Gode råd til gode menn

Medan eg scroller nedover Dagbladet si forside ser eg plutseleg ein artikkel med overskrift: “Falske voldteksanklager ødela livet” Artikkelen begynn slik: «Tre menn som har fått livet ødelagt av falske voldtekts­anklager. Petter, Alexander og Erik har blitt anmeldt for voldtekter de ikke har begått. I et av tilfellene var det bare tilfeldigheter som gjorde at kvinnens forklaring raknet. -Jeg hadde englevakt, sier Alexander.» Artikkelen er frå mai 2019, men den har tydelegvis dukka opp igjen. Sikkert fordi dette er ein viktig historie som trengs å bli fortalt på nytt. Resten av artikkelen får eg ikkje lest sidan det er ein pluss-sak. Forøvrig er det ein artikkel rett ovanfor om korleis miste 12 kilo før fellesferien, også den pluss. Eg sett ‘Dagladet-pluss abonnement’ på ynskje-lista for årets bursdagsgaver, her er det tydelegvis ei gullgruve av informasjon for kvinner!

 

Ordentlige menn, skikkelige jenter

Det er så mykje eg kunne ha skreve her, men det har allerede blitt skreve flotte tekster om dette temaet. Eg kunne ha skreve om korleis prosenten av menn som blir falskt anklaga for valdtekt, samanlikna med alle dei menna som faktisk voldtar og kjem unna med det. At dei låge tala for menn som faktisk blir dømt er så små at kvinner vegrar seg for å anmelde faktiske overgrep. Eg kunne sjølvsagt også skreve ein støtteerklæring til desse menna; det er jo synd på dei det gjeld.

Men eg skal heller gjere noke nyttig. Slike artiklar gjer vel menn redde for å bli falskt anklaga for valdtekter? Fortvil ikkje: Eg er her for å gi deg nokon gode råd slik at du kan unngå at dette blir deg i framtida!

Strategien med å gi råd er jo noko samfunnet meiner kvinner fortjener. For kva er det vi får høyre når ein valdtekt har skjedd i vennegjengen, nabolaget, på eit russetreff? Ulike variantar av “eg såg ho den kvelden, ho flørta så mykje med Truls at det var pinleg”. “Eg hørte at ho var kjempefull allereie på vorset” “ho gjekk heim aleine om natta, og eg leste at ho gjekk i kort kjole”. “Nei slapp av, DU veit jo korleis du skal oppføre deg, så dette vil jo aldri skje med deg. Nei, gå og bytt topp til noko mindre utfordrande, du veit jo korleis gutta er på utestedet vi skal på.”

 

Nokon velmenande råd 

Så til alle menn som er redde for å bli anklaga for valdtekt, her er nokon gode råd:

  • Ikkje drikk for mykje på byen. Alkohol svekkjar dømmekrafta di
  • Pass på ølen din når du er på byen. Går du på do, få ein kompis til å passe på den.
  • Vær bevisst på korleis du kler deg. Ikkje gjer deg sjølv til eit åpenbart mål
  • Bli aldri med ukjende kvinner heim frå byen. Det spelar inga rolle om ho seier at du kan sove på sofaen eller at dykk ‘berre skal spoone’
  • Aldri sovne på nachspiel
  • For å være heilt sikker: unngå nachspiel i det heile tatt
  • I vert fall bør du aldri sovne på same rom som ei dame
  • Pass på flørtinga også. Ikkje send ut feil signal. Om du er veldig flørtete med ei kvinne kan ho få oppfatninga av at du er ein mann det er lett å anklage
  • Du trur kanskje at dette gjeld berre framande kvinner, men for å være på den trygge sida, ha litt avstand til bekjende også. Festvoldtekt-anklagar kan skje, også med gode menn
  • Ikkje ha psykiske lidingar eller ei historie med mentale problem. Det vil bli brukt mot deg i ein ‘He said- she said’ situasjon.
  • Du bør ikkje ha ei historie med for mykje fest og tull heller. Skikkelege menn har ikkje det.

Og hugs: Din sikkerheit er ditt eiga ansvar.

 

Urettferdig? Javisst!

Høyres dette urettferdig ut? Er du provosert og sint? Tenker du at det ikkje er din jobb å avgrense livet ditt berre fordi det finnast eit par dårlege kvinner der ute? Kanskje tenkjer du at det ikkje verdt det å omlegge livet ditt og avgrense fridomen din kvar veke, kvar helg, berre for å unngå dårlege situasjonar som det er statistisk usannsynleg at du vil oppleve. Då seier eg berre: Velkommen til vår verden!

Det er sjølvsagt ingen som bør føle det nødvendig å leve etter alle desse reglane. Det er like absurd som om russejenter skulle fått beskjed om å ikkje drikke for mykje og ha på seg sykkelbukse for å unngå valdtekter. Latterleg, ikkje sant? Kvinner lev med eit nett av gode råd, forbod, reglar, tips, nye idear, og det er like irriterende for oss å stadig få nye, gode råd til kva VI bør gjere eller ikkje gjere. Vi veit at alt vi gjer, har gjort, kven vi er og vår historie kan bli brukt mot oss om vi skulle hamne i retten. Vi er vand til at menn får ein litt vag oppmuntring til å være ein “kjernekar”, medan kvinner får ein lang liste over ynskja og ikkje-ynskja oppførsel. Som om heile livet vårt er ein ferietur i utlandet der man må passe godt på seg sjølv og alle verdisaker.

Så, kjære mann som framleis les dette innlegget: Viss du føler at råda ovanfor er invaderende, provoserende, at dei set ei urimeleg mengde ansvar på deg, er eg einig. Men då får du tenkje deg om to gonger før du dømmer jenta som blei festvoldtatt etter å ha tatt for mange shots, eller tenke at ho satte seg sjølv i den situasjonen med å dra på nachspiel. Det er ingen som burde trenge å leve som ei nonne eller ein munk for å være trygge, og det burde ikkje bli forventa av nokon av oss.

No nærmer sommaren seg, og sjølv om vi framleis er i ei viss unntakstilstand inneber godt vær alltid gøye ting som fest, alkohol og sommarklede, jerntruse, pepperspray, nøkler mellom fingrane og valdtektsalarm. La oss ha ein god og trygg sommar alle saman!

 

Illustrasjonsbilde: Unsplash / Pim Myten

Om forfatteren

Julie Flikke

Julie Flikke

Eg er ein samfunnsengasjert feminist og stipendiat innanfor kjønnsstudiar ved NTNU. Brenn for interseksjonalitet og likebehandling av alle kjøn, og for å bekjempe backlashet mot feminisme i alle formar, enten det handlar om skjønnheitspress eller diskriminering i arbeidslivet. Bur for tida i Trondheim med forloveden og eit par potteplanter.

Visit Website

Comments are closed.