Vekk med NAV – inn med folkevett og hjartevarme
Denne gongen skal eg ta opp mine tankar kring Nav og at egentleg ynskjer å skapa noko nytt og eit trygt system. Eg sit med kjensla av at dette systemet har fått sin sjanse. Det har utspelt si rolle og sett mange uskuldige liv inn i ein skummel og farleg situasjon.
Med desse orda henviser eg til Navskandala. Ei skandale som har rokka med Noregs grunnmur – eit trygt demokrati, der ein kunne stole på at dei rette lovene vart håndheva på ein god måte.Den forferdelege uretten som mange nordmenn har opplevd, skuldingar retta mot seg som viste seg å vera på feil grunnlag, har gjeve landet vårt ei stor ripe i lakken. Ei ripe som vert vanskeleg å rette opp.Staten må få opp truverdet att. Akkurat no sit i alle fall eg att med uro, kvalme og mistilit. Eg er brukar av dette systemet og når tiliten er borte, er det og særs vanskeleg å nytta tenestene.
Eit tungrodd system
Arbeids og velferdsforvaltningen, smak på ordet det er eit ganske tungrodd namn på eit ganske tungrodd system.På regjeringa sine nettsider står det at ein byrja å snakka om Nav-reforma allereie i 2001. Då foreslo Sosialkomiteen eit forslag for Stortinget om at regjeringa skulle utrede å slå saman Trygdeetaten, Aetat og Sosialtenesta. Eg tenkjer at på papiret ser det ut som ein super ide.Folk kunne gå inn ei dør og få hjelp med det ein trengte på same stad, utan å måtte bevege seg som ein toppidrettsutøvar mellom fleire tenester, når ein stod i krise. Slik vart det ikkje.
Kva med rettsikkerheita til dei med kognitive vanskar?
Olga på 87 som lurer på om ho har krav på bustønad, men ho ser dårleg, har aldri trykt på ein pc og skjelv på handa. Ho har ingen familie til å hjelpa seg. Kven skal hjelpa ho?
Det vart eit system der dei som treng hjelp sit milevis frå beslutningstakarane. Det er lite rom for skjønn og den stakkars Nav-veileiaren må kunne litt om alt. Det går ikkje. Det seier seg sjølv. Reglane er så komplekse at folk flest ikkje klarar å tolke dei. Menneskjer med kognitive vanskar, må ofte ha tiltru til sytemet, dei har ikkje moglegheit til å vite om dei vert gjort urett. Det vil seie at rettsikkerheita deira er utsett.Skjemane vert berre kasta mot deg, skriv her, gå inn på nettet her, kom innom mellom 10-15, onsdag eller fredag for å setje opp time for veileiing. Elles må du ringe eit fellesnummer og sitje i kø i ein time.Olga på 87 som lurer på om ho har krav på bustønad, men ho ser dårleg, har aldri trykt på ein pc og skjelv på handa. Ho har ingen familie til å hjelpa seg. Kven skal hjelpa ho?
Menneskjer med kognitive vanskar, må ofte ha tiltru til sytemet, dei har ikkje moglegheit til å vite om dei vert gjort urett.
Gav meg moglegheiter
Sosionomane eg hadde då eg var lita, før reforma kom, var fantastiske. Dei gav meg moglegheiter eg er usikker på om ein kan fått i dag. Dei såg meg som menneske. Eg fekk stønad frå kommunen for å dra på sydentur med Cp-foreninga, liksom. Kven hadde fått det i dag? Eg fekk fylgja draumane mine og dei støtta meg heile vegen. Det er eg så glad for no. Eg har tre-fire personar eg kan takka herfrå til månen.
Ein velferdsstat me kan vera stolte av
Eg vil ha eit trygt system der den einskilde vert ivaretaken på ein god måte. Eg vil ha tenester som er lette å nytte. Og folk med tid til den einskilde. Eg vil byggje noko nytt å framtidsretta.
I dag er det stor avstand mellom brukar og sakshandsamar, ikkje fordi hjarta og viljen ikkje er der, trur eg. Men systemet stoppar dei. Eg vil ha kort avstand mellom sakshandsamar og dei som treng hjelp. Eg vil ha eit trygt system der den einskilde vert ivaretaken på ein god måte. Eg vil ha tenester som er lette å nytte. Og folk med tid til den einskilde. Eg vil byggje noko nytt å framtidsretta. Noko som kan få fleire til å lukkast. Ikkje minst må dei som nyttar systemet verta høyrt. Brukarpannel med ei sterk røyst tett inn mot beslutningstakarane er difor naturleg.
Mange av oss vil ha brukarstyrt personleg assistanse ut av kommunen og inn i staten. Per no ligg Nav med brukke rygg. Men eg seier ja, men ikkje før me har bygd ein velferdstat me kan vera stolte av att. Eg lanserar reforma “Folkevett og hjartevarme”
Bilde:hjarta laga av eldstejenta – privat
Comments are closed.