Ikkje eit val

For ei tid sidan var eg på Karpekonsert i Bergen. Eine linja i ein tekst går slik: “Naver, naver du er ingen skandinaver”. Inspirasjonen til teksten trur eg er henta frå dei mange kommentarfelta på nett. Då denne linja runga over Bergenhus festning song eg av full hals. Eg hadde kjensla heilt inn i hjarta at dei song om meg.

Ei heilnorsk kvinne med mor frå det blide sørland og far frå Hardanger. Hei, eg heiter Mari, eg er ein navar. Eg er ei av dei som nokon hevdar har eit sugerøyr langt ned i statskassa.

Sist veke annonserte Anniken Hauglie og regjeringa at dei skulle fjerne skjermingstillegget for uføre. Det skal kompensera for at uføre ikkje kan stå lenge i jobb før pensjonsalder. Det har vore mykje snakka om den såkalla arbeidslinja og at mange vel å ikkje stå lenge i arbeidslivet. Men skal dei uføre straffast for at personar utan nedsett funksjonsevne ikkje står lenge i jobb?Mange med meg har stussa litt over logikken her.

Sist veke fekk eg endeleg botoxen min i handa. Den er medisinen min som gjer at musklane og kroppen slappar av. Men biverknaden er ei veke med influensa. Denne gongen fekk eg kvalme. Men det er verd det. Den gjer at eg av og til kan arbeide med det eg elskar: skriving. Men nokre dagar og månadar klarar eg ikkje. CPen gjer at kroppen går i vranglås. Det er meir enn nok å vera mor, kone og arbeidsleiar for assistentane mine. 

Men midt i  influensaen og kvalmen lyser siste stunt frå regjeringa. Eg tek det som eit hån mot meg som person. Som piskeslag. “Krom ryggen, jente og kom deg ut i jobb, din latsabb. No har me gjort det litt hardare for deg å vera ufør, gjev du etter då? Og skaffar deg ein jobb?” Eg vert matt og forbanna. Viss eg kunne, hadde eg jobba som den bladfyken, med kroppen full av adrenalin og kaffikoppen i handa. Problemet er at nokon gonger klarar eg ikkje halda ein kaffikopp, ei gong.

Sjefen min seier at eg ikkje skal ha dårleg samvit, men det har eg og mange med meg. Det er ikkje viljen det står på, kroppane våre klarar ikkje.

 

Bilete: Privat – jenta mi på 6 år har rulla meg inn i ei gamal gardin.

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.