Feministisk spotlight: Siri Broch Johansen

Kvar måned sett Maddam spotlight på ein del av kvinnehistoria som skulle vært meir kjend, enten frå notid eller fortid. Dette kan være ei historie, ei kvinne, ein gruppe eller eit lite kjent fakta som fortjener meir oppmerksomheit.

Det første spotlightet settast på Siri Borch Johansen, eller Juho Sire. Siri er ein samisk kvinne frå Tana som har ein imponerande mengde titlar: ho er både forfattar, låtskrivar, skribent, lyrikar, filolog, dramatikar, sanger, redaktør og stemmeskodespelar. Grunnen til at Siri får dette første spotlighten er hennar sterke engasjement for samisk språk, kultur og det samiske folket sine rettar.

Arbeidet hennar fremjar samisk språk, historie og kultur, og er sterkt prega av hennar engasjement for det samiske folket sine rettar. Ho har blant anna skreve samiske barn- og ungdomsromanar, oversatt fleire av Leonard Cohen sine sangar til nordsamisk, skrive ei lærebok om utfolk i nordområda, bøker om samisk skulehistorie, fleire lydbøker på samisk, og “ČSV-republihkka”, eit musikk-teaterstykke som handlar om korleis livet i ein sjølvstendig samisk republikk kunne ha sett ut. Det var også Siri som skreiv den første biografien om den samiske pioneren Elsa Laula Renberg: «Elsa Laula Renberg. Historien om samefolkets store Minerva».

For dette arbeidet har ho vunne Samerådets litteraturpris to gonger, i 2012 og i 2016. Hennar siste bok heiter «Brev til kommisjonen» eller «Reivvet kommišuvdnii» på nordsamisk. Dette er ein debatt- og essaybok som både er personleg og på vegne av samane, der ho hudflettar fornorskingspolitikk og urett ovanfor samar, kvener og norskfinnar i regi av den norske staten.

Om du får moglegheita vil eg anbefale å sjå Siri framføre tekstane sine, då hennar sterke og personlege måte å framføre på hamrar gjer at velskrevne tektsar treff ekstra sterkt. Hennar arbeid er ei påminning om at fornorsking og overgrep mot den samiske befolkninga ikkje tilhører historiebøkene, men framleis pågår, og at mange lev med konsekvensane. Nasjonen Norge og det norske folk treng både forståelse for at den politiske kampen fortsett og meir kunnskap om samisk kultur og perspektiv. Eitt bevis for at dette er nødvendig finn vi i den aktuelle politiske saka om utbygginga av vindkraftanlegg på Fosen. Denne vindkraftparken har samane på Fosen kjempa mot i mange år fordi det vil ta bort ein tredjedel av vinterbeiteområdet deira. Som eit plaster på såret blei Fosen-samane invitert til å komme på åpninga av vindkraftanlegget, underhalde og servere samisk mat. Fordi samar er fargerike naturfolk med ein kultur som kan reduserast til symbol vi kan trekke fram i festtalar.

Du kan finne meir informasjon om Siri Broch Johansen på hennar nettside: siribrochjohansen.no og intervju og diktframføringar på Youtube.

Kjelder: www.litteraturnettnordorge.no, nrk.no

Illustrasjonsbilete: Thom Reijnders / Unsplash

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*