Eit feministisk perspektiv på Giske-saka

Det er ingen hemmelegheit at Trond Giske i fleire år har vært ein hovudpine for Arbeiderpartiet. I 2017 byrja det gå ryktar om seksuell trakassering, men dette blei i stor grad avfeid som intern maktkamp. I slutten av 2017 blei det klart at partileiinga hadde fått fleire henvendingar knytt til Giske sin oppførsel. I 2011 hadde han blant anna blitt kalla inn på teppet for å ha sendt SMSar til eit 19 år gamalt kvinneleg AUF-medlem, men det har også vært reaksjonar på oppførselen hans mot kvinner utanfor politikken. Giske, som då var nestleiar i partiet, beklaga oppførselen sin sterkt, og i 2018 blei han fratatt posisjonen som nestleiar i AP på ubestemt tid, då dei konkluderte med at han hadde brutt partiets interne retningslinjar. Giske uttalte at fleire av varslane var falske, og meinte at avgjersla om at han hadde brutt retningslinjar rundt seksuell trakassering burde omgjerast.
Sidan då har saka splitta folk både innad og utanfor AP. Mange meiner det er på sin plass at Giske no gjer fråtreiinga av stillinga som nestleiar permanent, medan han får støtte frå andre, og ståande applaus hos Trøndelag AP.
Denne sommaren trakk fleire kvinner høgt opp i partiet seg ut av politikken, og gav blant anna Giske-saka som grunn. Jonas Gahr Støre sin respons til dette var at han hadde forståing for at desse kvinnene ville ut og bidra i arbeidslivet, og: «Så har jeg erfart at ingen er uunværlige. Det kommer nye spennende mennesker. Jeg synes at de som takker for seg, de kan takke for seg. Så skal de også være takknemlige for at de har fått lov å forvalte det ansvaret det er å bli valgt.»
Unge jente: smil og vær takknemleg
Det er fleire som har reagert ikkje berre på Giske si oppførsel, men på handteringa av saka frå partiet, noko intervjuet med Støre er det nyaste eksempelet på. Dette handlar ikkje lenger om ei intern sak innanfor eit politisk parti. Tross alt finnast det fleire feministar i landet som har den radikale oppfatninga at trakassering av tenåringsjenter ikkje er grei oppførsel frå ein mann i eit tillitsverv.
Denne saka er ei ny påminning om at den erkefeministiske kampen mot seksuell trakassering stadig tar eitt skritt fram og to skritt tilbake. Støre har satt partiets avgjersle om at Giske måtte fråtre sine tillitsverv, i kontekst av at vi då var inne «i en tid da vi måtte ta metoo på alvor». No har veljarane tydelegvis igjen slutta å bry seg om noko så trivielt som å kunne stole på menna som skal representere dei i politikken. Giske kan bli fylkesleiar for Trøndelag AP, og vil då ha ei viktig rolle inn i valet 2021.
Og kva signal vil dette sende ut? Ein middelaldrande mann oppfører seg slik Giske gjer, presenterer seg sjølv som eit offar, og får ståande applaus, sympati og framleis tillit etter å ha sona si ‘straff’: eit par år utan eit offisielt verv. Og det er ingen som meiner at Trond Giske bør få erfaring frå arbeidslivet, å nei, det er hans gudegitte (fordi Gud er mann) rett å være i politikken.
Samtidig ser vi at det er kvinnene dette går utover. Fyrst var det varslarane og andre kvinner som kan ha reagert men ikkje tore å seie ifrå. No er det kvinnene som går ut av AP i protest. Og det er lett å tenkje kva signal dette sender ut til unge kvinner og jenter som har lyst til å melde seg inn i AUF og AP i framtida. Det vi seier til dei gjennom å gi Giske stadig ny tillit er: Unge kvinne, du betyr ingenting i det store biletet. Om du opplev at ein mann gjer deg ukomfortabel, tråkkar over grensene dine eller oppfører seg på måtar du ikkje liker, bør du håpe at denne mannen ikkje tilfeldigvis har ei stilling høgt oppe i partiet, er sjarmerande, godt likt og flink til å snakke for seg. Då er det berre å legge engasjementet på hylla, pakke kofferten og stille melde deg ut av politikken, medan du smilande uttrykk takknemlegheit for at du i det heile tatt fekk lov til å være med. Viss du varslar om korleis han har oppført seg, øydelegg du nemleg livet hans. Hugs: Når du er ein mektig mann, er det å ta konsekvensar for sine handlingar ein urettferdig straff. Det er du som må betale rekninga.
Ein del av eit problematisk bilete
Handteringa av denne saka er i beste fall klønete og basert på lojalitet til ein partiveteran, og i verste fall problematisk og likegyldig til kvinners opplevingar. Men det er slett ikkje berre Giske og AP som har problem med å forvalte tilliten dei er blitt gitt. Her til lands har vi blant anna Tonning Riise, som trakk seg som leiar av Unge Høgre etter at det kom fram at han som mann i 20åra låg med ei overstadig rusa 16år gamal jente på eit fylkesårsmøte. Dette var berre ein av 11 varslar mot Riise, og han sit framleis på Stortinget. I ein TV2 dokumentar frå 2019, fekk han sympati for å ha blitt ‘støtt ut i kulda’ av «metoo-oppgjøret». Ulf Leirstein måtte i 2018 trekke seg frå alle verv i FrP etter at det kom fram at han hadde foreslått trekant for ein 15 åring og hadde sendt pornografiske bilete til ein 14åring innanfor partiet. Partileiar Siv Jensen skal allereie i 2012 ha fått varsel om at Leirsten oppførte seg upassande, noko ho «ikkje hugsar».
Påmeldingsskjema for Noregs ungdomsparti finn du nedst i denne artikkelen.
Dette føyar seg igjen inn i ein internasjonal kontekst der mektige menn visar støytande, uprofesjonell eller direkte forkasteleg oppførsel mot kvinner, og likevel får behalde sine politiske verv. Donald Trump, ‘The leader of the free world’, sin oppførsel veldokumentert med utruskap, skjellsord og nedsettande kommentarar, seksualisering av kvinner han kjem i kontakt med, varslar trakassering og rykter om festar med veldig unge jenter. Høgsterettsdommar i USA Brett Kavanaugh blei anklaga for valdtekt av Christine Blasey Ford då ho var ein tenåring. 30 år seinare må ho ha ein ekstra dør ut av huset fordi ho framleis slit med traumar, og han sit i Høgsterett.
Brutt tillit = Meir tillitsverv
Det som er skremmande for mange feministar er nettopp den graden av forsvar som Giske har møtt heilt sidan varslane blei kjend, og at menn som han får fortsette i politikken lenge etter at folk har blitt klar over korleis dei oppfører seg med unge kvinner og jenter.
Dei fleste kvinner finn ein tryggleik i likestillingsdiskursen vi omgjer oss med i Norge. Vi vil vite at om vi vel å melde oss inn i eit politisk parti, er vi verna mot all form for trakassering. Det finnast nemleg interne retningslinjer som vernar om oss og sørgar for at om vi varslar, får det konsekvensar for den som har oppført seg ugreit mot oss. Og dette har jo fungert; det var Giskes brot på interne retningslinjer som gjorde at han blei fråtatt verva sine. I motsetning til kva mange trur, står det ikkje ein urban feministelite rundt ein boblande heksegryte og kastar forbanningar over menn. I verkelegheita er det slik at om du er ein mann som har eit talent, anten det er å gå på ski eller er god i politikken, kan du systematisk oppføre deg på ein problematisk måte medan folk er meir enn klar for å gi deg sympati. Terskelen for å varsle om problematisk oppførsel er ikkje så lav som mange skal ha det til. Menn har ein mur av støtte rundt seg, ein luksus mange ikkje unnar dei som varslar om ugrei oppførsel.
I staden for å gå ut med verdigheit, klamrar Giske seg fast i politikken som ein grevling og nektar å gi slipp, og mange i partiet er tydelegvis villige til å følgje han. Om ikkje noko anna, burde Giske sjølv innsjå at han er ein kontroversiell skikkelse som skapar splitting og splid innad i eit parti som treng alle stemmane dei kan få innad mot neste års stortingsval. Å setje sine eigne interesser foran alt anna er ikkje ein statsråd verdig. På mange arbeidsplassar rundt om i landet heng det plakatar om korleis skape eit bra arbeidsmiljø, være ein god kollega og unngå å skape ein ukultur. Slike retningslinjar har Giske broten, og likevel kan han ikkje kome fort nok tilbake i politikken for nokon støttespelarar. Politiske tillitsverv er nettopp det; basert på tillit. Det er ingenting som hindrar Giske i å ta seg ein jobb i arbeidslivet. Men har du brote tillit, har du ikkje automatisk rett på tillitsverv.
Giske: Vær takknemleg!
La meg understreke: I eit demokratisk system som Norge er forholdet mellom politikarar og folket basert på tillit og ei viss grad av respekt. Dei som sit på Stortinget, skal i eit representativt demokrati nettopp representere oss. Å helde på ein mann som mange i befolkinga ikkje kan ha tillit til når vi veit kva han har gjort, er ikkje berre politisk dumt for AP, men slik oppførsel kan det på lang sikt være skadeleg for demokratiet. På tross av kva Støre verkar å meine, skal vi som samfunn aldri kome til det punktet at vi kan slutte å ta det metoo-bevegelsen står for, på alvor. Problemet vil ikkje forsvinne berre fordi vi blir lei av å snakke om det.
Poenget er ikkje at alle menn som gjer feil (som for eksempel trakasserer nokon med eit uhell, fleire gonger over fleire år, det kan jo skje den beste) skal ut av politikken på livstid tvert. Det som skjer gong på gong er det motsette: menn oppfører seg slik dei vil og gjer skaden, kvinner betalar prisen.
Sidan det er nok av folk som meiner at Giske har blitt urettmessig hardt straffa for oppførsla si, og at Støre bør lønne han med ein posisjon som statsråd vil eg representere ei motstemme. Her er mitt bodskap: Giske. Du gjekk med på å trekke deg frå nestleiarvervet i 2018. Eg synast at dei som takkar for seg, dei skal takke for seg. Og dei skal også være takknemlege over at dei har fått lov til å forvalte det ansvaret det er å bli valt. Særleg ein som har fått så mykje tillit som deg, og som til gjengjeld har brote den igjen og igjen. Kanskje du burde ut og gjere ting i arbeidslivet? Eg og fleire andre har erfart av ingen er uunnverlege. Det kjem nye spennande menneske i politikken.
Kjelder for denne teksten er henta frå NRK, VG og Vox. Illustrasjonsbilete er tatt av Jon Tyson / Unsplash
Comments are closed.