10 scenario der ei kvinne varslar, og grunnar til å mistru ho

Finnast det eigentleg eit scenario der ei kvinne eller jente varslar, der folk ikkje finn ein grunn til å tvile på ho?

No som stormen rundt Giske har blåst over, er det på sin plass å oppsummere kva vi har lært om varsling og seksuell trakassering, og særleg er det interessant å sjå på debatten som har foregått i media. Denne saka har vært ein av mange der folk i samtale, kronikkar, intervju (og sjølvsagt kommentarfelt) har funne grunnar til å mistru kvinnene og jentene som varsla.

I lys av dette, har eg prøvd å finne svaret på spørsmålet: Når er det eigentleg akseptabelt for folk at ei kvinne varslar? Her er 10 scenario der ei kvinne varslar, kryss av for det som vil bli brukt mot ho:

Varslar ho…

Med ein gong det skjer?
Nei, då er ho upartisk og hysterisk, og det skjedde berre ein gong uansett.

Fleire månader eller år etter at det har skjedd?
Kvifor kom ho ikkje fram med det før? Mistenkeleg.

Åleine?
Eingongstilfelle, ikkje verdt å dra ein bra mann gjennom søla for.

Saman med fleire?
Ho er ute etter oppmerksomheit / dette er ein j**** heksejakt / eller del av ein konspirasjon!

Når han er i ein maktposisjon?
Vi trur sjølvsagt ikkje på ho, dette er jo berre intern maktkamp.

Etter at han ikkje lenger har stillinga?
Kvifor plagar ho ein privatperson med dette no? Det betyr jo ingenting lenger!

Etter at han er død?
Kvifor sa ho ingenting om det når han levde? No kan han jo ikkje forsvare seg. Svært mistenkeleg.

Når ho er mykje yngre enn han?
Kan vi eigentleg stole på ein full 19åring? Kva får ho ut av å stå fram med dette- oppmerksomheit eller sympati kanskje? Og kva vaksne kvinner står eigentleg bak dette?  

Når ho er ei vaksen kvinne?
I hennar alder burde ho være takknemleg for oppmerksomheita, haha! / Dette handlar om personkonflikt / Høyrast ut som noko ei vaksen kvinne faktisk burde tåle / Ho burde ikkje være så nærtakande og hårsår!

Om ho ikkje varslar i det heile tatt?
Då har ho latt ein overgripar gå fri, det er hennar skuld at han kunne gjere dette mot fleire kvinner / ho er feig / ho er ein del av problemet

Men verkeleg, kvifor er det så få kvinner som varslar når dei opplev seksuell trakassering? Og kvifor er det nesten ingen kvinner som anmelder voldtekt og overgrep? Det må være fordi det ikkje skjer, ikkje her i Norge.

Illustrasjonsbilde: Molly Belle / Unsplash

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

Comments are closed.