Eit organisert angrep på seksuelle og reproduktive rettar

“Me har eit kort tidsvindauge på mellom 10 og 20 år. Dersom me ikkje nyttar dette vindauget kan den vestlege sivilisasjonen ha utsletta seg sjølv”, står det i eit manifest produsert av den europeiske lobbyorganisasjonen Agenda Europe. Ein skulle tru det var klimakrisa dei refererte til, men det er det ikkje.

Målsetninga er å gjeninnføra dei historiske “sodomilovane” som kriminaliserte homoseksualitet.

Agenda Europe er ein vatikaninspirert, ultrakonservativ lobbyorganisasjon som består av 100-150 religiøse ekstremistar og har som føremål å nedkjempa grunnleggjande reproduktive og seksuelle menneskerettar. Det dei meiner trugar den vestlege sivilisasjonen er ikkje global oppvarming, men sjølvbestemt abort, skeives rettar, prevensjon, assistert befruktning, likestilling, og skilsmisse.

Agenda Europe består av 100-150 religiøse ekstremistar og har som føremål å nedkjempa grunnleggjande reproduktive og seksuelle menneskerettar.

Nettverket oppstod, i form av ein anonym blogg, i 2013. Sidan 2014 har dei organisert årlege møte i regi av amerikanske og europeiske leiarar innanfor den såkalla “pro-life” rørsla. I 2017 dukka det opp eit felles manifest på nett med tittelen Restoring the Natural Order: an Agenda for Europe. Manifestet er umerka og utan forfattar og dei har felles intruksar om å ikkje invitera eller snakka med journalistar. The European Parliamentary Forum on Population & Development har kartlagt nettverket og skildrar ideologien, organiseringa og strategien deira i rapporten RESTORING THE NATURAL ORDER. The religious extremists’ vision to mobilize European societies against human rights on sexuality and reproduction.

Ekteskapet er ikkje berre éin mogleg måte å etablera ein familie på. Det er den einaste moralsk akseptable måten.

Agenda Europe har blinka ut “forsvaret for ekteskapet og familien” som eit strategisk hovudsatsingsområde. I manifestet slår dei fast at det er ei viktig politisk prioritering å definera ein familie som eit gift par og deira barn. Meir inkluderande definisjonar vil “fornærma og vanæra alle foreldre som oppdreg barn”. I manifestet står det vidare at “den tilsynelatande harmlause ideen om å utvida definisjonen av ein familie er den mest effektive måten å undergrava familien på”. Dette liknar måten Nina Karin Monsen i si tid argumenterte mot den kjønnsnøytrale ekteskapslova på. Manifestet slår til slutt fast at ekteskapet er ikkje berre éin mogleg måte å etablera ein familie på. Det er den einaste moralsk akseptable måten. Implikasjonane av dette, slik dei resonnerer, er at lovgjeving som gjer det “for lett” å få skilsmisse undergrev retten til ekteskap og trugar heile ekteskapet som institusjon.

Manifestet er umerka og utan forfattar og dei har felles intruksar om å ikkje invitera eller snakka med journalistar.

Dette ultrakonservativet synet på ekteskap inneber også at Agenda Europe har som politisk målsetning og strategi å hindra og reversera lovgjeving som tillet ekteskap mellom personar av same kjønn. Når det gjeld homoseksualitet, har dei som retorisk strategi å omtala det som “sodomi”. Sodomi definerer dei som “misbruk av kroppen og fornekting av menneskeleg verdigheit”. Dei har som politisk målsetning å gjeninnføra dei historiske “sodomilovane” som kriminaliserte homoseksuelle handlingar, i Noreg fram til 1972.

Prevensjon grunnleggjande umoralsk, og det er heilt legitimt av staten å forby prevensjon.

I følgje manifestet er forplantning det framste føremålet med (det heteroseksuelle) ekteskapet. Prevensjon undergrev “verdigheita i den seksuell aktivitet” og ekteskap som sådan. Vidare meiner dei at prevensjon er årsaka til utanomekteskapelege seksuelle relasjonar og dermed uønskte gravididtetar. Derfor er prevensjon grunnleggjande umoralsk, og det er heilt legitimt av staten å forby prevensjon.

Retten til liv betyr ikkje at dødsstraff nødvendigvis er illegitimt. Abort derimot, er alltid illegitimt, også når graviditeten er et resultat av valdtekt eller når det er fare for mors liv og helse.

Eit anna strategisk hovudområde er “retten til liv”. Den grunnleggjande retten til liv betyr ikkje at dødsstraff nødvendigvis er illegitimt. Abort derimot, er alltid illegitimt, også når graviditeten er et resultat av valdtekt, incest, når fosteret er skada og når det er fare for mors liv og helse. Staten har plikt til å verna ufødde barn ved å innføra forbod mot abort og straffeforfølging av alle involverte partar. Agenda Europa forsvarer “human dignity from conception until natural death”, og dei er mot forsking på og medisinsk bruk av stamceller, organtransplantasjon, aktiv dødshjelp og vil forby fosterdiagnostikk.

Likestillingslovgjeving blir brukt til å knebla ytringsfridomen til dei som har moralske innvendingar mot sodomi.

Eit anna satsingsområde er kampen mot likestillingslovgjeving på nasjonalt og europeisk nivå. Dei meiner at likestillingslovgjevinga blir brukt til å knebla og avgrensa ytringsfridomen til dei som har “moralske innvendingar mot sodomi”. Jussen på dette området fører til “majoritetens diktatur” og er “i strid med demokratiske prinsipp”. Samtidig nyttar dei ikkje-diskriminerings- og likestillingsretorikk aktivt for å fremja eigne interesser: Dei jobbar for ein utvida definisjon av religiøs diskriminering retta mot kristne, og kjempar for retten til unntak frå likestillingslovgjeving. Medlemsorganisasjonane i Agenda Europe har støtta fleire rettssaker kor helsepersonell har krevd rett til fritak frå å delta i abort av “samvitsgrunnar” og med referanse til forbod mot religiøs diskriminering. I Noreg har ei slik sak vore oppe i Høgsterett. Den katolske fastlegen som mista jobben fordi ho nekta å setja inn spiral vart støtta av fleire religiøse aktørar, herunder ADF -Alliance Defending Freedom – som er ein medlemsorganisasjon i Agenda Europe.

Dei er mot forsking på og medisinsk bruk av stamceller, organtransplantasjon, aktiv dødshjelp og vil forby fosterdiagnostikk.

Manifestet Restoring the Natural Order: an Agenda for Europe er interessant nok kjemisk fritt for teologisk argumentasjon. Det tek i staden utgangspunkt i det dei kallar Naturlova (the Natural Law), eit rettsprinsipp som dei meiner stammar frå naturen og ikkje menneska. Føremålet med manifestet er å gje eit heilskapelege perspektiv på “liv og familiespørsmål”, og “visa korleis desse heng saman”. Den politiske målsettinga er å “gjenoppretta ein juridisk orden i tråd med menneskeleg verdigheit og Naturlova”. Alle medlemsorganisasjonar må slutta seg til heile pakka av verdiar og politiske målsetningar som blir skildra i manifestet.

Agenda Europe står bak over eit dusin politiske initiativ for å slå tilbake kvinner og lhbtis-personar sine rettar i Europa.

Agenda Europe er relativt godt organiser og har laga ein svært konkret plan for korleis ein på kort og lang sikt skal jobba for å oppnå sine politiske målsetningar. Dei har utarbeidd ei liste med 29 konkrete punkt, herunder (politiske) angrep på International Lesbian, Gay, Bisexual, trans and Intersex Association (ILGA), innføra sodomilovar, innføra lovar som forbyr “homoseksuell propaganda”, abortforbod på alle nivå, fjerna alle lovvar som tillett ekteskap mellom personar av same kjønn og forby sal av prevensjon.

Strategien er å sverta motstandarar og bruka motstandarane sine våpen mot dei sjølv.

Lobbyorganisasjonen står dessutan bak over eit dusin politiske initiativ for å slå tilbake kvinner og lhbtis-personar sine rettar i Europa. Det kan sjå ut som heilt ulike initiativ mot ulike spørsmål i ulike land, men dei er knytt saman av den felles organiseringa og ideologien som kjem til uttrykk i manifestet og andre tilgjengelege dokument frå Agenda Europa.

Agenda Europe slår fast at medlemsorganisasjonane ikkje skal vera redde for å støta folk, for å vera “urealistiske” eller bli oppfatta som “ekstremistiske”. Dei har som strategi å sverta motstandarane. Dei har til dømes laga ein plan for å importera kontroversane rundt Planned Parenthood til Europa og siktar då til dei falske anklagane som sirkulerte i USA om at Planned Parenthood var involvert i ulovleg sal av vev frå embryo. Dei har som eksplisitt strategi å “bruka mostandarane sine våpen mot dei sjølv”. Det vil seia at dei skal ramma inn sine politiske målsetningar som eit spørsmål om “rettar” (rett til å ikkje bli diskriminert på grunn av religion, religionsfridom, ytringsfridom etc).

Kjelde: RESTORING THE NATURAL ORDER. The religious extremists’ vision to mobilize European societies against human rights on sexuality and reproduction, av Neil Datta, Secretary of the European Parliamentary Forum on Population & Development, 2018.

Illustrasjonsbilde: “The Handmaid’s Tale. Filming of The Handmaid’s Tale at the Lincoln Memorial” av Victoria Pickering, CC BY-NC-ND 2.0.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*