Nei, abortlova er ikkje diskriminerande

Abortlova er diskriminerande, har Erna Solberg påstått, som eit argument for å endra §2c. Påstanden har fått vind i segla og blir presentert om att og om att som om det var eit faktum. Det er på høg tid å ta føre seg dette argumentet og undersøkja om det stemmer.

Jamfør Likestillings- og diskrimineringsloven er det forbode å diskriminera på grunn av “kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller kombinasjoner av disse grunnlagene er forbudt. Med etnisitet menes blant annet nasjonal opprinnelse, avstamning, hudfarge og språk”. Lova forbyr både direkte og indirekte forskjellsbehandling.

Solberg er sikkert fullstendig klar over at det er feil når ho påstår at abortlova er diskriminerande. Justisdepartementet har ei heil lovavdeling som kunne opplyst Statsministerens kontor om dette.

Direkte forskjellsbehandling er “at en person behandles dårligere enn andre blir, har blitt eller ville blitt behandlet i en tilsvarende situasjon”. Indirekte forskjellsbehandling er “enhver tilsynelatende nøytral bestemmelse, betingelse, praksis, handling eller unnlatelse som vil stille personer dårligere enn andre”. Forskjellsbehandling er dessutan lovleg og ikkje diskriminering dersom det har eit a) sakleg føremål, b) er naudsynt for å oppnå føremålet og c) ikkje er uforholdsmessig inngripande.

Diskrimineringsvernet gjeld for personar, og eit foster er ikkje ein person. Eit foster har derfor ikkje menneskerettar eller rettsvern på lik linje med personar. KrF har programfesta at dei ønskjer ein abortlov “som sikrer livsrett for ufødt liv og tydeliggjør fosterets egenverdi som menneske”. Dersom foster skulle få status som menneske med same rett til liv som personar, er det heilt unødvendig å koma trekkande med diskrimieringsvernet i abortspørsmål. Då vil ein abort per definisjon vera å ta liv. Slike ekstreme synspunkt ligg til grunn for abortlovgjevinga i ei rekke land, med katastrofale konsekvensar for kvinners liv, helse og reproduktive rettar. I Noreg har eit foster eit aukande vern ettersom vekene går, men er ikkje ein juridisk person.

Å snakka om “menneskeverd” og “retten til det ufødte liv” har i denne samanhengen fått ein klang av religiøs fanatisme. Men å argumentera mot “diskriminering” har større gjenklang i befolkninga.

Paragrafen som seier at abort kan skje etter tolvte veke når “det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet” er i juridisk forstand både nøytral og ikkje-diskriminerande. Det fastslår professor Vibeke Blaker Strand som er professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Solberg har underbygd påstanden om diskriminering med at lova gjev ein ubetinga rett til abort på grunn av eigenskapar ved fosteret. Men dette stemmer heller ikkje. Etter veke 12 har ein ingen ubetinga rett til abort, men ei kvinne kan få innvilga begjæring om abort etter bestemte vilkår. Desse vilkåra er saklege medisinske vurderingar, og dessutan balanserer ein fosterets aukande vern med svangerskapslengda opp mot kvinners rett til sjølvbestemming. Som det går fram av lova er det ikkje snakk om diskriminering dersom forskjellsbehandlinga er sakleg, naudsynt og ikkje uforholdsmessig. Dette forklarer jussprofessor Ingunn Ikdahl til nettavisa Journalen.

Diskrimineringsvernet gjeld for personar, og eit foster er ikkje ein person.

Solberg er sikkert fullstendig klar over at det er feil når ho påstår at abortlova er diskriminerande. Justisdepartementet har ei heil lovavdeling som kunne opplyst Statsministerens kontor om dette. Men Solberg, KrF og spinndoktorane deira har heilt sikkert skjøna at denne påstanden kom til å ha ein effekt i debatten. Dersom ein feilaktig påstand berre blir gjenteke ofte nok, så blir det oppfatta som rett. Å argumentera mot abort med Gud og Bibelen i handa har mindre og mindre gjennomslagskraft i eit sekulært samfunn. Å snakka om “menneskeverd” og “retten til det ufødte liv” har i denne samanhengen fått ein klang av religiøs fanatisme. Men å argumentera mot “diskriminering” har større gjenklang i befolkninga. Nettopp derfor har dette vore eit effektivt retorisk grep i debatten. Men etter den mobiliseringa som me no har sett til støtte for abortloven, så trur eg ikkje det blir siger for KrF i denne saka denne gongen heller.

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Norges Lover av Andreas Haldorsen, CC BY-SA 2.0.

 

 

 

 

 

 

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website