Svangerskapskvalme må takast på alvor i helsevesenet

90 % av alle gravide blir kvalme, halvparten kastar opp og om lag 15 % blir alvorleg kvalme. Der finst fleire heilt trygge kvalmestillande medikament ein kan ta, og slik behandling kan truleg hindra at situasjonen blir meir alvorleg. Dessverre er tendensen i helsevesenet at svangerskapskvalme ikkje blir teke alvorleg nok og at gravide med alvorleg svangerskapskvalme ikkje får god nok behandling. Dette går fram av ein oversiktsartikkel på nettstaden Relis – Produsentuavhengig legemiddelinformasjon for helsepersonell.

Ekstrem svangerskapskvalme gjer deg like sjuk som cellegift

Eg er gravid og har lege nokre veker på sofaen denne hausten, fullstendig utmatta og kvalm. Kvalmen kan neppe karakteriserast som meir enn ”mild svangerskapskvalme”, og eg trudde ikkje det var noko å gjera med. Medisin mot svangerskapskvalme forbinder eg med Thalomid – eit legemiddel som vart nytta på 50 og 60-talet og som førte til at over 10.000 vart fødde med alvorlege misdanningar.

Omtrent alle legemiddelprodusentar skriv at gravide og ammane ikkje kan bruka preparatet. Det skriv dei for å heilgradera seg, men i mange tilfeller stemmer det ikkje.

Men gjennom vener og familierelasjonar er eg så heldig å ha over gjennomsnittet god tilgang til informasjon om svangerskapshelse og fostermedisin og fekk raskt beskjed om at dersom eg var kvalm var det berre å prøva Postafen. Det er heilt vanlege reisesjuketablettar som ein kan kjøpa på apoteket utan resept. Men med god informasjon i baklomma var det ikkje naudsynt å plagast med noia. Marius heiv seg på sykkelen, kom heim med – og halleluja! – for ei letting å sleppa unna kvalmen og kunna eta mat!

40 % av kvinnene med ekstrem svangerskapskvalme hadde vurdert abort

Då eg opna pakninga med piller noterte eg meg at det står på pakningsvedlegget at gravide og ammande kvinner ikkje skal ta medikamentet. Men at gravide ikkje kan ta det er berre tull som legemiddelprodusentane har ein tendens til å skriva på alt for å heilgradera seg mot søksmål og sleppa å setja seg inn i sakene. Relis derimot, byr på forskingsbasert og oppdatert informasjon om kva legemiddel som er trygge for gravide. Postafen er eit av fleire kvalmestillande middel som ein har lang erfaring med og god kunnskap om og det medfører ikkje fare eller risiko for verken mor eller barn.

Kvalmestillande medisin er heilt trygt og kan hindra at sjukdommen blir verre

Etter så god effekt av trygge og tilgjengelege medisinar stussa eg over vener i tilsvarandre situasjon fortalde at dei hadde hatt fastlegar som hevda at det ikkje finst kvalmestillande medisin som gravide kan ta, eller ”du kan ta denne, men helst ikkje”. Ein skulle kanskje tru at dette var to døme på uvanleg inkompetente fastlegar, men nyare forsking om tematikken tyder på at det kan vera nokså representativt for ein gjennomgående tendens: Ei nyare norsk studie av kvinner som har opplevd den mest alvorlege forma for svangerskapskvalme – hyperemesis gravidarum (HG) – viste at alt for mange ikkje fekk den behandlinga dei skulle hatt. Berre halvparten hadde fått medikamentell behandling i førstelinja før dei vart så sjuke at dei vart innlagde på sjukehus. Dette er svært alvorleg, fordi tidleg behandling mest sannsynleg kan hindra at ein blir alvorleg sjuk. Mange fastlegar skreiv ut sjukmelding og bad kvinnene venta å sjå om det gjekk over, utan å skriva ut medisin.

Kvinnene i studia skildra situasjonen som ”umenneskelig tortur” og som ”å være ni måneder i fengsel”

Forskarane bak studia peikar på at svangerskapskvalme ofte blir bagatellisert fordi mange tenkjer på det som ein naturleg del av svangerskapet. Førstelinja er derfor for dårleg til å undersøkja og diagnostisera kor sjuke folk er, og nokon av oss blir derfor  sjukare enn me hadde trengt å vera. Den mest alvorlege forma for svangerskapskvalme er ikkje til å kimsa av. Ei amerikansk studie har vist at kvinner blir minst like sjuke av dette som folk kan bli av cellegift. Kvinnene i den overfor nemnte norske studia skildra kvalmen som ”umenneskelig tortur” og som ”å være ni måneder i fengsel”. Blant dei som blir mest alvorleg råka av svangerskapskvalme er det svært mange som vurderer (40%) og fleire som har vald å gjennomføra abort av ønska barn (8 %). Både norsk og internasjonal forsking viser at alvorleg svangerskapskvalme har ekstremt negative konsekvensar for livskvaliteten. Det går ut over jobben, parforholdet og ungane ein har frå før. Folk kan bli traumatiserte av mindre, og internasjonale studier har også vist at kvinner har opplevd dette som det verste dei har vore gjennom i livet, og at fleire utviklar posttraumatisk stressyndrom.

Ta oss på alvor

Hovudbodskapen til dei norske kvinnene som vart spurd om kva dei ville seia til helsevesenet var: Ta oss på alvor. Dei bad om at helsevesenet skulle gjera noko så sjølvsagt som å visa forståing for situasjonen og anerkjenna dei negative helsemessige og sosiale konsekvensane det har å spy og liggja på sjukehus i ni månader.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: (88/365) :: It burnss uss, my preciousss av chispita_666, CC BY 2.0.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Eg skriv gjerne så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Eg bur og arbeider i Bodø i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*