Sommar

Sola står høgt. Ingenting er som når trea blømer.

Det er beviset på at sommaren er nær.

Den fine blomen som kler trea i sine beste kler.

Ho nynnar på songane som dansar ut i rommet.

Sakte men sikkert fører ho kroppen sin i takt medan ho draumer om å liggje utstrakt på eit teppe i hagen å berre vera, eksistera.

Ho slår ut håret, drar sommarkjolen over noko som i fylgje hennar sjølv aldri kvalifiserer som sommarkroppen.

Ein kropp utan filter og bildeglans.

Kroppen fortel om ei reise med sitting, mammaliv, ganske stiv, ryggsøla litt skeiv som ein kranglete hardangerveg, svingete og stri.

Armen gjer eit rykk. Ho held den fast, trøtt.

Ho skrur opp musikken, svinger seg i takt.

Ho kjenner stolen prøver å henge med.

Den er ikkje heilt innstilt på notane. Ho korrigerar med litt ustøe hender.

Ho gjev hjula fart og trillar seg ut i sola. Med ganske rak rygg.

Ho kjenner sola stryke over ryggen. Ho kjenner duften av sommar, ho draumar om betre kår for alle.

At alle har ein plass å trekke pusten og berre kjenne dufta av sommar i ei bygd i vest.

Det er alltid best. Og blomstringa, fjella med eit lite lag snø.

Og fjorden, folka og livet. Alle fortener det.

Illustrasjonsbilde: Mari Svartveit Hansen.

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*