Eg kunne skreve om…..men det vart dikt i staden

Eg kunne skreve om alle dei som vil innføra fleire trygdekutt, eller eg kunne skreve om dei lave fødselstala på bygda og at skular ofte er truga av nedlegging. Eg kunne skreve at det ville bety like mykje for meg som for deg at du flytta til bygda fordi då vert me fleire og vert fleire folk, men eg skal ikkje det. Eg kunne fortalt deg om fjella og alle fordelane med å bu ved fjorden i Hardanger, men eg skal ikkje det. Ikkje i dag, kanskje i morgon. Eg kunne skreve at mine born er like mykje verdt som borna i Moria og hjå oss treng me fleire born. Eg kunne sagt at alle menneskjer delar same sol og himmel, så kvifor krangle om verdi og farge? Men eg skal ikkje det, ikkje i dag. Eg kunne skreve om at det er like viktig for alle kvinner at helsevesenet er der og fokusarar på kvinnehelse og dei kvinnene med funksjonsvariasjonar. Har du #sjekka deg, foresten? Eg kunne ha skreve om at alle kvinner og kvinner med funksjonsvariasjonar kan ha vonde opplevingar og #metoo-opplevingar og at det bør ha større fokus. Eg kunne fortalt deg om alle dei kvinnene både med minioritetsbakgrunn og ikkje – som har sår i hjertet og på kroppen.

I dag skal du få ord, tankar og litt draumar. Det skal du få i dag. I dag skal du få dikt. Mine dikt med skråblikk, kvinne 36 med funksjonsvariasjonar som brenn for så mykje at det nesten gjere vondt – med ein kvardag som kan likne din.


Den vanskelege knappen

Den vanskelege knappen i blusen er open, buksa er på, men ikkje lukka. Du ser det ikkje. Bukseknappen er skjult under buksa. Det funker jo, eg er åleine. Ingen veit det og ingen spør for ingen ser det. Men det er ikkje slik eg vil ha det. Men akkurat i dag er det slik. Dei usynlege friske hendene er borte. Men eg elskar egentleg å vera åleine, skrive. Berre meg. Draume. Men eg må ha dei usynlege raske hendene. Føttene som spring raskt over golvet. Men eg elskar å vera mitt eige selskap. Få ordene til å danse på papiret. Men eg er så glad i dei usynlege hendene.Dei lar meg få vera meg. Superkvinna som har fått hjelp av ei annan superkvinne til å vera meg.

La meg sveva

La meg sveva som ein fugl som søkjer varmen. La meg dansa til min yndlingssong, som ei fjør i vinden. Når vinden bles til begge sider, held du meg stødig då? Når livet røskar i meg. Det min ven, er livet sin eigen song. Det min ven er sjølve livet. Eg kjenner solstrålene kitla meg i knehasen. Eg kjenner duften av hjartebarn som klynger kring meg. Det min ven er livets gode tonar, eg kjenner rytmen i kroppen. La oss dansa no. Eg veit du kjenner rytmen i livets dans

Livets hjul

Livets hjul det spinn så fort, ein rekk nesten aldri stoppe opp. No er det stilt i kvar ein krok, ingen høge barnrop. Ingen mjuke kosar eller Tiktokdansar. Berre mor, tastaturet og vaskemaskinen. Eg kan høyra mine eigne hjarteslag. Ikkje noko jag. Sola skin eg slepp ho inn. Eg kan høyra hjernen kverne, men kvar er mi vetle stjerne? Ho gjekk til andre skuledag med lette skritt (i lag med si store stjerne)korleis skal eg halde styr på tida den berre flyr?No er det meg og kattane. For eg har slept laus skattane.

Bilete: Mitt liv- mi verd, med sovemasker med pus og fargar og teiknebøker. Bilete privat.

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.