Mine juleynskjer under treet

Kjære Erna
Eg ynskjer meg fleire gåver til jul. Eg skal ikkje leggje skjul på at eg er bekymra både for bygdene langs fjorden min. Dei mjuke hendene, som har slitt ut arbeidshendene og gjort sitt for vår eksistens. Dei får dårlegare kår. Er det slik at ein må ta det ein får? Der eg bur er naturen på sitt vakraste, men kvinnene forsvinn, det er få barneskrik. Dei unge gutane reiser og, høgare utdanning er ikkje å få. Opplevingane er mange og minna fra bygdene gjer oss rik. Men ikkje i pengar i kommunekassa. Gje oss ein slant, no er me snart berre ein fattig fant. Her har me klort oss fast i alle år. Men me treng ein endring i inntektsmodellen og fleire statlege arbeidsplassar, men lat oss og få behalda den skarven me har.
Men det er ikkje berre det. Kan du opna hjartedøra? Berre litt? Du veit han i Asker, som er så god i nynorsk. Kan du ikkje sjå, han er norsk? Me treng han her, la han få sitt norske pass, og sin eigen rolege plass.
Men eg er ikkje ferdig, i dag er eg ganske freidig og litt sprekkeferdig av uro og hjartesukk. Det er mange barnehender som frys, medan me badar i antibac, har dei ein kropp som badar i fortviling og gjørme kjem inn i dei tynne telta. Medan me trekk på ullsokkar og ulltrøya, er kroppane kalde av vonde draumar og kulde. Hjelp Moria, Erna! Hjelp dei no! Relgion, kva er det? Folk er folk. Tryggleik og varme treng alle, lik oss her på berget. Me har plass. Ja til å fylle bygdene med gledeshyl og barnelatter og me kan visa dei våre skatter.
Eg treng ikkje ting, dei berre forsvinn. Borna mine er trygg, det er meir enn nok. Kan du fikse, Erna?
Bilete: Frå stova vår, no før jul i eit herleg kaos, men med eit håp om julefred til slutt. Bilete er privat.
Comments are closed.