Saman

Me står saman med knytta neve, skulder mot skulder. 
Ordet sisterhood skal ingen kimse av. 
Ord er makt, saman i tykt og tynt. 
Me hevar stemma for kvarandre og dei som ikkje maktar. 
Like mykje verdt alle saman, like moglegheiter. 
Me står der rakrygga, stolte og sterke. 
Det vert eit brøl det gjallar heilt inn i hovudstaden. 
Eit likestillingsbrøl, kaffikoppane og ølglasa etter opninga klirar så sterkt og kraftfullt er brølet. 
Folk spring desperat rundt og tørkar opp sølet.
Saman er me sterke, me av alle veit at livet ikkje berre er rett fram, men kan gå på tverke. 
Me vil og vera med, bidra. 
Jenta i vinden med hovudskallen rundt halsen vil berre vera, eksistera, eg i prikkekjole med to gull som finn på mykje rart tull, vil vera der for dei. 
Mange er me i landet som hevar stemma og knyttar neven for dei som ikkje kan og maktar likestillingskampen. 
Eg orkar alltid, eg knyttar neven gong etter gong. 
Eg lovar❤️💚

Illustrasjonsbilde:  Die Faust, wieder einmal av Rochus Wolff  (tilgjengelig under CC BY-NC-SA 2.0). Størrelsen på bildet er forandret.

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.