Ei vond kjensle i magen

I dag er den internasjonale FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne. Til lukka med dagen alle medsøstre og brør! Me står saman!  I dag har over ein milliard menneske ein eller annan form for nedsett funksjonsevne. 80 prosent lev i utviklingsland. Nedsett funksjonsevne heng saman med fattigdom. I fylgje Senter for likestilling sine nettsider utgjer menneske med nedsett funksjonsevne 20 prosent av dei som lev i fattigdom. Tilgong på utdanning og helsetenester er låg. 

(Fritt etter Senter for likestilling sine nettsider)

I Noreg har me det relativt godt. Sjølv om på nokre områder er det ein veg att. Navskandala minner oss på at ein har ein kamp å kjempe.  I eit anna innlegg skal eg skrive om NAV og kva eg tenkjer. Men eg ynskte å dela dette innlegget som eg skreiv på Framtida.no i går om at eg ikkje fekk stå saman med mannen min på konsert.

Kjære USF Verftet «eg kan ikkje vere mester uten flere krefter» syng Gabrielle i «Regn fra blå himmel». Eg sit litt med blanda kjensler etter den fantastisk vakre konserten på Verftet i Bergen, laurdagen i november. Gabrielle leverte som berre ho kan.

Meg og mannen hadde gledd oss til ein kveld med kvarandre. Fyrst fekk me problem med hotellet som hadde surra med bestillinga og mangla handikaprom. Me vart send til eit anna hotell i kjeda – eit dyrare utan ekstra kostnad. Så glade me var for at det ordna seg. Godt plassert på Verftet av ein koseleg vakt, endra gleda seg. Etter ei kort stund fekk mannen min beskjed om å flytte seg. Eg vart sittande att med ein uggen kjensle i magen. Eg prøvde å nyte den fine stunda – med ein magisk songfugl. Men stunda hadde vore endå finare med «min kjære».

Eg meiner at kommunen og fylket må setje som eit krav til arrangørar at kultur må vera universelt tilgjengeleg til å delast med ein god ven eller kjærast. Eg skulle likt å sett at dette hadde skjedd med eit par der begge var funksjonsfriske. Me hadde bestilt lenge på førehand. Eg mistenker at arrangørar ikkje registrar konsertgjengarar med særskilte behov med ledsagar godt nok. Det må nok til.

Dette har skjedd før på Bergen Live sine konsertar på Koengen. Det er ei stund sidan sist. Forrige gong var det på Bergen Fest for to år sidan. Då fekk ikkje vennene våre stå med oss. Det har og skjedd med meg og mannen min før, under ein Bruce Springsteen-konsert på Koengen. Då stod Kim rett framføre meg, så då godtok eg det. Men denne gongen klarte eg ikkje å sjå han att. Det var kjempekjipt. Eg er skuffa og eg sit med kjensla av å verte behandla dårleg. Jenta mi har hatt lyst på konsert, men eg kvir meg for å ta ho med. Kva om eg ikkje får stå i lag med ho? 

Diskrimineringa på dette feltet må stoppa no.

Bilete: Privat: Bilete er av hendene til meg og mannen. Eg sakna handa hans på konserten, den kvelden.

 

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.