Feministisk påfyll i ein digital kvardag

Dei fleste feministar har kjend på den dårlege samvittigheita over at lista over feministiske bøker vi burde ha lest stadig blir lenger. Samtidig skjer det stadig sosiale, kulturelle og politiske hendingar her i Norge og i verda som treng eit aktuelt, feministisk perspektiv vi ikkje vil finne verken på VG eller i Simone de Beauvoir.

Her kjem nokon tips til podcastar, videoessays, Youtube-kanalar og bloggar for å gi deg feministisk påfyll i kvardagen og eit feministisk perspektiv på aktuelle saker.

Youtube-kanaler

Jordan Theresa Kanalen drivast av ei ung, britisk kvinne som gir sosial og politisk kommentar. Ho tar opp tema som handlar om blant anna femininitet, kvinners framstilling i media, stereotypiar og skjønnheitspress. Dette er ein kanal eg skulle ynskje eg hadde oppdaga når eg var 15. Videoane har titlar som «our obsession with glowing up», «pinterest aesthetics, fatphobia & whitewashing» og “manic pixie dream girls & misogyny”

The Take er full av videoessay som analyserer filmar, seriar og kultur. Dei tar for seg tropes/kategoriar som ‘The strong black woman’ og ‘The evil stepmother’, karakterstudiar, symbol og bodskap i media. Videoane deira tar blant anna for seg kor stereotypien om ‘the gay best friend kjem frå, mansplaining i popkultur, queer coding, cancel culture og kvifor kvinner i filmar alltid får makeovers. Eg kan særleg anbefale “The cool girl trope, explained”.

Khadija Mbowe er ei ‘kul, ung millenial’ som har veldig gode kulturanalysar av varierande tema som eg anbefaler alle kvite feministar å ta ein titt på. Dei har titlar som “Hip-hop’s male gaze, agency, s*xual desire, and s*xual access”, “Stereotyping, Black masculinity, the role of fantasy, & Fetishism” og “East-Asian stereotypes, the china doll, dragon lady, & the Model minority”.

Pop Culture Detective analyserer media gjennom eit kritisk blikk. Feministar vil være særleg interessert i videoen ‘Born sexy yesterday’ som tar for seg ein irriterande kvinnetype vi finn i mange filmar. Her finnast også mange videoar som analyserer maskulinitet og menn, som “Donald Trump: Lovable Sitcom Misogynist”, “The Complicity of Geek Masculinity on the Big Bang Theory” og “Sexual Assault of Men Played for Laughs”.

Tiffanyferg driv med internettanalyse som fokuserer på media og sosiale tema. Ikkje alle videoane har feministiske tema, men interessante videoar er “The war against female body hair” og “Feminism and “Girl Power” in Advertising”.

For Harriet er ein anna kanal som sentrerer melaninrike kvinner og analyserer aktuelle politiske, sosiale og mediasakar frå det perspektivet. Nokon av videoane hennar er “Why do Black women performers HAVE to sell sex?” og “Instagram is BAD for Black women”.

Barnard Center for Research on Women. Denne kanalen er for deg som vil ha litt tyngre og meir intellektuellt content. Her finn du intervju og zoom-samtalar med forskarar og intellektuelle om ulike tema knytt til feminisme og sosial rettferd som kjønn, seksualitet, kvinners rettar og demokrati. Det er Maddam Sigrid Steen Haugen som har tipsa om denne kanalen, og ho kan særleg anbefale deira serie om Transformative Justice.

Karolina Żebrowska. Dette er eit tips for alle som er interessert i mote og historie, og videoane i denne kanalen gir eit interessant blikk på kjønnsroller og kvinnemote frå eit historisk perspektiv. Sjå titlar som “Beauty Standards Are Bullsh*t. [RANT]”, “y’all need to stop with the “manly men” stereotype [RANT]” og “Common Women’s History Myths We Need To Let Go”.

Maddam Miriam Aurora Hammeren Pedersen anbefaler: Jessie Gender, ein kanal som snakkar om nerdekultur med særleg fokus på LGBTQ og transpersonar, kvinner, ikkje- binære og autistiske folk. Kanalen har eit uttalt mål å kunne snakke om harde tema på ein positiv, konstruktiv og lærerik måte.

Contrapoints. Ho beskriv seg sjølv kort: Youtuber. Eks-filosof. Dei fleste videoane hennar er relativt lange og fokuserer på tema som alt-right, incels, JK Rowling og Jordan Peterson.

Kat Blaque er ei melaninrik transkvinne som tar opp tema knytta til kjønn, kjønnsidentitet, kultur og politikk gjennom prisma av si eigen personlege erfaring og historie, noko som gjer videoane hennar særleg aktuelle for kvite (og) cis-kvinner.

Videoessays

5 ways Hollywood ruins women. (feminist rant)

The unrealistic toxic beauty standards is deadly.

The Downfall of Khloe Kardashian & the Kar Jenner Hypocrisy

Let’s make instagram casual again?

How hollywood demonizes ultra-femininity.

What Is Cultural Appropriation? | Feminist Fridays (her kan du også sjekke ut andre Feminist Friday-videoar)

Making money off the male gaze: sexist imagery or female empowerment?

The Dangerous Myth Of The #Girlboss.

Bloggar

Jezebel.com. Beskriv seg sjølv som ein «supposedly» feministisk blogg. Her finner du nyheiter av varierande grad av seriøsitet som handlar om politikk, aktuelle sakar, bøker, historie og ‘sheroes’. Artiklane er ofte ikkje særleg lange, så dette er ein fin blogg å casually følgje med på i pauser eller kjedelege zoom-møter. Har eg høyrt.

Bitchmedia.org. Her finn du lengre, meir grundige essays som også tar for seg aktuelle sakar, bøker, sosiale og politiske fenomen, ofte i eit interseksjonelt perspektiv. Her finn du både lengre artiklar som analyserer tema som familie, valdtektskultur, kvinnehat og rasisme og konkrete tips til seriar, bøker, musikk og filmar. Eg kan anbefale å melde seg på deira nyheitsbrev.

The Ladies Finger (TLF). Eit online magasin som har ein blanding av lange og korte reportasjar, personlege essays, fotoessays, teikneseriar, videoar og kulturkommentarar på tema som politikk, helse, sex, kunst og bøker. Dei skriv ofte i ein stil som er vittig og fresht å lese, og i motsetning til fleire bloggar har dei fleire sakar som ikkje berre handlar om Europa og USA, men ofte India og andre asiatiske land.

The Mary Sue bloggen held eit våkent øye oppe etter kvinneleg representasjon og mangfald i nerdekulturen: spel, filmar, tegneseriar og TV-seriar. Dei beskriv seg sjølv som eit inkluderande feministisk fellesskap med eit bankande hjarte for nerdekultur. Dette er ein blogg der du ikkje vil finne rangeringar av dei ‘hottaste’ kvinnelege Marvel- karakterane eller dårleg skjult mannleg raseri over kvinneleg representasjon i popkultur.

Avisa The Guardian har ein kommentar-side som heiter “The Week in Patriarchy” som gir oss kommentarar (på engelsk) med eit feministisk perspektiv. Maddam Sidsel Fjelltun kan særleg anbefale denne The Guardian artikkelen: A woman’s greatest enemy? A lack of time to herself.

Sangfugl er ein av dei få norske tipsa på denne lista, og er anbefalt av Maddam Miriam Aurora Hammeren Pedersen. Bloggen handlar om seksual- og kjønnspolitikk frå perspektivet til ei transkvinne. 

Podcastar

The History Chicks. Denne podcasten tar for seg kjende (og litt mindre kjende) kvinner opp gjennom historia, alt frå Pocahontas til Wallis Simpson til Harriet Tubman, men også ‘fiksjonelle’ karakterar som Mulan, Wonder Woman og Barbie. Denne podcasten viser kor mykje av det man ‘veit’ om historiske kvinner er basert på sexistiske mytar eller reduserer dei til enkle karakteristikkar (Kone. Offer. Bitch. Slave. Heltinne.) og gir oss eit meir nyansert bilete.

Guilty Feminist. Maddam Sidsel Fjelltun kan anbefale denne podcasten, som ho beskriv som «kvit feminisme done right”- Host Deborah er klar over at ho som kvit kvinne ikkje veit alt og er flink til å trekkje fram ein mangfald av kvinner. Komiker Deborah Frances-White og hennar gjestar diskuterer feministiske tema alle feministar er einige om, men tilstår frykt, usikkerheit og hykleri som ligg bak deira vidløftige ideal.

Stuff mom never told you. I denne podcasten har to kvinner ei vitskapeleg basert diskusjon om eitt tema innan feminisme per episode: alt frå film og TV som Sex and the City og The Mummy, til kvinner i politikk, alt-right miljøet og #Metoo.

Netflix is a daily joke. Denne podcasten har korte klipp frå ulike komikarar. Eg inkluderer den i denne lista fordi korte smakebitar kan være ein god moglegheit for å finne gode kvinnelege komikarar som man ikkje har høyrd om. Eg kan særleg anbefale Whitney Cummings og Katherine Ryan.

Nerdette. Denne podcasten diskuterer aktuelle sakar i ein lett tone, gir inspirasjon, og har mange gode tips til bøker, seriar og filmar.

The Receipts Podcast. Tre kvinner snakkar ærleg om alt frå rase til forhold til mental helse i eit humoristisk samtale-format.

Call Your Girlfriend. To ‘langdistanse’ bestevenner diskuterer ulike sosiale og politiske tema som er relevante for kvinner: Alt frå aktivisme og politikk til burnout og kjendisar. Podcasten minner oss om kor viktig det er å møte gode venner for diskusjonar og sladder.

For the Wild. Maddam Sigrid Steen Haugen anbefaler denne podcasten som er ein miljø-podcast med fokus på beskyttelse av land, biologisk mangfald og interseksjonell historieforteljing. Den har også mange gode feminist-episodar. Sigrid anbefaler særleg episode 222: On the attention economy, 151: On moving past punishment, 139: On the pleasurable surrender of White Supremacy og episode 223: On reclaiming wild safe space.

Sigrid kan også anbefale Black girl mystic. Dette er ein podcast som løftar fram melaninrike kvinner og kvinneleg spirituelle leiararar, healere og moderne mystikarar.

Maddam Rose Fagerheim har følgjande podcast-tips: Secret Feminist Agenda, ein podcast laga av PhD og forelesar Hannah McGregor, der ho snakkar om korleis vi utøver feminisme i dagleglivet, og nokon gonger intervjuar andre feministar.

Witch, Please, der Dr McGregor saman med Dr Marcelle Kosman snakkar om Harry Potter og fankultur med eit feministisk blikk og tar avstand frå JK Rowling. Rose har lært mykje feministisk teori gjennom denne podcasten på ein morsom og ikkje-kjedeleg måte.

My Year in Mensa: Denne podcasten er på 4 episoder der komiker Jamie Lofthus snakkar om hennas år i høg-IQ Mensa society: Frå ho skulle ta testen som ein vits til ho overraskande fekk nok poeng til å bli med, og ho kritiserer den kjønna trakasseringa ho blei utsett for og alle problema knytt til historia og rolla til IQ testar i samfunnet.

Maddam Miriam Aurora Hammeren Pedersen anbefaler den norske podcasten Rå Kvinner (raakvinner) som ligg på itunes og handlar om mental helse, seksualitet og nettopp “rå kvinner”.

Man trenger altså ikkje å bruke kveldane på kjønnsteori for å være ein god feminist. Eg håpar du vil finne inspirasjon til å lese ein feministisk blogg i lunsjpausen istadenfor å scrolle gjennom dagbladet, sjå eit videoessay medan du lagar middag eller høyre på ein podcast på bussen.

Du som lesar står også fritt til å dele denne lista og legge til dine eigne personlege favorittar (og slette nokon tips, om dei skulle ha blitt cancelled utan at eg har fått det med meg). Vi må hjelpe kvarandre med å finne feministisk content i ei verden av slanketips og Jordan Peterson.

Illunstrasjonsbilete: Fausto Sandoval / Unsplash

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

Comments are closed.