Kvar er den sola du snakkar om?
Eg ser berre ei grå skodde for dei med nedsett funksjonsevne i den næraste tida,Siv? Du sa den dagen du la fram budsjettet ditt, ” I dag skinner solen igjen over landet” Eg vart berre skuffa. Her fortel eg kvifor.
Siv Jensen la fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett denne veka. Her er det lite å rope halleluja for. Dei svake gruppene i samfunnet vert ramma hardt. Medan skatteletta sit laust for dei som allereie har mykje å rutte med frå før. Det kjennest som eit hardt slag i magen for oss som er kronisk sjuke.
Her er nokre av kutta media nemner:
- Glutensjuke – Regjeringa vil kutta i stønaden til glutenfri kost.
- Kutte i støtta til kommunar med alvorleg skadde menneskjer og personar med nedsett funksjonsevne og legge fleire utgifter over på kommunane. Slik at kommunane må ta større kostnadar sjølve.
- Dei kuttar i dagpengeordninga
- Fri rettshjelp
- Ei innstramming i støtte til tannbehandling
- Dei vil spare inn på bleier til folk med urininkontinens
- Dei vil og kutte i stønad til folk som har den medfødde genfeilen ”Fenylkentonuri.” Dei er avhengige av å fylgje ein spesial diett for å ikkje utvikle alvorleg hjerneskade.
Regjeringa prøver vidare å få det gråe budsjettet til å skine med å love meir pengar til eit inkluderande arbeidsliv. Men å auke midlar til VTA og midlertidige lønstilskot trur ikkje eg er nok. Det viktigaste tiltaket ein kan gjera er å tilrettelegge for menneskjer slik at dei kan gå inn i det ordinære arbeidslivet.
Handikapnytt skriv at Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) er uroa over at unge uføre ikkje vert godt nok ivareteke i det nye forslaget frå regjeringa om å auka bustøtta. Regjeringa vil auka bustøtta for barnefamiliar og andre husstandar. Dette vil og gjelde for uføre som hadde bustøtte før uførereforma i 2015 og at deira kompensasjon skal vera varig. Dette er jo kjempe bra, men kva med dei som er uføre no og har trong for stønad til husvære? Skal dei berre klare seg sjølve? Dette kan gjera folk som allereie har lite til å få enno mindre.
Dette budsjettet håper eg aldri vert realisert. Dette er eit budsjett som kan føre til at fleire hamnar utanfor og hamnar på uføretrygd. Er det verkeleg den vegen me vil gå?
Organisasjonane til personar med nedsett funksjonsevne er skuffa
Potten til aktvitetshjelpemiddel for personar med nedsett funksjonsevne vert heller ikkje auka. I år er potten allereie tom. Det betyr at dei som søkjer no, får beskjed om å søkje på ny til neste år. Men når potten ikkje vert auka vil det føre til at potten vil gå tom på ny til neste år. Å halde seg aktiv har me god forsking på vil gjera personar med nedsett funksjonsevne godt. Det vil igjen auke arbeidsevna og auke skatteinntektene til landet vårt. Hadde ikkje det vore ei god investering? Eg trur og ein kunne fått friskare menneskjer og spart inn på utgifter til sjukehus, medisin, rehabilitering og assistanse og hjelp i kvardagen. Vinn vinn for meg, og vinn vinn for deg, Siv!
Organisasjonar som NHF (Norges Handikapforbund) vert provosert over at ein rosemalar ei BPA-ordning som ikkje fungerer.Det er trist. Eg føler at de ikkje høyrer oss på oss. Me som ikkje har eit A4-liv. Me som har trong for støtte og dialog – i staden for spark i magen.
Organisasjonane møter deg gjerne, Siv for å fortelje dykk kvifor dette er ein dårleg ide – det veit eg! Eg svarar dykk – utan at de treng å spørje. Eg klarar ikkje la vera.
Bilder:
I heart wheelchairs, Jacobo Tarrio, (CC BY 2.o)
Wheelchair, Tom Magliery, (CC-BY-NC-SA 2.0)
Comments are closed.