Eit forståeleg sinne
Føremålet med denne teksten er ikkje å komme med ein analyse av det som skjer i USA og resten av verda når det gjeld politivald og Black Lives Matter- bevegelsen. Det er så mykje debatt som går føre seg rundt rolla til politiet, sosiale problem, historie og statuar, at det er lett å gløyme at dette handlar om mennesker. Namna som blir ropt under protestane, som Breonna Taylor og George Floyd er etter kvart blitt velkjende, men det kan være lett å gløyme at dei representerer fleire individuelle tragediar og dødsfall. Nokon har vi høyrd om, andre ikkje. Det er kanskje lett særleg for oss kvite nordmenn å diskutere abstrakt justis (er vald løysinga? korleis burde politistyrka reformerast? kva er dei historiske røtene til det som skjer?), og gløyme menneskeskjebnene som har ført til protestane.
“Say their names”
Derfor er denne teksten ei lita solidaritetsmarkering til nokon av dei afro-amerikanske menn og kvinnene som har mista livet som ein følgje av politivald. Om ikkje lenge vil nok historia ikkje lenger være ny, og vi har fått andre ting å tenkje på der verdas kamera er snudd mot den Neste Store Saka. Då er det verdt å hugse på namn som:
Tamir Rice, 12 år, som hadde med seg ein leikepistol i ein park. Politiet skaut han og satte hans 14 år gamle syster i handjern i baksetet på ein politibil.
Alton Sterling, 37 år, solgte CDar og DVDar utanfor ein butikk, der han blei konfrontert av to politifolk. Dei brukte elektrosjokkvåpen på han, la han i bakken, skaut han 6 gonger, medan dei kalla han skjellsord.
Freddie Gray, 25 år, døydde i baksetet på ein politibil, utan bilbelte etter å ha fått hender og føter bunde.
Michelle Cusseaux, 50 år. 4 politifolk kom for å transportere ho til ein institusjon for mental helse. Ifølgje politifolka kom Michelle mot dei med ein hammar. Ho blei skutt med eitt enkelt skot og døydde kort tid etter.
Atatiana Jefferson, 28 år, blei skutt av politiet gjennom eit vindauge i heimen sin, der den 8 år gamle nevøen hennar også befant seg. Ein nabo hadde ringt politiet (ikkje nødnummeret) og sagt at inngangsdøra til Atatiana stod open.
Michael Brown, 18 år, gjekk med ein ven når ein politimann konfronterte dei. Det endte med at politiet skaut og drepte Brown, noko politiet hevdar var i sjølvforsvar.
Janisha Fonville, 20 år. Politiet blei ringt og spurd om dei kunne ta ho med til ein institusjon, då ho hadde ein kniv og partneren var redd for at ho skulle skade seg sjølv. Det endte med at politiet skaut og drepte Janisha. Politiet hevda ho hadde ein kniv, noko partneren meiner er usant.
Philando Castille, 32 år, blei skutt etter å ha blitt stoppa ved eit trafikkstopp, foran kjæresten og hennar 4 år gamle dotter.
Aura Rosser, 40 år gammal, skutt av politiet etter at kjæresten hennar ringte politiet etter ein krangel mellom dei to for at dei skulle eskortere ho ut av huset. Ifølgje politet, hadde ho ein kniv og nekta å slippe den.
George Floyd, 46 år gammal, blei konfrontert av politiet etter at han tilsynelatande prøvde å betale med ein falsk 30dollar seddel. Døydde med eit kne i ryggen medan han ba om luft (I can’t breathe).
Gabriella Nevarez, 22 år, blei stoppa av politiet då dei trudde ho kanskje kjøyrde ein stolen bil. I følgje politiet prøve Gabriella å kjøyre inn i politibilen. Så dei skaut ho.
Tanisha Anderson, 37 år var bipolar, og familien ringte til politiet etter at ho var uroleg og ville forlate huset. Politiet overtalte ho til å bli med til ein institusjon. Familien og politiet er ueinige om kva som så skjedde, men ho blei haldt i bakken av politiet i 20 minutt før ein ambulanse kom. På eitt tidspunkt medan ho var lagt i bakken, slutta ho å puste.
Botham Jean, 26 år, sat på sofaen i leiligheita si og åt iskrem. Ein politibetjent hadde gått feil, og trudde det var hennar leiligheit. Då ho såg han sitte på sofaen, trudde ho han var ein innbrotstjuv, og skaut han.
Eric Garner, 43 år, blei haldt i kvelartak av politiet medan han sa «I can’t breathe» 11 gonger, før han besvimte. Han døydde som følgje av kveling.
Breonna Taylor, 26 år gammal, blei skutt og drepen av politiet medan ho låg og sov i heimen sin. Politiet storma inn i leiligheita fordi dei meinte at det blei oppbevart dop der. Kjærasten til Breonna hevar han trudde det var innbrotstjuvar, og skaut mot politiet i sjølvforsvar. Politiet skaut og traff Breonna minst 8 gonger. Ingen narkotika blei funne i leilegheita.
Stephon Clark, 22 år gammal, skutt av politiet i bestemora si hage fordi dei trudde han hadde ein pistol. Det han faktisk hadde i handa, var ein mobiltelefon.
Akai Gurley, 28 år, var på veg ned trappane i blokka der han budde. Ein politimann på kontroll-besøk i blokka gjekk inn i den uopplyste gongen og fyrte av våpenet sitt. Kula traff veggen, og deretter Akai.
Før du går til kommentarfeltet fylt med sinne: Eg er fullt klar over at det er fleire detaljar rundt desse historiane, og at politiet har sin versjon av desse hendingane (noko som forklarer at mange av desse politifolka ikkje har blitt straffa). Denne teksten handlar ikkje om det. Namna som står på denne lista er berre eit par av mange fleire namn og historiar. Kvar av desse personane hadde enten familie, vener, klassekamerater, kjærester eller kolleger som blei prega av det som skjedde. Smerten, frustrasjonen og sinnet som vi ser no, kjem ikkje fordi melaninrike mennesker er meir tilbøyelege til sinne, vald eller kriminalitet enn andre. Det kjem frå slike historiar. Frå skjebnane til mennesker som Breonna, Tamir og George.
Kjelde: Aljazeera
Illustrasjonsbilete: Koshu Kunii / Unsplash
Comments are closed.