Kan Korona hjelpe oss til å bli meir empatiske?
“To those who now have 28 packages of pasta. To those who are searching the black market for hand sanitizer. To those who walk around with a face mask. And to those who are planning to flee with their kids out of a corona infected area: Never again look down on people who flee from war and famine”
Denne teksten dukka opp på facebook-veggen min ein ettermiddag, og trefte meg rett i magen. Dette var ei viktig påminning frå verda utanfor mi eiga boble. Min karantenetid blir tilbrakt i ein liten by-leilegheit saman med forloveden min. Vi har hamstra nok til å klare oss, med moglegheit til å berre gå på nærbutikken rett rundt hjørnet om vi skulle trenge det. Vi er begge unge og friske. Leilegheita vår er godt oppvarma, med mat i kjøleskapet, kaffe og snacks. Eldre slektningar i risikogruppa, familie og vener er berre ein telefon unna.
Hytte-flyktningar
Fleire innlegg her på Maddam har allereie tatt for seg ulike tematikkar innanfor korona og den merkelege tida vi er inne i no, blant anna har Helga Eggebø oppfordra til solidaritet med dei som er mindre heldige enn oss. Dette er tydelegvis noko vi treng å bli minna på, om alle innlegga rundt hytteforbodet lenger nede på nyheitsstraumen er noko å gå etter. Kontrasten blir nesten parodisk: Vi må alle hugse på at det ikkje er nokon som er så undertrykt som vaksne med to heim (også kjend som hytter) som ikkje får dra fritt mellom dei. Og kvifor ikkje, berre fordi man då kan bidra til å spreie ein potensielt dødeleg sjukdom? Makan! I Norge definerast tydelegvis menneskerettigheiter som retten til å dra frå by-heim til hytter slik at man kan gå på ski, fyre i peisen, puste frisk luft og være nær naturen. Samtidig skal ikkje nasjonen Norge gi beskyttelse til folk som flyktar frå krig, vald, utryggleik, og i mange instansar også: sjukdom. Der går grensa. Vi får ringe FN og be dei oppdatere verdserklæringa for menneskerettane.
Misforstå meg rett: Det er forståeleg med frykt, og eg er ikkje her for å kritisere nokon for å være redde og ville sikre seg og sine på best mogleg måte. Eg har full forståing for at eg er privilegert også her i Norge, med arbeid som tillat heimekontor, og familie som har moglegheit til å ta førehandsreglar for helsa. Det finnast definitivt folk som har det verre her i Norge, som mistar jobben, har born med nedsett immunforsvar, er sjuke sjølv, eller dei som må risikere livet kvar dag for å gå på jobb. Poenget med denne teksten er ikkje at akkurat du ikkje har lov til å kjenne på korona-frykt fordi det finnast andre som har det verre. Om du tråkkar i ein søledam og øydelegg skoa dine, hjelper det fint lite å ta eit augeblikk og tenke på dei som ikkje eingong har sko.
Du må gjerne hamstre toalettpapir og hermetikk for familien din, men du kan ikkje gjere dette samtidig som du ikkje unner andre foreldre å gjere det same, berre fordi dei snakkar eit anna språk, har ein anna hudfarge, eller er langt unna deg, i ein situasjon du ikkje kan ta innover deg. Når det gjeld noko så ukontrollerbart som ein pandemi, sit vi alle i same båt. Problemet er berre at den båten er Titanic, der nokon blir ført i sikkerheit i livbåtar, medan andre ikkje blir vurdert som viktige nok til å bli redda ut, og valet er tilsynelatande basert på tilfeldigheiter. Dei som sit i livbåter er også i usikker sjø, men dei har blitt gitt ein betre sjanse til å klare seg til land og ei framtid når sjøen roar seg. Kva har vi gjort for å bli redda, og kva har dei gjort som gjer at dei fortener å bli forletne og ignorerte?
Når det gjeld noko så ukontrollerbart som ein pandemi, sit vi alle i same båt. Problemet er berre at den båten er Titanic, der nokon blir ført i sikkerheit i livbåtar, medan andre ikkje blir vurdert som viktige nok til å bli redda ut.
Når flukt er nødvendig
Om forsking viser at heimekarantene over tid kan føre til negative følelsar som depresjon og stress, korleis verkar då ei permanent unntakstilstand, utan våre ressursar og håp om normalitet? Kva om koronaviruset satt heile Norge i karantene, viruset spreidde seg, ressursane tok slutt, utan håp om betring. Om ingen ville ta imot nordmenn fordi smitta var vår eiga skuld, kanskje fordi vi har reist så mykje rundt om i verda på unødvendige skiferiar og konferansar. Om denne situasjonen bryt ut for fullt i nabolaget, kor mange trur du ikkje vil prøve å komme seg til ein nabokommune? Om du bur i Oslo og dei mistar kontroll på sjukdommen, kor mange vil prøve å flytte til foreldre i Nord-Norge eller vener på Vestlandet? Prøve å få seg ein ny jobb om enn berre midlertidig i ein anna del av landet, jobbe med å oppretthalde ei følelse av normalitet? Og om det blir nødvendig, kanskje flytte berre over grensa til Sverige, leve så normalt som mogleg der fri frå smitte? Og kor går grensa for kor langt du er villig til å flykte for å halde deg og familien trygg og frisk?
Om du aksepterer denne tankegongen som logisk, korleis kan du då rettferdiggjere at vi skal snu oss bort frå dei som har sett seg nøydd til å ta den reisa og har enda opp i flyktningleirar rundt om Europa- skal vi la dei takle smittespreiing der dei fleste ikkje ein gang har eit hus å låse seg inn i eller tilgang til rennande vatn og såpe? Dette er situasjonen fleire tusen flyktningar vil møte korona-smitta med. Eitt aktuelt eksempel er Moria, flyktningleiren på Lesvos i Hellas bygd for 3.100 folk men som no husar meir enn 20.000, som håpar å kome inn i Europa. Mitt håp er at unntakstilstanden vi er i no kan være ei lekse for meg og oss alle i empati med dei som no må møte Korona-epidemien i overfylte leirar utan moglegheit for gode beskyttelsestiltak.
Menneskerettar, ‘oss’ og ‘dei’
Kva er det som skil dei som er slitne, kalde og sårbare i leirar som Moria, beskrive som eit ‘helvete’ og oss som sit i det lova landet Europa, varme og mette i vår eiga stove? I botn og grunn flaks ved fødsel. Det er ikkje noko spesielt med meg og deg som gjer at vi forten å være tryggare enn dei. Det å være norsk er kanskje ein gullbillett i verdssamanheng, men dette handlar ikkje om at vi er smartare, flinkare eller betre enn menneska som av ulike grunnar akkurat no bur i flyktningleirar. Dei har akkurat dei same følelsane som deg og meg, bortsett frå at vi kan anta at dei ser på det komande Korona-viruset med ein del meir stress enn vi har grunn til å gjere. Kva moglegheit har tusenvis av folk i Moria no for å låse døra og isolere seg, ete godt og holde seg varm, vaske henda ofte, bruke antibac når nødvendig? Pakke ungane sine godt inn og passe på at dei er godt kledd og held seg inne- når inne ofte er eit telt?
Det er tross alt per i dag ikkje menneskerett å være på hytta (sjølv om eg er sikker på at familiane i Moria har stor sympati med at påska di er øydelagt). Det er derimot ein menneskerett å søke om og få beskyttelse, og Norge har forplikta seg til å gi beskyttelse til dei som treng det. Situasjonen til dei som er tvunge til å be om denne hjelpa har kanskje vært veldig abstrakt før, men no som vi også får kjenne litt på utryggleik, usikkerheit og frykt for framtida, bør det være lettare for oss å være empatiske og gi denne hjelpa.
Dette er kanskje naivt, med tanke på at det er eit instinkt i krisetider å seie: Steng grensene! Tenk på våre eigne fyrst! Å snu ryggen til det synkande skipet og klatre opp i livbåten. Dei fleste liker å tru at om dei hadde levd under andre verdskrig, ville dei ha verva seg til motstandsbevegelsen og hatt kjeller og skap fulle av jøder og andre som var jakta av tyskerne. Om 30 år, når norske barn ser filmen om korona-epidemien og seier: Viss eg hadde levd då, ville eg ha gjort alt eg kunne for å hjelpe alle dei tusenvis av flyktningane som døydde den gongen! Kva skal du svare då?
Illustrasjonsbilde frå Unsplash / Rostyslav Savchyn
Comments are closed.