Ta vare på kvinnene

Eg synes det vert gale å nytte kvinners rett til å bestemme over eigen kropp, som eit forhandlingskort frå den sittande regjeringa. Regjeringa og KRF har starta i veldig gal ende. Sjå kven som er dei ekte heltane i samfunnet. Det er dei som kjemper ein hard kamp for borna sine kvar dag. Mine foreldre var slike heltar då eg kom 3 månader for tidleg. Systera mi hadde døydd i magen. Tvillingen min. Eg levde mot alle odds. Eg er sjølv mor til to fine jenter og sit i rullestol. Eg er ein del av det såkalla mangfaldet som Ropstad vil behalde. Mangfald i samfunnet ligg hjarta nært, men eg er ikkje samd i at endringar av abortlova er vegen for oppnå dette. Alle kvinner er ulike. Me veit sjølv kva me klarar og ikkje klarar.  

Om eg hadde vorte gravid med tredje barn og fått tilbod om å få sjekka at alt var ok –  hadde eg hatt eit ynskje om å ikkje vite. Men me er jo to om det valet. Vern om kvinnene når dei står i slike val. Møt dei med hjertevarme og omsorg.

Dette er eit så omfintleg tema for meg, men eg klarar ikkje tie stille. Som vanleg. Eg har veid for og i mot om eg skal uttale meg eller ikkje. God svangerskapsomsorg må stå i fokus. Eg er av den oppfattning at me tar i mot  det som kjem.  Men som sagt meg og mannen min er to om det.

Min og mannen min sin bagasje frå då eldstejenta skulle kome er langt frå enkel. På eit tidspunkt tidleg i svangerskapet sa dei at ho var borte. Me hadde mista henne. Den kjensla, den var ubeskrivleg. Prøvane steig med gravidhormoner kvar dag. Legane snakka om svangerskap utanfor livmor og operasjon. Legane tok feil. På ultralyd nummer to var det liv. Ni månader etter kom ei stor jente på 4086 kg ut av min CP-kropp

Mitt tips for eit samfunn med eit rikt mangfald er å sikre dei familiane med born med nedsett funksjonsevne økonomisk stønad. Desse familiane er nokre av dei mest sårbare familiar me har i samfunnet vårt. Gje borna og foreldra nok støtte i kvardagen til å klare livet.

Ei stakkars mor som har vaka over barnet sitt kvar dag, fordi det ligg i respirator treng økonomisk fridom til å kvile mellom slaga. Desse må ikkje jagast ut i arbeidslivet. Ein treng ei stødig, varig pleiepengeordning for desse foreldra. Desse foreldra må løftast opp i staden for å bli trykt ned. Me må heller vera på tilbodsida og spørje kva treng du no? Ein kan ikkje seie at ein vil innstramme abortlova og bygge ned dei foreldra som lev med alvorleg sjuke born i samfunnet. Det er uverdig.

Omsorgsløna må og oppjusterast. Brukarstyrt assistanse må nyttast av kommunane til dei familiane som treng avlastning i kvardagen.

“Kjempe mot systemet”

Eg er utruleg stolt av mine to jenter. Men eg må kjempe kvar dag mot ”systemet” for å få lov til å vera den mora eg ynskjer. Eg er sliten no og det er den funksjonsfriske mannen min og.  All rom for spontanitet er borte. Eg klarer ikkje ha den minste i lang tid åleine.

Nokre av dei same som er for endring av abortlova er og kritiske til prevensjon. Eg er usikker på om kroppen min tåler eit svangerskap til. Eg fekk eit enormt press på lungene under begge svangerskapa. Eg draumar om eit barn til, men eg merker at det er urealistisk og med tanke på hjelpebehovet mitt og mangel på hjelp frå det offentlege.

Kva kan samfunnet gjera for å støtte kvinner?

Eg ynskjer ei styrking av helsestasjon for ungdom og ei helsesøster på alle skular. Eg vil og gje ei ekstra belønning til kvinner som får barn, pensjonspoeng eller noko liknande slik at det skal lønna seg å verte mor.I dag er jaget etter utdanning og få ein sikker ståstad før ein set born til verda viktig, det gjer at fleire ventar lenge med å få fyrste barn. Då aukar og risikoen for sjukdom hjå barnet.

Eg er sjølvsagt redd for eit samfunn utan mangfald. Eit samfunn der alle ser heilt like ut. Eg har ei dotter med nedsett funksjonsevne. Ho manglar eit øyre og øyregang på eine sida. Hadde dette vist på ultralyd, ville eg ikkje tatt ho bort av den grunn.Ho har vore mykje sjuk gjennom barneåra og som baby. Ho fekk betennelsar i det friske øyre. Me må framleis vera på vakt kvar gong ho er forkjøla – grunna faren for nye infeksjonar. Ho vert og mykje meir sliten enn andre born. Eg merker det å ha det fleksibelt, sidan eg er 90 prosent ufør, hjelp på. Eg kan la ho vera heima, når det er trong for det. Men det hadde ikkje vore like enkelt om begge oss var ute i full jobb. Hadde eg hatt tvillingar ville eg tatt i mot den ekstra ungen med glede. Håpar eg. Men eg er svært usikker på om det hadde vore noko ekteskap att. Totalpakka er av og til i meste laget.

Men vårt liv er ganske enkelt i forhold til mange andre. Nokre foreldre er ekte omsorgsheltar for sine eigne born fordi dei må. Samfunnet burde hedre desse og prøve å lytte til dei. Desse må samfunnet sjå på ein betre måte.

Stol på oss

Erna og Ropstad, kvar enkelt kvinne klarar å stå på eigne bein, eller i mitt tilfelle hjul. Stol på oss, men gje oss gjerne gode verkty på vegen mot å ta dei vala som passar kvar enkelt. Ta ekstra vare på åleinemødrene som står i det kvar dag, gjerne i halve stillingar for å få livet til å gå rundt. Nokre av desse mødrene har nedsett funksjonsevne. Nokre av desse lev frå hand til munn. Det gjeld og for andre med nedsett funksjonsevne eller foreldre til born med nedsett funksjonsevne.

Hald rundt desse menneska,  kan de vera så snille!!

 

Bilete: privat. 

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.