Tekstane til TIX er framleis eit problem

Dei fleste kjenner TIX som ein provokatør som har skreve catchy russesangar med til tider problematisk (les: forferdeleg) tekst som har vært gjenstand for kritikk i fleire år. No skal Andreas Haukeland, mannen bak karakteren ‘TIX’, representere Norge i MGP. Hans openheit om sin historie med syndromet Tourettes, mobbing og utestenging er modig, særleg fordi det kan bidra til å fjerne stigma rundt menn og mental helse. Etter at han deltok og vann norsk MGP har han stått fram om at han føler seg mobba av dagbladets anmeldar, og fortalt om opplevingar med ekskludering i barndommen. Dette representerer ei viss rehabilitering av Andreas og karakteren TIX mot å bli ein seriøs artist. Samtidig nekta han i utgangspunktet å unnskylde seg for dei trakasserande russesangane han har blitt kjend for. Etter at det storma eit par dagar, la han til slutt ut ein instagram-post der han forklarar at han berre ville passe inn, og beklagar til alle som blei såra over tekstane hans.
Så, skal vi la det ende her?
Hyllest til jenter som shaker rompa
Sidan det har gått litt tid sidan det storma som verst rundt russesangane, kan det være greit med ei påminning til alle om kva TIX faktisk er kjend for. Den mest kjende russelåta hans er utvilsomt ‘Sjeiken 2015’. Dette har TIX sjølv å sei om den kontroversielle låta: «Sjeiken» er ment som en hyllest til jenter, og en beskjed om at de også skal kunne slippe seg løs uten at de skal være bekymret for at de får kritikk for det, ville jeg si. Jenter får ofte mer kritikk enn gutter. Jentene er flotte, og har like mye rett til å ta seg en fest som det gutter har. Det var det jeg ville si – for det var hele poenget med låten. Og det er vel derfor den funka også.» TIX kritiserer folk som berre vil trekke fram dei stygga orda i sangen.
Dette seier han om sangen som inkluderer følgande tekst: «Jeg drikker meg full, til smaken av gull. Spør meg hva jeg vil ha, svarer et knull. Her blir det bråk, baby, her blir det kalas. Sjeiken pimper hoes i et gyllent palass. Du er så het rompa freser som bacon. Få se deg shaké for sjeiken. For i kveld er det lov å være drita. Vil du være med meg hjem hvis jeg skjenker deg på sprita. Og i kveld er det lov å være hore. Vil du være med meg hjem når vi drikkes under bordet.»
Sangen har fleire problem enn berre bruken av ordet ‘hore’. For det er vel liten tvil om at gutane i russebussane som høyrer denne sangen identifiserer seg med sjeiken: Han er fortellerstemma. Han har makta, tittelen, gull i munnen. Han blir spurd, han svarar. Han ser på og beskriv kvinnene rundt han. Han bestem kva dei skal gjere (shake). Han er den som er aktiv (skjenker). Kva oppfattar jentene som hører slikt om si eiga rolle i russebussane? Dei skal være dei som blir sett på. Dei skal oppføre seg slik gutta vil for å få bekreftelse og positiv oppmerksomheit for kroppen sin. Dette er så rota i ‘the male gaze’ og mannleg seksualitet som du får det.
Denne sangen er openbart ikkje ein hyllast til jenter. Dette er ein hyllest til jenter som gutar og menn finn sexy, og som er villig til å spele på gutta sine premiss. Dette er ein hyllast til dei jentene som oppfører seg på ein måte som appellerer til heteroseksuelle menn: Vær sexy. Drikk, dans, kle deg utfordrande, ligg med oss. Vær morsom, leiken, full, pen og kåt, og ikkje ta dine eigne grenser så høgtideleg. TIX har skreve slike tekstar spesifikt til gutar på vidaregåande, som i tillegg blir høyrt av tenåringar og ungdom landet rundt.
Problemet med karakteren ‘TIX’ si offerrolle
Andreas fortel historia om seg sjølvsom ein outsider som har slitt med å få aksept. Då han var aktuell med P3 gull skreiv P3 ein artikkel som beskriv han slik: «Hele livet har den P3 Gull-aktuelle artisten slitt med det han beskriver som ekskludering: både av andre barn under oppveksten, og i voksen alder som en kontroversiell musiker – gjerne stemplet av sine kritikere som alt annet enn stueren.» I denne teksten blir det understreka at han var sjenert, og ikkje var populær med jentene på skulen. Upopulariteten blir bakgrunnen for at han utagerer, og at han laga ein sjølvsikker karakter: slik blei TIX føydd.
Det er sjølvsagt noko imponerande ved denne historia, då alle liker ein god Underdog historie. Vi liker når folk som ikkje var populære på ungdomsskulen kjem sterkt tilbake i vaksen alder og hevdar seg på arenaer som betyr meir enn kven som blir invitert på fest når dei er 17. Det er særleg tøft at Andreas tok det som gjorde han annleis: hans tics, og transformerte det til eitt av Norges mest kjende musikknamn. Det er sjølvsagt uakseptabelt å mobbe nokon for bakgrunn eller diagnosar, og han forten å bli behandla med respekt.
Problemet ligg i narrativet Andreas får spinne rundt karrieren sin og bakgrunnen for karakteren ‘TIX’. Handlingar samsvarar nemleg ikkje med orda. Først og fremst at han seier sjølv at han misliker gruppepress. Samtidig lagar han russesangar der han direkte bidrar til ein ukultur med objektifisering av kvinner og latterleggjering av tvilsamme grensesituasjonar, for la meg minne alle på: Å skjenke nokon full med det føremålet at dei skal få lyst til å ha deg med heim, er ein form for overgrep. Og når er grensene meir flytande enn i russetida? Dessutan er denne musikken bestilt og laga for ein gruppe som allereie har høg status og mykje makt: Ein gutegjeng med fleire tusen å kaste bort på russetida. Ved å velje å skrive slik tekst til denne gruppa, har TIX bidratt til å legitimere slike haldningar, ikkje berre blant denne sosialt sterke gruppa, men også i ungdomskulturen generelt. Alle veit at russesangar blir høyrd av folk ned i ungdomsskulealder, fordi det russen høyrer på, har status. Kvifor skal TIX, som sjølv har fortalt at han følte seg ekskludert i russetida og på skulen, skrive sangar som bidrar til det verste med russekulturen?
I unnskyldninga Andreas kom med, skriv han at nok tid har gått no til at han endeleg kan reflektere over feila han har gjort. Han forklarar at han fekk ‘skylappar’ og såg ikkje alle i fokuset på å lage russemusikk som hylla grenselausheit, fest og fellesskap. Han vil sei unnskyld til alle som blei såra av tekstane hans. Samtidig har russelåtane vært ein del av fortida hans, og han unnskylder seg med at han var ein ung musiker som ville bli høyrd. Denne beklaginga kom etter at blant anna Alexandra Marie Backström krevja ein unnskyldning for måten han har omtala kvinner på. Eg er einig, men eg meiner samtidig at dette ikkje bør være slutten på debatten.
Det verkar som om Andreas er meir opptatt av kvifor han laga denne musikken, og kva konsekvensar det har fått for han, enn kva det har betydd for fleire generasjonar med russ. TIX som ein artist har komt seg opp og fram på bekostning av av tenåringsjenter som han har seksualisert og objektifisert. Det er vel desse jentene, saman med feministane og andre som har kritisert han, som han unnskylder seg til. Det er ein klassisk taktikk å unnskylde seg til dei han har såra. Implisitt: Om du ikkje reagerte på teksten, kan du sjå bort ifrå denne meldinga. Men det er nettopp dei som ikkje reagerte som vi burde ta tak i. Fleire av denne russen har gått frå ei grenselaus russetid inn i ei grenselaus fadderveke på universitet. Er det akseptabelt at studentar syng slike sangar? Nei? Korleis skal dei vite det- det var jo ok for 5 måneder sidan?
Kva ‘folk’ har TIX eigentleg laga musikk for?
«Hvis jeg skulle vært Andreas den gangen jeg fikk mitt første møte med musikkbransjen, hadde jeg nok laget musikk som bransjen ville at jeg skulle lage. Da hadde jeg aldri kommet dit jeg er nå, for Tix lagde musikk til folket isteden.» Fortel Andreas i P3 intervjuet. I teksten blir TIX presentert som ein underdog som har hatt musikkbransjen mot seg, og folket med seg, der tekstane hans blir beskrive som ‘kontroversielle’.
Men problemet er ikkje at TIX har laga tullete partymusikk som folk elsker (sjølv om det nok er ein del av grunnen). Det han har fått kritikk for, er ikkje at sangane er tåpelege, innhaldslause eller dumme. Musikkbransjen vil ikkje at alle skal lage opera, det finnast nok av folkekjære sangar med dumme tekstar. Eg har blant anna minne av å synge strofa: «det kryr av jenter der i gjennomsiktige bluser» i musikklassen på ungdomsskulen. Tekstane til “Sjeiken 2015” er ikkje ein smakssak, men eit spørsmål om haldningar. Ikkje berre om musikk, men kva vi som samfunn aksepterer i populærkulturen vår. Alle som lagar underhaldning som tar lett på ein u-kultur rundt kjønn og seksualitet får, eller burde få, rettmessig kritikk. TIX sine russesangar kunne handla om tusen andre ting enn akkurat det å være ‘hore’.
Det er ikkje uproblematisk å implisiere at musikkbransjen har avvist TIX på grunn av snobberi, og at han berre skriv tekstar som reflekterer det folk tenkar innerst inne og helst vil ha. Som om det ‘folket’ helst vil, er å kalle jenter for horer og skjenke dei på sprit. Det at TIX skreiv tekstane han gjorde var eit val, og ikkje eit nøytralt eitt. Det han har fått kritikk for er ikkje berre å lage ‘rølpemusikk’, men å lage tekstar som sprer dårlege haldningar mot kvinner, i musikk som er laga for unge menneske i ein fase av livet der haldningar om at kvinner er ‘horer’ og ‘lause’ i verste fall kan føre til ein kultur med aksept for seksuelle overgrep. Viss TIX skal bli ein slags frontfigur for folk som følar seg mobba og ekskludert, må han ta eit oppgjer med kvifor han skreiv akkurat denne typen tekstar, og forklare for fansen at slike haldningar ikkje er greit.
Å kunne avfeie denne delen av karrieren hans som ein personleg læringsprosess visar Andreas sitt mannlege privilegium. “Sangar for alle”- som tøysar med å skjenke jenter, passar ikkje heilt inn i ein kultur der jenter blir slut-shama på ein dagleg basis og fortalt å ha på seg sykkelbukser for å ikkje bli voldtatt på russetreff. Russesangane til TIX er berre inkluderande over gutar som vil føle seg som ein gjeng, og det er ein barnsleg kultur ingen jenter skal godta. Du er ikkje ein hore om du har sex, og det betyr ingenting om gutta kallar deg for kjedeleg fordi du ikkje vil danse og shotte. Wannabe-sjeikar sine tankar om kroppen din skal du berre drite i. Menn som faktisk er gode i senga og veit om eksistensen om erogene soner og alle g-punkta, treng sjeldan å fortelle heile verda om alle hoes dei pimpar.
Sangane er framleis eit problem
Tix må gjerne utvikle seg mot å bli ein seriøs artist, og eg understrekar igjen at ingen skal bli mobba eller hetsa. Men han kan ikkje lage musikk med provoserande tekstar i fleire år, for så i neste omgang å krevje å bli tatt seriøst som artist utan ein oppvask av fortida hans. Om du vil lage tulletekster får finne deg i å bli sett på som ein tulleartist. Vi kan ikkje gjere han om til ein talsperson for alle som er mobba og ekskludert, og omskrive narrativet slik at han alltid berre var misforstått og utestengd av ein snobbete bransje, viss dette samtidig inneber at vi kollektiv gløymer kvifor han fekk all kritikken. Russesangane var kanskje ein fase i karrieren til TIX, men det betyr ikkje at vi alle skal feie dei under teppet. Sjeiken 2015 er ikkje meir enn 6 år gammal, og Andreas får framleis pengar kvar gong russesangane hans blir spelt på Spotify. Kvinnehat, uansett kor catchy det høyrast ut, er aldri akseptabelt.
Kjelder: P3.no, dagbladet.no
Illustrasjonsbilete: Mohammad Metri / Unsplash
Comments are closed.