Det er oss no


Min takk til deg, ja du.

Eg ser utover fjorden, vår fjord, min fjord, din fjord.

Eg ser utover fjella, våre majestetiske fjell, mine fjell, dine fjell.

Eg ser utover mi nye bygd. Vår bygd, di bygd.

Eg tenkjer på plassen i hjarta, mi bygd. Der eg lo, der eg grein, der eg var med deg.

Me lo, me grein. Me dansa og skein. Mine folk, dine folk. Eg trur det heiter oss no.

Her vil eg bu. Min plass, din plass, vår plass. For alltid💜

Til deg som er der og står på.

Du gjev meg fridom til å orka å skrive denne takken til deg.

Du gjev meg luft under vengene.

 

Hovedbilde: Mari Svartveit Hansen

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*