Nominert til stortingsvalet av nominasjonsnemda for Vestland SV

Ei jente frå landet med hjul under rompa som står på 8 plass på SV Vestland si stortingsliste
Her er innlegget i si heilheit, det vart litt kutta i BA. BA publiserte dette fyrst, denne veka.

For ei lita stund sidan fekk eg veldig gode nyhende. Eg fekk vite at eg var nominert av Vestland SV sin nominasjonskomite til å stå på 8. plass på SV si stortingsliste for Vestland. Det var surrealistisk då smsen tikka inn på mobilen.

Du lurer kanskje på kvifor det var så stort å få ein åttande plass? Det er jo minimal sjanse for at eg kjem inn på Stortinget. Eg er ei dame på 36 år, eg er mamma til to jenter. Eg har jobba med journalistikk og kommunikasjon. Eg har ei bachelorgrad i media og kommunikasjon. Så langt kan eg vera ei kvinne som deg. Og eg vil gjerne berre vera ei kvinne som deg.


Eg bur i Kinsarvik og er oppvaksen på garden Svartveit i nærleiken av Utne mellom bratte fjell og fjord. Eg har aka i akebakkar og ete “Ollo”og farmor sine vafler. Mamma og pappa er utdanna gartnerar og har gard. Me har hatt kyr, sauer, stutar, hest og hund. Me har moreller og bær. Eg har delteke i drivhuset vårt med å pakka agurker og tatt jord i potter til julestjerner frå eg var sikkert sju. Eg elska å kjenne molden på fingrane. Så langt kan eg vera kva gardsjente som helst. I dag jobbar både mor og far skift. Mamma som sjukepleiar og pappa køyrer buss. Eg er frå ein typisk bonde – og arbeiderklassefamilie i Hardanger. Her er det mange av oss som jobbar skift.

Men eg sit i rullestol og har cerebral parese. Mitt idol då eg vaks opp var Oddny Miljeteig og Sarah Jessica Parker i Sex og singelliv. Eg såg på paneldebattar på tv på hybelen i Odda då eg gjekk på vidaregåande. (Når eg ikkje såg på sex og singeliv. Eg hadde heftige debattar med vener og store draumar. Men om nokon hadde sagt at eg skulle stå på stortingslista omlag 20 år seinare hadde eg ledd så eg nesten datt ut av stolen.

Eg trur fleire enn meg opplever alt frå fulle menn til verre ting, slik som hatefulle ord, og held det inni seg.



Eg såg få hindringar den gongen. Eg trudde at ein kunne nå så langt ein ville trass, i ein rullestol. No då eg ser attende på dei åra trur eg at eg hadde tatt ein del kampar. Alt frå å kasta fulle menn som ville overnatte, til å føle seg sliten av å ha for lite hjelp i kvardagen. Men flokken min frå ungdomsår og studietid gløymer eg aldri. Eg trur alle menneskjer treng sin flokk. Eg trur mange med nedsett funksjonsevne kjenner på sakn og einsemd og utanforskap. Eg trur fleire enn meg opplever alt frå fulle menn til verre ting, slik som hatefulle ord, og held det inni seg.


Eg kom meg gjennom skule og høgskule. ( I dag i 2020 er det ikkje gitt at jente 16 med funksjonsvariasjon kjem så mykje lenger enn grunnskule, det er mange gutar og jenter som aldri tar høgare utdanning) Mange får uføretrygd som 18-årsgåve. No tusen kampar seinare, kommentarar som du må ikkje tru at du er noko” eller kan du og få barn? Eller dårleg sikt på konsert fordi eg må stå bestemte stader. Likestillinga for meg er langt i frå nådd. Men ved å gje meg den tilliten det er å kome på ei slik liste, visar SV veg. Dei seier at personar med nedsett funksjonsevne er folk og dei skal kunne delta i samfunnet slik som andre. Denne lista er eit signal om at verda går i rett retning. Kampasaka mi er at alle skal ha like stor verd. Alle som vil vera deltakande i samfunnet må få lov til det på tvers av kjønn, kvar du kjem frå, funksjonsevne og den du er. Og me må snakka meir om korleis det er å leva i dag om du ikkje har eit A-4-liv, men kven har det i Noreg i dag?Ullensvang kommune har særs dårleg kommuneøkonomi. For meg er det viktig med lys i alle hus i kvar ein dal og fjord. Ein må endra inntektssystemet til bygde-Noreg slik at det går an å leva her. Innbyggarne må føla ein nærleik til tenestene sine og kunne ha eit høveleg liv. For oss er litt breiare veg og gul midtstripe noko me drøymer om. Ikkje noko fire feltsveg. By og land hand i hand – ikkje mann mot mann.

Bilete er privat.


Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.