Først og fremst ein «kvinneleg» arkeolog

(Teksten inneheld spoilers for filmen ‘The Dig’ (2021)

Var arkeologen ein kvinne? Blås i talentet, gi ho ein lovestory! Dette er tydelegvis tankegongen filmskaparane har hatt under filminga av ‘The Dig’, som kom ut på Netflix januar 2021. Filmen er basert på sanne hendingar: I 1939 blir ein arkeolog tilkalla av ei enke som bur på eigendommen Sutton Hoo i Suffolk, England, fordi ho trur det kan være gamle gravhaugar på eigendommen hennar. Den følgjande utgravinga av haugane blir stadig større etter som fleire fattar interesse for prosjektet. Det visar seg at Sutton Hoo er eit gullfunn som blant anna inneheld eit gravlagt skip fullt av anglo-saksiske skattar. Dette er omtala som ein av dei viktigaste funna i britisk arkeologisk historie. I filmen dukkar det opp fleire britiske arkeologar frå verkelegheita, inkludert ein kvinne. Uheldigvis betyr ein kvinneleg arkeolog at filmen etter kvart endrar fokus til romantisk drama. Fordi det er det publikum vil sjå: Når arkeologen er kvinne, kan ho ikkje berre utføre arbeidet sitt slik som dei mannlege arkeologane gjer. Ho må forelske seg.

Verkelegheitas Margaret Guido

Kvinna i filmen er Margaret Guido, kjend tidleg i livet som Peggy Piggott. Ho levde frå 1912-1994, og var tidleg interessert i fortida som born. Ho studerte på Institutt for Arkeologi i London, der ho møtte og seinare gifta seg med ein medstudent, noko som gav ho namnet Piggott. Dette betyr ikkje at ho var avhengig av mannen sin; ho gjennomførte mykje sjølvstendig feltarbeid og forsking også tidleg i karrieren hennar, og ho deltok i utgravingar gjennom fleire tiår, inkludert under andre verdskrig. Ein periode frå midten av 1950 til seint 70 talet, etter å ha skilt seg frå mannen sin, tok ho ein pause frå arbeidet sitt i Storbritannia, flytta til Italia og jobba der medan ho publiserte fleire bøker.

I tillegg til omfattande erfaring frå feltarbeid hadde Guido også stor akademisk tyngde. Ho blei blant anna blei valt in som ein Fellow of Society of Antiquaries of London, og hadde ho valt ein akademisk retning, kunne ho lett ha fått tittelen professor med sin grundige kjennskap til utgravingar, over 50 publikasjonar og eit godt rykte som lærar. Hennar bidrag til faget før-historisk arkeologi er enormt, og hennar tekstar om tidleg jernalder bidrog stort med kunnskap til eit felt som var underutforska på det tidspunktet.

Då ho deltok i utgravinga av Sutton Hoo i 1939, hadde Guido (då Piggott) allereie mykje erfaring med utgravingar og publikasjonar om tidleg jernalder. Under utgravinga var Guido den første som fant eit teikn på skatten som låg i grava: ein liten gullpyramide. Ho var veldig involvert i denne høgprofilerte utgravinga, og bidrog med sin erfaring og kunnskap om tidsepoken. I dag blir Guido sett på som ein eksemplarisk arkeolog og ein pioner innanfor faget.

Filmens Peggy Piggott

I filmen dukkar Margaret Guido opp som 27 år gamle Peggy Piggott, som kjem saman med sin mann til utgravinga omtrent halvvegs ut i filmen. Peggy har kort brunt hår, briller, og blir framstilt som litt keitete og usikker. Når ho og mannen kjem til utgravingsstaden hoppar mannen hennar rett ned i utgravinga, helsar på dei andre menna og gir seg i kast med arbeidet. Det første Peggy gjer er å takke den eldre mannlege museumstilsette for at ho har fått lov til å komme. Ho takkar han spesifikt for at han er «så god» som å lese oppgåva hennar om arkeologi i Bosnia, og lovar at ho skal betale tilbake hans tru på ho. Med vridde hender og skjelvande stemme innrømmer ho at ho ikkje har gjort mykje feltarbeid enno, og at dei ikkje må ha for stor tru på hennar erfaringar. Ho får til svar at ho er invitert mest fordi ho er liten og nett, og skipet dei skal grave ut er skjørt. Det blir spøkt om størrelsen hennar medan alle menna ler, og ho prøver å le med.

I scenene som omhandlar sjølve utgravinga, er Peggy tydeleg nervøs, og søkar stadig støtte og bekreftelse frå mannen sin under arbeidet. Filmen viser at det er Peggy som fører til oppdagelsen av kammeret inne i skipet der skattane låg, men i filmen er dette fordi ho er klønete og tråkkar gjennom søla, og fokuset blir fort at menna må trøyste ho medan ho unnskylder seg for å være klumsete. Når ho finn den vesle gullpyramiden, måpar ho som om ho ikkje veit kva den er, og gir den fort vidare til mannen sin slik at han kan verifisere den og vise den fram.

I tillegg til å være presentert som frustrerande underdadig menna rundt seg og underspele hennar fagkompetanse og erfaring, har filmen også valt å la Peggy sin historie bli dominert av hennar relasjon til menna rundt seg. Peggy skottar fleire gonger tankefullt bort på mannen sin når han snakkar og tullar med ein mannleg kollega av dei (filmen hintar til at dei to menna har eit forhold), og ho er usikker over kvifor han ikkje gir ho intimitet. Peggy er også i aukande grad tiltrekt av Rory, ein ung mann som fotograferer utgravinga, og deira begynnande forhold og slutten på ekteskapet hennar dominerer hennar historie. Rory skal snart melde seg til RAF (Royal air force) og kjempe mot Tyskland, og i filmens emosjonelle klimaks har dei ei dramatisk kjærleiksscene like før han skal dra.

Unik arkeologihistorie blir konvensjonell lovestory

Opptakten til andre verdskrig gjennomsyrar filmen, med fly som dramatisk flyr over landskapet, soldatar som skal ut i kamp og menn i uniform som legg sandbaggar rundt nasjonalmonument. Rory skal også om kort tid tenestegjere i RAF, og filmen understrekar kor farleg denne rolla er. Sidan filmen er satt til 1939, gir det meining at krigen er ein bakgrunn for filmen. Tematisk fungerer det også fint med filmens spørsmål rundt kva vi etterlet oss når vi er borte (enka som eiger eigendommen Sutton Hoo er døande). Det å kontrastere begynnande krig og død med kjærleik mellom unge menneske og gjennom det indirekte moglegheita for kommande generasjonar, er eit velkjend verkemiddel. Problemet er måten filmen vel å gjere dette på.

På ein side lovar filmen å vise ein lite kjend historie om arkeologi, og kanskje blande mellom-menneskeleg drama med filosofiske spørsmål vi gjerne stiller oss i møte med gravar og gjenstandar frå fortida. Det er derfor litt overraskande at andre halvdel av filmen sklir over i meir konvensjonelle historier. Forholdet mellom Peggy og Rory er fiksjon, sjølv om skilsmissa hennar frå Piggott ikkje er det. Rory er til og med ein oppdikta karakter. Det er problematisk både at filmen vel å introdusere ein slik fiksjonell historie i presentasjonen av ein kvinneleg arkeolog, og at dei vel å gjere det på ein såpass u-orginal måte: Ein konvensjonelt kjekk ung, kvit britisk ung mann med ein passe interessant personlegheit skal snart ut og kjempe i andre verdskrig. Han er redd, men må gjere si plikt for fedrelandet. Like før han skal dra utviklar han eit forhold til ei pen, ung, kvit kvinne. Ho er i tillegg gift, noko som introduserer drama og indre konfliktar. Likevel klarar dei ikkje å motstå tiltrekkinga mellom seg, og dei deler ei lidenskapeleg natt saman før han skal ut i krigen og kanskje aldri komme tilbake.

Slike heteronormative romansar mellom unge attraktive kvite personar har vi sett før. På ein eller anna måte klarar dei alltid å snike seg inn i og dominere filmar som omhandlar alt frå Pompeii til Titanic, fiksjonelle eventyrland/univers og no: mellom verkelege personar. Vi har sett denne historia så mange gonger før at det er særleg unødvendig å presse den inn der den ikkje eksisterer, særleg kombinert med at historier frå andre verdskrig også er fortalt frå så mange vinklingar i hundrevis av filmar. Som nemnd er eit viktig plot i filmen er at enka som eiger Sutton Hoo er døande, og hennar unge son begynner å innsjå dette. Denne delen av historia presenterer moglegheita for å verkeleg utforske tema rundt vårt forhold til fortida, kva som eigentleg er forskjellen på notid og fortid, og kva vi etterlat oss når kroppen vår visnar og døyr. Men filmskaparane har tydelegvis ikkje stolt på at dette kan stå aleine, eller dei vil kanskje ikkje jobbe så hardt. Derfor har dei for sikkerheits skuld gitt god plass til ei meir konvensjonell kjærleikshistorie. Det er neppe tilfeldig at det får lov til å gjennomsyre karakteriseringa særleg av den einaste kvinnelege arkeologen i filmen.

Ikkje ‘sterk kvinneleg karakter’?

Alle feministar veit at Hollywood har eit problem med behandling av kvinnelege karakterar. Det følast ekstra hyklersk når dei i årevis har prøvd å reformere imaget sitt, med ‘girlpower’ og sterke kvinnelege karakterar som er fryktlause, modige, men samtidig sexy, tynne og smellvakre, som reddar verda i høge hælar og utan hår under armane. Kanskje ein dyktig, smart og hardtarbeidande kvinne ikkje passa heilt inn i denne modellen? Vi kunne forventa at Margaret blir spelt av ein nydeleg skodespelar og at ho hadde mistenkeleg nyføna hår og hårlause bein på ein utgraving på den engelske landsbygda i 1939. Men ho forten mykje betre enn å bli framstilt som ein usikker, sjenert, klossete kvinne som stadig er fokusert på menna i sitt liv, når vi veit at ho drog på sjølvstendige utgravingar og publiserte uavhengig av mannen sin.  

Ifølgje kjeldene var ho veldig aktivt deltakande i utgravinga på Sutton Hoo. Om det er rom for overdriving, kunne man heller ha framstilt ho som meir modig, flink og kunnskapsrik, for å vise kva for eit potensial ho allereie hadde som 27åring. Å delta på ei slik utgraving må ha vert fantastisk, berusande, slitsamt, givande, frustrerande. Dette er alle følelsar dei mannlege karakterane får lov til å uttrykke i møtet med arbeidet og i relasjonane til kvarandre, med ulike personlegheiter og maktforhold. At den einaste kvinnelege karakteren blir framstilt som usjølvstendig og unnskyldande, er frustrerande nok i seg sjølv, særleg når sjølv eit heilt overflatisk google-søk viser det motsette. Det er dessutan fornærmande å insinuere at kvinner alltid vil være mest interessert i det nære: hennar relasjon til mannen sin eller tiltrekking til nokon andre, som om vi aldri er i stand til å løfte blikket mot historia, sjølv når vi bokstaveleg talt tråkkar rundt i den.

Om filmskaparane ville lage menneskeleg drama, kunne dei for eksempel ha spelt opp sexismen Margaret garantert opplevde frå tid til annan som ung kvinne i ein mannsdominert bransje, der ho sikkert ikkje alltid blei tatt seriøst. I den første scenen ho er med i blir det hinta til at den mannlege museumstilsette slett ikkje har lest tekstene ho har skreve. Samtidig blir nedlatande haldningar mot ho nesten rettferdiggjort gjennom hennar klønete handlingar. Usikkerheita hennar blir eit naturleg resultat av at ho rett og slett ikkje er så veldig dyktig, heller enn noko som kjem av at ho blir undervurdert som ung kvinne. Ein anna potensiell historie filmen kunne ha fulgt er å ta utgangspunkt i at mannen hennar er homofil og har eit forhold til ein anna mann. Kvifor ikkje vise forholdet mellom dei, for å vise datidas haldningar til homofili? Eit forhold mellom to menn skapar også meir spenning automatisk gjennom at fleire seksuelle handlingar mellom menn faktisk var ulovleg ifølgje britisk lov på dette tidspunktet. Det er ei side av europeisk historie markert av personlege tragediar, sjølvmord og fornekting som godt kan få meir oppmerksomheit, særleg fordi homofobi framleis eksisterer i skremmande grad.

Dette er kanskje meir modige val som store studio ikkje tørr å satse pengar på. Behandlinga av Margaret Guido i ‘The Dig’ er eit eksempel på ei kvinne som levde eit spennande liv sikkert verdig ein spelefilm i seg sjølv, blir nedvurdert og ikkje får lov til å eksistere for seg sjølv uavhengig av hennar relasjon til menn. Filmen kunne gitt oss eit glimt av ein rollemodell for kvinnelege arkeologar, historikarar og akademikarar som også i dag slit med å bli anerkjend i forhold til sine mannlege kollegar, og samtidig satt søkelyset på ein kvinne ikkje mange utanfor arkeologifaget har høyrd om. Det blir i filmen gjort eit poeng ut av at den første arkeologen på utgravingsstaden, Basil Brown, har blitt sletta ut av historia. Filmen kritiserer tydeleg dette, samtidig som dei glatt driv historieforfalsking om hans kvinnelege kollega til fordel for drama. Margaret Guido var ei kvinne som tråkka opp stiar, arbeidde hardt, utmerka seg i sitt fag og var respektert både som feltarbeidar, forfattar og lærar. Det som burde stått i fokus er hennar erfaring, merittar og bidrag til arkeologiens historie, ikkje ein fiksjonell romanse vi har sett hundre gonger før. Ho forten betre enn å bli redusert til den klønete men sjarmerande kjærasten til ein fiksjonell mannleg soldat.

Kjelder:

Trowelblazers.com
Straightnewsonline.com
Wikipedia.org
P3/filmpolitiet

Illustrasjonsbilete: Adam Nieścioruk / Unsplash

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*