På jobb kan eg gå på do åleine

Plutseleg var eg igjen på kontoret – første dag på jobb etter foreldrepermisjon. Ungen byrja i barnehagen same dag, og eg sit framføre datamaskinen igjen. Veka før var eg så uroleg. Eg blir alltid det av overgangar. Eg gruar meg til det som skal koma, samstundes som eg er rastlaus og klar for å koma i gang.

Då eg gjekk ut i denne siste runden med permisjon i slutten av januar, hadde eg ikkje særleg lyst til å ha permisjon igjen. Eg var oppslukt i artikkelprosjekt og utolmodig etter å senda inn søknad om opprykk. Fem veker seinare gjev eg blanke i kva som føregår på jobb. Eg er likegyldig til artiklane og karriereplanen. Eg som alltid har vore så positiv til barnehage, har ikkje det spor lyst til å senda ungen vår på elleve månader dit. Eg vil gjerne halda fram med å gå på tur på dagtid, og elles leika, kosa og pusla litt med husarbeid.

Frå tid til anna er det likevel nokon som gnålar om at forskarar må bruka mest all si vakne tid på forsking for å bli gode nok. Som om me ikkje har eller burde ha andre ting i livet.

Kvardagen i permisjon er så ulik kvardagen som forskar. Heime er det ingen dødlinjer, men likevel går dagen i eitt. Eg ryddar av bordet, men blir avbroten av ungen som prøver å velta ein plante eller klenger seg fast til leggane mine. Eg skiftar bleie og tek meg ein kjapp dusj i same slengen, medan ungen hamrar på dusjveggen. Heile tida er det så mange ulike oppgåver som ventar, og stort sett alle gjeremål blir avbrotne midt i. Merksemda er retta mot ungen sine behov, og kroppane er i fokus: søvn, bæsj, tiss, mat, vask, kos og pupp. Men meir enn det slitsame kjem eg til å hugsa dag etter dag ute på tur med ungen i beresele eller pulk. Dessutan er det fantastisk å vera tett på eit lite menneske som oppdagar verda, og likevel frå løna mi som vanleg.

I det banebrytande filosofiske verket Det annet kjønn (1949), skreiv Simone de Beauvoir om korleis kvinners liv var prega av kroppslege behov og repetitive oppgåver.

På jobb trer kroppen i bakgrunnen. Eg kan gå heilt og fullt inn i skrivemodus, gløyma tida, gløyma kroppen og berre vera til stades i tankane og teksten. Eg har fast skrivetid frå 0800 til 1000, og blir ikkje avbroten. Dagane driv framover av nye tekstar, nye forskingsprosjekt og nye idear. Det er travelt, men samstundes ro i mange av oppgåvene. Ingen klenger på meg, ingen løfter på genseren min for å suga pupp, og eg kan gå på do åleine. Men i tillegg til det som er kjekt, kan det vera stressande, meiningslaust og nedbrytande med fagfellevurderingar og stadig jakt på prosjektpengar.

I det banebrytande filosofiske verket Det annet kjønn (1949), skreiv Simone de Beauvoir om korleis kvinners liv var prega av kroppslege behov og repetitive oppgåver. Menn derimot, kunne «leva i anden», orientera seg mot verda og strekka seg utover seg sjølve. På liknande vis har sosiologen Dorothy E. Smith hevda at akademia er prega av menn sin måte å vera i verda på: Norma er å gå heilt og fullt inn i tenkinga, i jobben, i vitskapen, utan å forhalda seg til spriket mellom kroppslege behov på heimebane og det å vera eit tenkjande menneske på jobb. Desse skildringane av ulike kvardagar og ulike modus er framleis relevante. Men den kjønna dynamikken har endra seg. I Noreg i dag er permisjon og omsorgsarbeid ein del av livsløpet til dei fleste av oss, både menn og kvinner.

Dei av oss som ikkje får barn, har også folk me er glade i og yter omsorg for. Dei folka må me ta vare på, og så må me ta vare på oss sjølv oppi det heile.

Det er krevjande å skifta modus mellom jobb og permisjon, mellom arbeidsdag og ettermiddag, mellom kvardag og helg. Men samstundes er det også ei gåve å få oppleva desse ulike sidene ved livet, og kjenna på både det lystprega og slitsame ved begge delar.

Frå tid til anna er det likevel nokon som gnålar om at forskarar må bruka mest all si vakne tid på forsking for å bli gode nok. Som om me ikkje har eller burde ha andre ting i livet. Då stenger eg av; eg gidd ikkje høyra på sånt. Realiteten er at alle må ha ein jobb. Dei fleste av oss, både menn og kvinner, får barn. Dei av oss som ikkje får barn, har også folk me er glade i og yter omsorg for. Dei folka må me ta vare på, og så må me ta vare på oss sjølv oppi det heile.

Illustrasjonsbilete: Nordlandsforskning

Teksten vart først publisert på Forskerforum.no/Forskerforum april 2021.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*