Likeløn – frå aksjon til byråkratisk standard

24. oktober gjekk “Likelønnsaksjonen” av stabelen rundt om i landet. Aksjonen sett fokus på det faktumet at kvinner i snitt framleis tener 15 prosent mindre enn menn per time. Likelønnsaksjonen er inspirert av ein kjempeaksjon på Island i fjor. Kvinnene forlet jobben klokka 14.38 24. oktober som ei symbolsk markering av at gjennomsnittskvinna frå det tidspunktet jobbar gratis ut dagen. Islandske kvinner samla seg utføre Alltinget i protest.

Kvinner i Noreg får også mindre uttelling for sitt arbeid enn menn. I 2016 tente norske kvinner i snitt 14,9 prosent mindre enn menn for kvar time ein jobbar. Tala varierer litt frå år til år, men endringane er marginale og ulikskapen held fram.

I den islandske valkampen i 2016 gjorde det nyetablerte Reformpartiet (Viðreisn) likestilling til si viktigaste sak.

Skilnaden er endå større når ein samanliknar menn og kvinner som har barn: Mødrer har ei timeløn på 83 prosent av fedrar si løn. Kjønnsskilnadene er dessutan større jo høgare opp i stillingshierarkiet ein kjem. Medan låglønte kvinner tener 6 prosent mindre enn låglønte menn, tener høglønte kvinner heile 20 prosent mindre enn høgtlønte menn. Dette er snakk om lønnsskilnader per time, der ein har justert for at kvinner i snitt arbeider færre timar enn menn. Samanliknar ein gjennomsnittsløna kvinner får utbetalt men løna til menn, tener kvinner mellom 60 og 70 prosent av menn. Menn si gjennomsnittlege årsløn er på rett over 500.000 og kvinner si på rett under 350.000 kroner.

Situasjonsbildet i Noreg og på Island liknar. Men på Island – i motsetnad til i Noreg – har ein teke grep for å endra på den urettvise situasjonen: Alle verksemder på Island som har over 25 tilsette må bevisa at dei har eit lønnssystem som gjev menn og kvinner same løn for arbeid av lik verdi. Fagrørsla, arbeidsgjevarorganisasjonane og myndigheitene har samarbeida om å laga ein likelønsstandard som verksemdene må følgja. Alle må deretter gjennom ei sertifiseringsordning og få godkjenning. Likelønnsstandarden vart først utforma som ei frivillig ordning som ein del av trepartssamarbeidet, men så skjedde det noko:

I valkampen i 2016 gjorde det nyetablerte Reformpartiet (Viðreisn) likestilling til si viktigaste sak. Dei lova at dei skulle gjera likelønsstandarden obligatorisk dersom dei kom i regjering. Reformpartiet vart – ganske uventa – det tredje største partiet på Island etter valet og gjekk inn i ei koalisjonsregjering. Velferdsministeren frå Reformpartiet valde namnet “Sosial- og likestillingsminister” og markerte på denne måten kor viktig kampen for likestilling i arbeidslivet var for regjeringa.

I 2016 tente norske kvinner i snitt 14,9 prosent mindre enn menn for kvar time ein jobbar.

Det hadde teke fleire år å utvikla likelønnsstandarden, som brukar eksisterande miljøstandardar som modell. Standarden fungerer på denne måten: Først må bedrifter og institusjonar definera kva som er arbeid av same verdi. Ein må vurdera verdien på kvar enkelt oppgåve uavhengig av kven som gjer jobben. Så må bedrifta ha eit formelt system for korleis ein løner folk etter utdanning, kvalifikasjonar og prestasjonar. Bedriftene står fritt til å løna folk ulikt, men lønnsystemet må vera transparent og argumenta uavhengig av kjønn.

Pilotprosjekta som er gjennomførte viser at dei tilsette er positive til å ha eit transparent lønnsystem. Det auker tilliten til at arbeidsgjevaren gjev rettferdig løn, og dette hadde positiv innverknad på organisasjonskulturen.

Men likelønnsstandarden tek ikkje tak i dei normene me vurderer verdien på arbeidet etter. Der er lange tradisjonar for å tillegga oppgåver som menn utfører høgare verdig enn dei oppgåvene kvinner utfører. Likevel er der døme på at likelønsstandarden kan ha positive effektar også her. Leiinga i ei bedrift hadde byrja å spør seg sjølv om det var sånn at dei verdsette kvinnedominerte oppgåver systematisk lågare enn mennsdominerte oppgåver og skulle no gjennomgå nettopp dette. Likelønsstandarden hadde altså opna opp for diskusjonar om likestilling som er breiare enn det standarden strengt teke omfattar i dag.

Dei tilsette er positive til å ha eit transparent lønnsystem. Det auker tilliten til at arbeidsgjevaren gjev rettferdig løn, og dette hadde positiv innverknad på organisasjonskulturen.

Bedriftene som har vært gjennom sertifisering opplever prosessen som krevjande og belastande. Men samstundes verdsette dei positive resultat: Der har til dømes positiv effekt på nytilsette at dei kan kjenna seg trygge på at dei blir behandla og løna rettferdig. Tilsette uttrykte også at dei var stolte over å jobba i framtidsretta verksemder som var opptekne av rettferd, og særleg kvinner fekk større tillitt til bedrifta og lønnspolitikken.

Ei innvending mot likelønnsstandarden er at den berre handlar om lønnssystemet internt i bedriftene og ikkje dei store samfunnsstrukturane som den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. I Noreg er det 45 prosent av forklaringa på dei store lønnsforskjellane mellom menn og kvinner at menn flest arbeider i yrker som er betre betalt. Den norske arbeidsmarknaden er nemleg svært kjønnsdelt. Kvinner dominerer inannfor helse, sosialt arbeid, undervisning og tenesteyting. Innan helse, pleie- og omsorgstjenester er 81,5 prosent av alle tilsette kvinner. I næringar som bygg og anlegg, olje, jordbruk og industri jobbar det neste berre menn. Faktisk er det berre 15 % av oss som arbeider i kjønnsbalanserte yrker (minst 40 prosent av kvart kjønn).

Ei innvending mot likelønnsstandarden er at den berre handlar om lønnssystemet internt i bedriftene og ikkje dei store samfunnsstrukturane som den kjønnsdelte arbeidsmarknaden.

Institutt for samfunnsforskning, som har gjennomgått dei førebels resultata frå den islandske likelønsstandarden, konkluderer likevel optimistisk: “Det likestillingsstandarden gjør er å rette oppmerksomheten mot individuelle forklaringer på hvorfor kvinner tjener mindre enn menn – for eksempel at de ikke er harde nok i forhandlinger – til å etablere et (…) gjennomskinnelig miljø der årsakene til at man utbetaler ulik lønn for likeverdig arbeid, er vanskeligere å mørklegge og skjule”.

Illustrasjonsbilde: Likelønn nå – sykepleier av Oslonatt.

Kjelder:

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website