– Stortinget annerkjende oss ikkje

Tida har gått framover på feltet som gjeld personar med nedsett funksjonsevne. Likevel er personar med nedsett funksjonsevne nedprioritert. Mange lev med diskriminering kvar dag. Folk flest veit lite om livet vårt. Noko stortinget kunne gjort var å gjera CRPD ein del av norsk lov for å annerkjenne vernet vårt i samfunnet. Me har rett til eit verdig liv, eit trygt liv. Eit liv med meining. Det miste er å verte anerkjend som menneskjer. Der må Stortinget gå framføre som eit godt døme.

”Convention on the Rights of Persons With Disabilities”. Det er FN-konvensjonen min og dottera mi sin. Samt alle andre med nedsett funksjonsevne. Noreg ratifiserte denne konvensjonen i 2013. Det betyr at Noreg har forplikta seg til å fylgje den. Men konvensjonen er ikkje ein del av Norsk lov, som til dømes kvinnekonvensjonen eller Barnekonvensjonen. Det Noreg derimot har forplikta seg til er å levere ein rapport til FN om stoda på dette feltet kvart fjerde år. Det har dei gjort i år. Heile 125 organisasjonar står bak ein rapport laga av folket. (CRPD-koalisjonen) CRPD skal sikre at menneskjer med nedsett funksjon skal få innfridd rettane sine i landet vårt.

 

Stemt ned

Men norsk lov går framføre konvensjonen sidan Stortinget stemte ned forslaget om å gjera konvensjonen ein del av norsk lov. SV og Rødt stemte for. Men det hjalp så lite.  Kvifor vart dette forslaget stemt ned? Det stiller eg meg særs undrande til. For at likestillinga skal komma lengre – er me som gruppe i samfunnet avhengig av å verte anerkjend. Urett vert gjort mot personar med nedsett funksjonsevne – kvar dag. Sjå berre på norske skular, på brukarstyrt personleg assistanse, på det å verta foreldre- mange er redd for kva samfunnet skal synes om ei mor i stol. Ikkje alle vert godt mottekne i den rolla. Eg tenkjer på dei som opplever overgrep som ikkje har ei stemme. Kven skal tale deira sak? Jo, landet vårt må sikre borgarane sine desse rettane. CRPD skal sikre personar med nedsett funksjonsevne like moglegheiter til å få innfridd menneskerettane sine – på same vis som alle andre. Konvensjonen skal hindre diskriminering. FN sitt mål med konvensjonen er at menneskjer  – som meg og dotter mi skal leva sjølvstendige liv og kunne delta full ut på alle samfunnsarenaer.

 

I mars måtte Noreg svare for seg til FN om denne konvensjonen. Norge fekk ros for velferdsstaten , men FN påpeikte at menneskjer med nedsett funksjonsevne var meir enn mottakarar av velferdsgoder. Landet vårt låg etter – når det kom til fridom, likestilling og heilt grunnleggande rettar. Lovverket var ikkje i samsvar med konvensjonen og inkorporert i mennskerettslova. Komiteraportøren i FN var i fylgje Norges forbund for utviklingshemmede sine nettsider – sjokkert over argumentasjonen til Noreg, at Norsk lov var i tråd med konvensjonen. Og at Noreg ikkje har nokre planar om å innlemme dette i norsk lov. Butan, som var komiteraportør for FN stilte det kritiske spørsmålet om rettane var på same nivå, som andre konvensjonar. ”Svaret på spørsmålet vet vi, det er nei!”

 

Forslaget som vart stemt over i stortinget i mars var slik:

 

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å inkorporere FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD) i menneskerettsloven for å gi konvensjonen forrang i norsk rett.»

( Kjelder: FFO, NHF og NFU)

Dette forslaget vart altså stemt ned.

 Hadde ikkje trua

For meg er alle menneskjer like mykje verdt. Ut frå mitt tankesett er det vanskeleg å sjå kvifor mine rettar som eit likeverdig menneske vert prioritert vekk av landet som eg er så glad i. Då eg var lita måtte eg krabbe opp trappene på barneskulen når eg skulle sjå på film, eller ha kunst og handtverk. Eg stilte ikkje spørsmål ved det. Det var berre slik det var. Eg draumen tidleg om å studere, men utsegn som det er jo så fint med trygd, då har du jo noko å leve av – du og var vanlege kommentarar. Det er det no og forresten. Veit du at det er mange som ikkje kjem rundt på skulen sin? Fleire skular er ikkje universelt utforma. Då eg vart forelska fyrste gongen, klarte eg ikkje å forhalde meg til det. Det var for vanskeleg. Eg såg på det som eit urealistisk prosjekt, at det var betre å vera åleine.

Eg klarte ikkje å sjå at det kunne verte noko fint. Eg vart plutseleg utrygg og redd. Eg som var så glad.  Eg hadde ei veldig ubehageleg hending på starten til vaksenlivet,  eg måtte jaga ein fyr ut døra frå leilegheita mi. Han skulle overnatte der, sa han. Eg var 18 og hadde vore på russefeiring. Han hadde vore på byen. Hendinga gjekk bra, men eg fekk ei frykt. Eg som var så tøff og draumande. Trudde eg kunne klare alt og gjera alt. Eg mista motet. Eg lovde meg sjølv og verna om meg sjølv.

Eg hadde ikkje brukarstyrt assistanse – den gongen. Det var ikkje oppfunne enno. Eg var stadig ute på eiga hand. Heldigvis hadde eg gode personar i lokalmiljøet som trådde til. Mange hjelpande hender og venlege ansikt. Det var slik systemet var. Det er det enno – mange stader. Folk ikkje får den hjelpa dei treng. Mykje fell på familien, eller dei må klare seg med heimesjukepleie. I dag har eg bronsebryllaup og vore gift i 8 år. Eg har to born, eg slapp nokon inn i hjartet mitt til slutt. Ein som er funksjonsfrisk, som har gjeve meg eit godt liv. Eg slepp å kjempe kampane mine åleine.

 

Mange opplever negative opplevingar

Nokre med nedsett funksjonsevne opplever psykiske overgrep i form av hatytringar. Eg har heldigvis ikkje opplevd mykje, men nokre ufine kommentarar har det jo vorte. Av og til har eg vorte redd eller lei meg. Men eg veit om fleire dømer der det har vore stygge hendingar.

 

Alle menneskjer har rett til eit slags vern kring seg. Menneskerettar er eit slikt vern. Det har nettopp vore Pride. Fleire med nedsett funksjonsevne gjekk i tog. Personar med nedsett funksjonsevne vert og forelska og av og til i same kjønn, eller begge kjønn. Dette betyr at fleire av mine vener er ein dobbelminoritet. Det kan vera så hardt og einsamt. Ofte må ein kjempe ekstra hardt. Men mange har eit fint liv og.

 

Har engasjert meg

No har eg engasjert meg i politikken. Kvifor? Jo – for mangfald er viktig og kampen for likestilling er ikkje over. No stiller eg opp i lokalpolitikk. Det er ikkje sikkert at eg kjem med. Eg står som tredje  kandidat for SV – i nye Ullensvang kommune. Men eg er stolt og synleg.

Eg håper at den dagen vil kome. Den dagen ein slepp å kjempe. Der eit verdig liv for alle ikkje berre er fine ord, men ein realitet. Mange med nedsett funksjonsevne slit med ei rekkje kjensler. Kjensla av å akseptere seg sjølv, finne seg sjølv, la seg draume stort. Korleis skal ein overkome dette om samfunnet ikkje anerkjenner oss?

Bilete: Privat

 

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*