Slå eit slag for det skeive mangfaldet!

Eg får ofte høyra at Noreg er det beste landet i verda for skeive. Eller i alle fall blant dei beste. På mange måtar er det kanskje sant, men vi må passa oss for å gjera det til ei sovepute.

Mange som ikkje sjølve er skeive, og skeive som lever relativt privilegerte liv, har ein tendens til å tenkja at kampen for skeive sine rettar i Noreg er ferdig kjempa. At det ikkje er meir å henta; at vi er komne til vegs ende.

Dette er kanskje riktig når det gjeld somme av oss. Dei av oss som er skeive med kvit hud, med ein funksjonsfrisk kropp, og som aldri har kjent på kjønnsinkongruens. Dei skeive som elles liknar mest på majoriteten, og på den uskrivne norma om korleis eit menneske helst skal sjå ut og te seg.

Men vi skeive er fleire. Vi skeive er melaninrike. Vi skeive lever med funksjonsvariasjonar og nevrodivergens og kronisk fysisk og psykisk sjukdom. Vi skeive har ulike livssyn og kroppsfasongar og snakkar mange språk. Vi skeive har ulike kjønnsidentitetar – binære og ikkje-binære. Mange av oss som er skeive lever med fleire enn éin minoritetsidentitet, ofte også fleire enn to. Og mange av oss opplever samansette former for diskriminering i kvardagen.

Når kampen for eigen aksept går på kostnad av andre, ber det gale av stad

For visse skeive er det viktig å framstå som mest mogeleg respektabel. Eg skjønar impulsen. Eg veit sjølv godt kor hardt det er å bli fortald, gong på gong, at ein er annleis og difor feil. Men når kampen for eigen aksept går på kostnad av andre, ber det gale av stad.

Det finst mange døme på dette i norsk samanheng. Visse transmenn og transkvinner argumenterer for at ikkje-binære bør nektast kjønnsstadfestande behandling, og påstår at det berre er binære transfolk som er «ekte» transfolk. Melaninrike skeive fortel altfor ofte at dei opplever utestenging, uforstand og diskriminering i skeive miljø. Og vi nevrodivergente transpersonar opplever ofte at nevrodivergensen vår blir brukt mot oss, som argument for å nekta oss helsehjelp.

Det offentlege ordskiftet bidreg òg sterkt til å gjera det skeive mangfaldet usynleg. Islam blir til dømes ofte framstilt som ein trongsynt religion utan plass for skeive, og det blir gløymt og oversett at folk med muslimsk tru faktisk òg kan vera skeive. Skeive med samisk bakgrunn har nyleg fått sin eigen organisasjon, Garmeres, men når det blir snakka og skrive om dei nasjonale minoritetane er det sjeldan at skeive blir nemnde med eit einaste ord. Ein skulle knapt tru at det går an å vera både kvensk og bifil. Ein skulle tru at ein måtte vera anten eller. Men sånn er det jo ikkje.

Neste steg i inkluderinga av skeive i Noreg er å sjå, verdsetja og femna om det store mangfaldet som finst blant skeive, og hugsa på at kampen ikkje er over berre fordi dei mest privilegerte av oss har det greitt akkurat no.

Ein siger for deg er ikkje eit tap for meg

Det er òg viktig å hugsa på at ingen kampar er vunne for alltid. Det finst sterke krefter som ønskjer å ta frå oss dei rettane og den respekten vi skeive allereie har opparbeidd oss i det norske samfunnet. Desse kreftene tener på at vi står mot einannan. Splitt og hersk. Dét kjem alle skeive til å tapa på i lengda.

Difor bed eg dykk: Ikkje trekk stigen opp. La han stå, slik at vi alle kan ende opp på ein god og trygg plass. La oss stå saman i solidaritet, på tvers av heile det skeive spekteret. Skeiv kamp er ikkje eit nullsum-spel. Ein siger for deg er ikkje eit tap for meg; vi vil alle det same, nemleg eit samfunn med plass til alle.


Foto: Miriam A. H. Pedersen

Om forfatteren

Miriam Aurora Hammeren Pedersen

Miriam Aurora Hammeren Pedersen

Miriam er stolt transkvinne og utdannet sosialantropolog med doktorgrad fra University of Cape Town, Sør-Afrika. Miriam har gjort etnografiske feltarbeid i Norge, Romania, Fiji og Sør-Afrika, og har også bodd i USA og Kenya.

Visit Website

Comments are closed.