islamistiske grupper tar kontroll over eit område, og kvinnene har mest å frykte for sine rettar. Frå ei veke til ein anna kan deira fundamentale rettar til å kle seg slik dei vil, ta utdanning, gå på arbeid eller berre gå ut av huset bli tatt bort frå dei, med trussel om vald og død hengande over seg i uoverskuelig framtid. Dei kurdiske kvinnene som kjemper i YPJ, deltar i politikken eller engasjerer seg i kampen for sine rettar fortjener vår respekt og vår uttalte støtte. Både for den kampen dei allereie har kjempa, og for den som ligg foran dei.

Illustrasjonsbilete: Levi Meir Clancy / Unsplash

Kjelder: www.thekurdishproject.org, www.theguardian.com, www.theconversation.com, Nilsson, M. (2018). Kurdish women in the Kurdish–Turkish conflict – perceptions, experiences, and strategies. DOI: https://www.tandfonline.com/doi/full/10.1080/00263206.2018.1443916

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*