Eg er ikkje berre ein navar
Dette er det orginale innlegget som eg skreiv til Klassekampen. Det er litt lengre enn det som vart trykt der. Eg har ei dotter som har eit underutvikla øyre og kalla “mikroti”. Ho har og skadar inni sjølve øyre slik at ho har nedsett hørsel på ei side. Ho vert omtala i saka, difor har eg valgt å dele dette med dykk. Eg er usikker korleis me ville klart oss utan ein god velferdsstat. Innlegget startar under.
Eg har og ein skade i hjernen. Smak på ordet, la det rulle litt rundt på tunga. Hjerneskade, det smakar litt bittert. Ordet stinkar litt som sure sokkar som har vore ned i svette løpesko.
Det er jo litt ironisk sidan eg ikkje kan springe ein meter. Om eg er heldig kan eg flytte meg 50 meter med støtte frå andre. Då går eg med bøyde knær, litt som Olga på 80 som nærmar seg stygt 81. Ikkje noko stygt om Olga på snart 81, ho har nok litt meir sprett i stega enn meg. Noko som og er litt komisk er at mannen min spring maraton på 2.31. Så han har og litt meir fart i stega enn meg. Eller eg har hjul under rompa. Ein kjedeleg svart sak, rullestol heiter det på byspråk. Her i fjorden heiter det og rullestol. Eg har to jenter ei på ni og ei på seks. Så trass i hjula under rompa, har eg då hamna på tjukken to gonger. Eg hugsar godt den dagen på toalettet på jobben der eg funderte på korleis eg skulle koma attende til stolen med den store magen. Eg hadde nettopp fått tak i dopapiret, då sat eg med kjensla av å gått 5-mila på ski. Ikkje at eg anar korleis det er. Eg har jo aldri gått fem mil på ski. Og hadde eg hatt sjansen hadde eg aldri i verda gjort det. Dei som gjer det er jo galne. Eg likar å tru at eg ikkje er galen, men eg tippar at 50 prosent av befolkninga tenkjer det. I alle fall når dei høyrer ordet “hjerneskadd” Setningar som det er så bra at du går ut, er heilt vanleg på byen. Folk flest gjev meg stjerner i boka like ofte som regnet fell på nasa langs hardangerfjorden. Det er akkurat som folk jublar og heier berre eg trekk nokon djupe magadrag utanfor huset. “Hurra, du pustar, det bra for deg det”, kunne herr Fransen like gjerne sagt, medan han gjev skuldra ein ekstra klem.
Løvemor
Det skjer noko med deg når du får ungar. Du vert i løpet av ein augneblink omgjort til ei løvemor. Du vernar om dei som dei er av edelt metall henta ut på den andre sida av universet. No kan eg proklamera høgt og tydeleg. – Eg har møtt meg sjølv i døra, hjertedøra står oppe med ekstra lufting. Eg har fått ei dotter med nedsett funksjonsevne og det gjer vondt i hjarta. Like vondt som eg var sint, då andre syntes synd i meg, då eg var lita. Like vondt, som eg var sint, då andre var bekymra for meg, då eg var like gamal som ho er no.
Regjeringa tek frå dei unge
Difor smertar det like mykje kvar gong regjeringa tek frå borna. Me skal spara på briller, tannregulering, og stønader. Dei unge får usosiale kutt i arbeidsavklaringspengar. Eg gjekk på arbeidsavklaring då eg studerte. Det var til god hjelp for meg. Det hjalp meg slik at eg kunne skriva, det eg elskar over alt på jord. Eg kunne ta draumen ut av dagboka og setje den ut i livet. Takk og lov for det. Ein får nok litt høgre sjølvtilit av å sjå alle episodane av Sex in the city og alle tv-debattane på NRK, men ingenting slår å skriva tekstar som dette. La andre ta draumen ut av dagbøkene ved å løfta dei opp økonomisk og gjer dei til aktive deltakarar i samfunnet. No har Noreg fått ein ekstra smekk av FN for å ikkje gje gode nok tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Det er trist ein kan fort vekk gå glipp av nokon store nyvinningar eller svaret på klimakrisa om alle ikkje får det same utgangspunktet i livet. Det har vore få feite overskifter om at FN sin observatør var her for å sjekka tilhøva for personar med nedsett funksjonsevne og ho fann store ulikskapar -i til dømes tilbodet på brukarstyrt personleg assistanse i kommune-Noreg og store manglar i pedagogiske tilbod på skulen. Vern om dei som treng det. Det er mi bøn. Media har eit klårt ansvar for å løfta saker fram – og på dette feltet.
Comments are closed.