Adios til matpakkene

Me er vel alle einige om at barnehagane bør drivast sånn at dei ivaretar barnas beste. Kvifor sørgar me då ikkje for at alle barna får sunn og god mat, uansett kven foreldra deira er?

Det er nokre år sidan no. Me satt rundt spisebordet i småbarnsavdelinga i ein barnehage. Fire uopna matboksar låg på bordet. Åtte kulerunde barneauge stirra i den fyrste matboksen blei opna. «Banan!» ropte eit av barna med ivrig stemme. Så gjekk dei andre lokka opp, eit etter eit. Ein boks med to tjukke dobbeltskiver med tubeost. Ein med eit par knekkebrød og ein yoghurt. Sjølv om alle desse matboksane var bra nok som dei var, var det ein spesiell situasjon å observere. Alle barna var litt skuffa fordi dei hadde lyst på noko i nokon av dei andres matboks. Men det var også nokon som hadde vunne og nokon som hadde tapt dagens matpakkekonkurranse. Og det såg ut som om alle barna, der fleire av dei knapt kunne å gå sjølv, visste korleis dei låg an i den konkurransen.

Barn kjem frå ulike heimar, nokon med mykje, andre med lite pengar. Nokon har foreldre med mykje kunnskap og engasjement for barnas kosthold. Og ikkje minst tid til å lage spennande matboksar. Andre veit mindre om kva som er lurt, og har kanskje heller ikkje tid til å følge opp skikkeleg. Og allereie ved eittårsalder møter barna våre desse økonomiske og kulturelle klasseskilla på veldig konkret vis, gjennom ein dagleg og kollektiv opningsseremoni der det er veldig synleg kven som kjem med kva. Me burde ikkje hatt det sånn.

Klasseskilnaden i dei ulike matboksane handlar ikkje berre om skam rundt å kome med annan eller dårlegare mat enn dei andre. Det handlar sjølvsagt også om ernæringa. Usunn mat, som me veit at mange av barn stadig får av foreldra sine, gir mindre energi og gjer det vanskelegare å meistre kvardagen godt. Me veit at eit system der foreldra må fikse maten aldri vil bli godt nok for alle. Hadde me fått til at fellesmåltida i barnehagen var gratis hadde det vore er ein gylden sjanse til å bøte på dette problemet for dei barna med det vanskelegaste utgangspunktet. For mange barn kan det utgjere ein enorm forskjell.

Eit felles måltid i barnehagen kan ikkje vere frivljug og basere seg på friviljug foreldrebetaling. For då vil ikkje alle kunne vere med. Tenk på skulemjølka som kanskje var der då du gjekk på skulen. Hadde alle elevane i din klasse skulemjølk? Er du sikker på at alle som ikkje hadde mjølk hadde takka nei fordi dei faktisk ikkje ville ha? Eg kan tenkje meg at terskelen er høg for å fortelje klassen at ein ikkje har råd til mjølk. Hadde det vore meg, hadde eg funne på ei eller anna annan unnskyldning. Eit friviljug foreldrebetalingssystem vil alltid vere godt nok for fleirtalet, men sikrar ikkje at dei minst priviligerte kan vere med. Og det er jo dei ordninga eigentleg er meint for. Og då ville ikkje problemet blitt løyst.

Som mamma for eit barn i Groruddalen i Oslo Øst har eg sett at det som er småpengar for middelklassen er ei stor investering for andre. Eg har sett foreldre droppe å kjøpe den ekstra fiskekaka til barnet sitt på barnehagefesten, fordi dei berre hadde ni, og ikkje ti, kroner i lommeboka. Og då var det mogleg å betale med vipps. Difor er det så utruleg viktig at dei som utformar politikken ikkje berre tar utgangspunkt i sitt eige kvardagsliv og sin eigen familie, men alltid tenkjer på korleis den vil slå ut for dei som har minst. Og tar ein den testen på barnehagepolitikken vår, burde det klare svaret vore å innføre gratis mat til alle barnehagebarn.

Skal ein gjere dette på eit vis som faktisk rettar opp i uretten, og gir alle barn den starten dei burde kunne få, må betalinga skje gjennom skatteseddelen. Og barnehagane måtte fått nok tilsette til å kunne servere mat utan å måtte løpe fortare. Det ville kosta fellesskapet meir enn i dag. Det er klart. Men samtidig ville dette kunne blitt gjort på eit rettferdig vis der dei med mest frå før bidro mest. For dei av oss som elskar velferdsstaten, der me gjennom rettferdig skattlegging får gratis helsehjelp, skule og eldreomsorg, burde det ikkje vere ein veldig avskrekkande tanke å kunne utvide velferdsstaten litt meir ut i frå same oppskrift som andre eksisterande velferdstilbod.

På den andre sida ville mange familiars stramme tidsklemme om morgonen, der ein skal rekke frukost og dusj og påkledning og matpakkefiksing på null komma niks, blitt letta på. Her vil eg ikkje overdrive effekten av eit enkelttiltak, men det er ikkje utenkjeleg at mindre tidsklemme av denne typen også kan bidra til mindre stress og sjukefråver for slitne småbarnsforeldre heller.

Denne teksten handlar om barnehagar, men det same poenget gjeld sjølvsagt for skular. Når barna våre er i det offentleges omsorg burde det offentlege strekke seg langt for å gi barna like moglegheitar til å vakse, utvikle seg og trivast, uansett kven foreldre deira er. Og det finst faktisk over 100 000 barn som lever i familiar under fattigdomsgrensa i Noreg i dag i 2019. Difor synst eg at særleg dei av oss med høge inntekter burde å betalt litt meir skatt for å få på plass gratis mat for barna i barnehage og skule. På den andre sida ville me fått tusenvis av gladare, friskare barn med eit gratis måltid kvar einaste dag, der alle får smake på maten som fristar på bordet.

Bilete: Bröd av Jonas Tana (CC BY-NC-ND 2.0).

 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

There are no comments yet, add one below.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*