All makt i denne sal – Likestilling no

På tysdag vart bioteknologilova endra. Det vil seie at alle kvinner har rett til tidleg ultralyd, nipttest og det er opna for eggdonasjon. Eg synes dette er gode nyhende. Men det vart og fremja eit framlegg av representantar i SV som ikkje har fått like mykje merksemd. Nemmeleg dette:

 

  • Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å inkorporere FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD) i menneskerettsloven, for å gi konvensjonen forrang i norsk rett. 
  • Stortinget ber regjeringen legge fram forslag om at Norge undertegner tilleggsprotokollen til CRPD slik at norske borgere ikke utestenges fra å klage inn mulige menneskerettighetsbrudd på grunnlag av nedsatt funksjonsevne til CRPD-komiteen. 
  • Stortinget ber regjeringen i ny handlingsplan for universell utforming, som er varslet i 2021, sette tidsfrist for at Norge skal være universelt utformet innen 2035. 
  • Stortinget ber regjeringen inkorporere Veikart. Universelt utformet nærskole 2030 i den kommende handlingsplan for universell utforming, og sette av tilstrekkelige stimuleringsmidler i framtidige statsbudsjett for at veikartet kan bli realisert. 
  • Stortinget ber regjeringen sørge for at universell utforming av samferdselssektoren innarbeides som et overordnet prinsipp i ny Nasjonal transportplan for å oppnå at Norge blir universelt utformet innen 2035. 
  • Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av diskrimineringslovgivningen slik at retten til informasjon, varer og tjenester for mennesker med nedsatt funksjonsevne inkluderes. 
  • Stortinget ber regjeringen pålegge kommuner å sørge for at alle valglokaler og møter i kommune- og bystyrer finner sted i lokaler som er universelt utformet. 
  • Stortinget ber regjeringen sikre e-valgløsninger for blinde og svaksynte ved kommende kommune- og fylkestingsvalg og stortingsvalg. 
  • Stortinget ber regjeringen vurdere innføring av et krav om universell utforming i kultursektoren, og at personer med behov for ledsager får benytte ledsagerbevis, som inngangskrav for offentlig støtte til kulturarrangementer. 
  • Stortinget ber regjeringen sikre at alle bygg og transportmidler har evakueringsutstyr som sikrer personer med funksjonsnedsettelse en trygg evakuering. 
  • Stortinget ber regjeringen sikre at beredskapsplaner for katastrofer også ivaretar hensynet til mennesker med funksjonsnedsettelse. 
  • Stortinget ber regjeringen stramme inn kravet til når uforholdsmessig byrde kan benyttes som argument for at virksomhetseier kan fritas fra å sørge for universell utforming av egen virksomhet. (Forslaget er fremja av  Karin Andersen, Nicholas Wilkinson

Camilla S. Eidsvold, Lars Haltbrekken, Katrine Boel Gregussen, Kari Elisabeth Kaski og Mona Fagerås) Framlegget er venta behandla til hausten. (Kjelde: Stortinget.no og Facebooksida til NHF )

 

Tamarin Varner, leiar i Norges Handikapsforbunds Ungdom har etterspurd like mykje engasjement for det fødte liv frå KRF, som det ufødde liv. Ho undrar seg over kvifor ikkje KRF og Ropstad ber om full sal for å behandla rettane for personar med nedsett funksjonsevne. Tove Brandvik, leiar i Norges Handikapforbund er skuffa over det reviderte statsbudsjettet. Eg og er skuffa over at politikarane har vist så liten vilje til å prioritere det fødde liv. Eit liv med nedsett funksjonsevne. Eg er så glad for at SV ynskjer å gjera noko med dette. Eg kjem med ei bøn til dei andre partia, støtt dette forslaget no. 

Eg har prata om det før dei ulike innfallsvinklane eg har til livet. Bagasjen min. Ein bagasje, som eg vel å vera open om.  Eg har CP og sit i rullestol. Eg er gift med ein funksjonsfrisk mann. Eg er mor til to. Eg har Polycystisk Ovariesyndrom og ei dotter med mikroti. Ho har eit underutvikla øyra. Mitt fyrste svangerskap var veldig tøft i starten. Det andre kjempe fint, men me fekk oss ei overrasking med dette øyra.

Det finst kvinner og familiar som slit med å få born

 

Dette var statusen min på Facebook etter endringa av bioteknologilova:

– Det finst kvinner og familiar som slit med å få born. Det finst familiar som slit med å bære fram born.Kanskje lev dei aldri eller berre ei kort tid. No får ein håpe at nokre av desse slepp smerte. Det er så bra. Det finst born som er fødd med ulike skadar, skadar som ein kan leve eit godt liv med. Her må samfunnet legge betre til rette, slik at foreldre er betre rusta til å stå i slike val. Men husk det er kvinna sitt val uansett. Eg hugsar godt då me fekk beskjed om at me sansynligvis hadde mista eit barn. Der gjorde legane ein feil. Eg fekk ein ultralyd til og eg hadde eit sprellande barn. Så eg fekk to tidleg ultralydar med nummer ein. Det er ein stor sorg å få beskjed om å ha mista eit barn. Tenk den gleda då dei tok feil. Ei jordmor sa at det kunne vera mogeleg at eg venta to. Eg har ein kvinnesjukdom med auka risiko for abort i svangerskapet. Det har ikkje med CP å gjera, men heilt tilfeldig. Eg fekk tidleg vita at kanskje eg ikke kunne få barn. ( Eg var 20 år) Då sa legen at det fanst moglegheiter… Eg hadde budd meg på å nytta dei. Men så kom to skattar. Men med nr to fekk eg berre vanleg ultralyd. Eg skulle ynskja eg fekk fleire. Eg hadde aldri valgt bornet mitt vekk, men eg hadde likt å visst. Vore førebudd. Ikkje veit eg om øyrer visast på ultralyd. Men i dag er ein stor dag. Så er det vår plikt som samfunn og skapa rom for alle born. Eg hadde valgt eit born med downs og ryggmargsbrokk . Men det er vår plikt som samfunn å ta vare på foreldra og borna. Der har me ein lang veg å gå. CRPD må inn i norsk lov. BPA for alle som treng det og lik forvaltning. Helsevesenet må støtta mor og familien når livet er hardt. Me må kjempe på. Me kan ikkje sova.

Bilete: Linde Helene (7) si dokke – privat 

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.