Fylgjesven og fiende
Denne gongen serverer eg den minste teksten nokon gong på Maddam. Eg har aldri skreve dikt før. No deler eg det fyrste med dykk. Livet med Cerebral Parese, snart i midten av 30-åra og mor, er ofte ein dans på roser, medan andre gonger er det tøft. Kva om skaden aldri hadde funne stad? Kva då? Eg er langt i frå sikker på at livet hadde vore betre… For å klarere namna i diktet er det namna på barna mine og mannen min.
Fylgjesven og fiende
Eg møter deg kvar dag med å konstantere at du er der. Du er der bak handa, bak beinet. Eg ser deg midt i fjeset og fnys. Du er ein del av meg og eg er ein del av deg. Eg veit eg må leve med deg på godt og vondt.
Du gjer meg av og til så sint, eg skrik mot deg, du svarar med å dytte meg i ryggen med ein enorm styrke. Eg reiser meg opp, som ei stolt mor. Eg er sterkare enn deg i dag. Du legg ei bør på mannen min sine skuldre. Døtrene mine ser deg og møter deg i kjent stil. Dei ser bort. Av og til mobber dei deg, ler av deg. Du klarar ikkje vinne over oss. Høyrer du?Du kallar deg cerebral parese.
Eg kallar deg av og til fiende, men du har og gjeve meg vener, opplevingar og erfaringar. Du gav meg og mannen min.
Kva hadde livet vore utan deg? Eg kunne ha dansa i graset utan sko. Men tenk om eg hadde dansa einsam? Utan deg, men utan Kim, Siri, Linde og utan vener? Hadde det vore betre?
Bilete er privat.
Comments are closed.