Vær på vakt!
Som sikkert mange andre begynn eg å ta eit skritt tilbake frå den konstante straumen av nyheiter om korona, vaksiner og udugelege presidenter. Men noko som alltid er interessant å lese om er kva aktuelle hendingar har å seie for kvinner og feminisme. Dette var i utgangspunktet prega av optimisme, der det blei foreslått at for eksempel kunne menn få meir respekt for kvinners usynlege husarbeid no som dei sjølv må være heime. Men for kvar artikkel eg har lest som har hatt eit slikt positivt syn, dukkar det opp fleire og fleire som advarer om at førehalda rundt koronakrisa trugar feminismens arbeid.
Ei krise for feminismen?
Nyheiter visar at kvinner gobalt sett er dei som er hardast ramma av koronakrisa, på tross av at dødsraten er høgare blant menn. Dette heng saman med ei uønska samfunnsutvikling: Framskritt som feminisme har tatt blir truga. Studiar visar krisa avlar fram gamle kjønnsroller, der omsorgsarbeid fell på kvinner når barnehager og skuler stenger, og moglegheit for barnepass fell bort. Lockdown har ført til ein stor auking av vald mot kvinner og jenter (Og kva vil mørketala då vise for hushald der menn er utsett for vald av kvinneleg partnar?). I USA har Texas fått lov til å innføre restriksjonar på abort som ein del av statens sin politikk som avgrensar ikkje-akutte medisinske inngreip. Men det var jo sikkert heilt tilfeldig at abort blei inkludert under denne, sidan alle veit at den beste tida å bli føydd på er under ein pandemi, til foreldre som kanskje har lidd under økonomisk tilbakegong og eigentleg ikkje ville ha deg.
Temperaturen skrus langsamt opp
Å lese slik gir i første omgang grunn for sinne: Dette har vi kvinner verkeleg ikkje tid til. Slutt å prøve å kjempe imot, feminisme er komen for å bli! Men så kjem frykta for framtida. I fjor var eg ein av dei som kledde meg ut som Handmaid på 8 mars. Då såg vi kvinner skrifta på veggen: vi hadde tatt abortlova for gitt, og no var den under angrep. Vi marsjerte, skreiv innlegg, organiserte oss. Premisset i boka og TV-serien ‘The Handmaid’s tale’ er at økologiske og økonomiske krisar har blitt utnytta av religiøse fundamentalistar til å ta makta og fjerne rettane frå kvinner (og dei fleste menn). På grunn av eit stort fall i fødselstala blir dei få fruktbare kvinnane gjort om til føde-slavar for dei rike og mektige.
Margaret Atwood, forfattaren av boka, har lagt som premiss at det var kriser som la grunnlaget for den totalitære staten Gilead, der rettar og fridom gradvis blitt tatt vekk frå kvinner under påskotet av å ville det beste for samfunnet. Sjølvsagt skjedde dette ikkje over natta: “Nothing changes instantaneously: in a gradually heating bathtub you’d be boiled to death before you knew it.” I følgje Atwood er også klimakrisa og kvinners rettar tett bundne saman.
Frykta for feminismens framtid
Eit slikt bodskap er tydelegvis framleis aktuelt for oss. Alle hendingane som har skjedd så langt under den pågåande krisa dannar eit skremmande mønster. I dag er det korona, og vi ser at temperaturen begynn å skrus opp. Men dette var nok ikkje siste gong vi skal oppleve noko slikt- kva vil framtidas klimaendringar føre til? Neste pandemi, ei ny finanskrise, tørke, medisinmangel, store mengder klimaflyktningar? Ei ny økonomisk krise og stor arbeidsløyse kan være eit påskot for å sende kvinner heim til kjøkken og barnepass, slik den var i etterkrigstida, og medisinmangel kan være ein unnskyldning til å stanse produksjon av prevensjon. Langsamt kan det bli varmare rundt oss, og det er ikkje berre fordi kloden koker.
Dette er ei viktig påminning til alle kvinner og allierte: Tru aldri at kampen er over. Ha solidaritet med låglønte kvinner i omsorgsyrke, kvinner i det globale sør som blir særleg råka av klimaendringar, og kvinner rundt om i verda som må gå i lockdown med sine valdsmenn.
Vær vakne.
Illustrasjonsbilde frå Unsplash / Lindsey Lamont
Comments are closed.