Eg må vera superwoman
Eg kjenner kjensla av at eg må skriva om den situasjonen som har råka alle – Koronaviruset. Eg er mor til to fantastiske born. Eg vart fødd med Cerebral parese, og sit i rullestol. Eg har ei stor lidenskap i tillegg til å nyte livet med familien, det er skriving. Eg har gjort dette til eit levebrød ved sida av uføretrygda.
No har eg vore inne sidan skulane stengde ned, eg er ekstra vaktsam og uroleg for lungene mine.Dei har ofte klaga når dei ikkje trivst inni meg. Ei forkjøling for meg, set meg fort ut av spel. Det går alltid bra, og eg treng aldri pustehjelp. Men astmasprayen har vore ein fylgjesven, ei stund no. No går eg på ekstra kortison. Det nærmar seg den dagen eg skulle vorte fødd, meg og systra i mammas mage. Ja, ho venta tvillingar. systra mi døyde i mors liv. Legane trylla slik at eg vart verande att. Tenk at dei klara det? Eg er så takksam. Hurra for norsk helsevesen anno 1984. Termin var 1 april. Eg kom 27 januar. Etter dette har altså lungene lett for å “seie frå” No har dei sagt frå ei god stund. Men eg er betre.
Eg prøvar å setje på Superwomananletet, eg prøvar å multitaske, slik alle foreldre må no.
Eg prøvar å setje på Superwomananletet, eg prøvar å multitaske, slik alle foreldre må no. Eg smører alltid litt ekstra på når det gjeld aktivitetar for borna. Det er jo me foreldre som må trø til ekstra no. Eg har traska inn i lærarrolla med stort alvor. Eg får ikkje delteke så mykje i aktivitetane, men eg er rå på idear og forslag. Heldigvis har eg ein mann av den skjaldne sorten. Han trør til. Borna mine er lei allereie, me har ein fin minihage og naturen rett utanfor stovedøra i Hardanger.Eg kjende at eg måtte ta av pressekonferansa frå Helsedepartementet då dei kom inn på prioritering av sjuke.
Tanken streifa “kva om eg ligg der sjuk og vert prioritert bort? Eg trur jo ikke det skjer, men eg trur det er reelle tankar nokon sit med.
Turistane er reist heim av openbare grunnar, så no har me alt for oss sjølve. Eg kan jo ikkje ut, men eg ser på mannen og borna frå glaset. Det er ekkelt å måtte vera så vaktsam. Det er vanskeleg å snakka med borna om det, difor tar eg av på aktvitetsprogrammet. Mannen har allreie baka bollar, eg laga turbingo der dei måtte finne ulike ting ute (utan meg) No har mannen fått i oppgåve å kjøpe inn hobbymaling til trolldeig. Som sagt så gjort.
Eg skulle ha skreve, men det vert det lite tid til. No er eg mest oppteken av å laga ein kvardag, gjera ungane og ikkje minst lungene glade og roe Koronanervene. Pillene med kortison gjer ein god jobb der. Eg kjende at eg måtte ta av pressekonferansa frå Helsedepartementet då dei kom inn på prioritering av sjuke. Tanken streifa “kva om eg ligg der sjuk og vert prioritert bort? Eg trur jo ikke det skjer, men eg trur det er reelle tankar nokon sit med.
Eg vil avslutta med å takka Noregs helsevesen for den kampen dei gjer kvar dag for å redda dei som virkeleg er i risikogruppa. Eg vil gje ein virtuell klem til alle som slit. Eg veit det er mange som er redde no, særskilt dei som er i utsette grupper. Om det er ein telefon ekstra du skal ta, er det kanskje no. Og ein ekstra virtuell klem til alle dei som står utan inntekt. Eg har tru på at Audun (Lysbakken) står på krava. Spar på krona, slik at me kan støtta ekstra når dette er over. Då skal eg dansa i sola i rullestolen. Eg ser det føre meg, eg kjenner solstrålene kitla mot huda.
Ta vare på kvarandre, og tenk på dei som sit med kjensla av einsemd, akkurat no. Men takk for at du visar solidaritet med dei som ikke tålar å verte sjuk
Bilete: Litt av resultatet av trolldeigbakinga. Bilete er privat.
Comments are closed.