Fem feministiske gladnyheter

Det er fredag, og tid for ein liten pustepause for alle feminister. Her kjem ei påminning om at ikkje alt er beksvart, og at det skjer positive ting på kvinnefronten verda over.

Sudan kriminaliserer kjønnslemlestelse

Sudan har kriminalisert gjennomføring av kjønnslemlestelse, med ei strafferamme på opptil 3 år og ei bot. Dette er eit viktig steg i riktig retning i eit land der rundt 87% av alle jenter og kvinner mellom 14 og 49 har gjennomgått denne operasjonen i ein eller anna form. I November i fjor fjerna også Sudan ein lov som kontrollerte kvinners kleskode og klesdrakt i offentlegheit, som blant anna nekta dei å gå med bukser. Det er sudanske kvinner som får mykje av æra for dei positive forandringane i landet, noko som er illustrert av at den 22 år gamle kvinnelege studenten Alaa Salah har blitt eit protest-ikon etter å ha ropt slagord under ein protest mot tidlegare president Bashir.

Kvinner verda over får færre born

Den store befolkningsveksten i verda er bremsa ned og er blitt avgrensa til berre 9 land, noko som gjer det til eit regionalt heller enn globalt problem. Dette heng saman med auka tilgjengelegheit av prevensjon og familieplanlegging. Viss vi held på denne utviklinga og klarar å utnytte ressursane vi har på ein god måte, vil verda klare å brødfø alle. Dette betyr også at det er fleire unge menneske i utviklingsland, noko som saman med lågare befolkningsvekst fører til økonomisk utvikling og reduksjon av fattigdom. Levealderen går også opp i fleire land, mykje på grunn av framgang i kampen mot AIDS og lågare barnedødelegheit i Asia, Sør-Amerika og Afrika.

Sierra Leone fjernar lov som hindra gravide i å gå på skule

I eit land som har mange tenåringsgraviditetar, særleg under Ebola-utbrotet, blei det i 2015 innført ein lov som forbaud gravide å gå på skule. Menneskerettsdomstolen i Vest-Afrika har bestemt at dette er eit brot på barns rettigheitar, og fjerna lova. Sjølv om det framleis er negative krefter å bekjempe, som sosial stigmatisering, er eit stort hinder for jenters skulegang no fjerna. Dette sender også eit viktig signal i regionen om viktigheita av skulegang.

New Zealand gjer abort lovleg

Tidlegare i år dekriminaliserte New Zealand abort, etter fleire tiår med arbeid frå aktivistar. Under den gamle lova var abort berre tillatt om prosessen blei godkjend av to leger, i tilfelle av incest, der det var fare for mors liv og helse eller fosteret var alvorleg sjukt. Seksuelt overfall eller alder kunne takast inn i vurderinga, men var ikkje sjølv grunnlag for abort. No kan endeleg kvinner i New Zealand få gjennomført abort opp til 20 veker inn i svangerskapet, og har også betre rett på hjelp og rådgjeving.

  1. Over 40 land har tatt steg for å betre kvinners rettar!

Dei siste to åra har over 40 land gjennomført meir enn 60 reformar som skal betre kvinners og jenters liv. Dette inkluderer gode tiltak som:  

-Zambia, Pakistan, Sri Lanka og Filippinene, Gaza og Vestbanken, Fiji og Kongo har alle styrka eller utvida mammapermisjon.  

-Armenia, Burkina Faso, Marokko, Liberia, Djibouti, Eswatini, Tunisia og Dei sameinte arabiske emirata har innført lovar som styrkar rettsforsvaret til kvinner som opplev vald i heimen.

-Moldova, Dei sameinte arabiske emirata og Niger har fjerna restriksjonar på kvinners deltaking i visse industriar som dei før var formelt utestengt frå, som bygg, energi og anlegg.

Sjølv om det kan ta tid før formelle rettar førar til kulturell og sosial forandring, er politisk vilje til slike lovar eit godt teikn, og kan styrke kvinners rettslege vern i diskrimineringssakar.

Verda er full av fantastiske kvinner som er beredt og villig til å kjempe for å drive verda framover. Slike gode nyheter viser at det nyttar!

Kjelde: bbc.com, theguardian.com, verdensbestenyheter.no, un.org.

Illustrasjonsbilete: Edu Lauton / Unsplash

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*