Solidaritet i koronaens tid

Koronaviruset set oss alle i ein situasjon heilt utan sidestykke. Det er heilt uvisst kva som venter oss, som einskildmenneske og som samfunn. Men éin ting ser ut til å vera som vanleg: Koronaviruset – og alle dei helsemessige, økonomiske og sosiale konsekvensane det fører med seg – vil særleg ramma dei av oss som er i vanskelege situasjonar frå før.

Alt tyder på at dei av oss som har kroniske sjukdommar, dårleg helse eller er blitt gamle, er mest utsette for å døy av viruset. Dødstala ser også ut til å vera relatert til røyking og overvekt. Alle desse risikofaktorane – bortsett frå alder – har høgare førekomst blant dei av oss som har lite utdanning og låg løn.

Me som ikkje jobbar i samfunnskritiske yrke har ei viktig fellesskapsoppgåve no, og det er å avgrensa smittespreiinga slik at helsevesenet vonleg vil ha kapasitet til å behandla dei av oss som blir alvorleg sjuke. Å halda seg heime og unngå folk er eit spørsmål om solidaritet.

Solidaritet i koronaens tid byrjar kanskje med heimekontor, men sluttar ikkje der. Nokon av oss har kanskje jobbar det går an å få gjort heime, ei stund i alle fall, men mange andre av oss mistar raskt mykje av inntekta. Kva kollektive løysingar må til for å fordela børa på kort og lang sikt?

For å halda seg heime, må ein dessutan ha ein heim. Kva med dei av oss som er heimlause? Kva no med alle dei som bur på gata og av og til får tilgang til mellombels overnatting?

Noreg er blant dei landa i verda som har eit velorganisert, høgkompetent og godt finansiert helsesystem. Det betyr ikkje at situasjonen ikkje kan bli kritisk. Men uansett er det berre dei av oss som har lovleg opphald i Noreg som har full tilgang til dette systemet. Kva med dei mange tusen menneska som bur i Noreg utan lovleg opphald og som i utgangspunktet har svært avgrensa rett til helsehjelp? Eg las nettopp at helsesenteret for irregulære migrantar har stengd.

I Syria har det vore krig i nesten ti år. Det er også situasjonen mange andre stader i verda. Tusenvis av flyktningar er innesperra i leiarar rundt om i verda. Tilhøva er allereie dødelege. Vil hjelpearbeid og gjenbusetting stoppa opp, medan det smittsame viruset gjer sitt inntog?

Me veit at dei økonomiske skilnadene i verda og i Noreg aukar. Pengar og privilegium er i aukande grad samla i hendene til dei få. Kva økonomiske konsekvensar vil pandemien få i Noreg og globalt? Vil me visa evne og vilje til å gje etter evne og få etter behov, eller vil dei priviligerte evna å rana til seg endå meir?

Kriser kan få fram det beste i folk, men også det verste. Det blir rapportert om rasistiske ytringar retta mot dei av oss som har bakgrunn frå Asia. Som om dei av oss med asiatisk utsjåande var personleg ansvarlege for koronaviruset. Gamal rasisme i ny innpakning.

Spørsmålet om solidaritet i koronaens tid er ikkje enkelt, verken praktisk eller etisk. Men det er eit spørsmål me ikkje har råd til å ta lett på, og som går rett i kjerna av kva det vil seia å vera menneske.

Illustrasjonsbilde: Privat.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

Comments are closed.