Ei kvinne som liknar deg

Aller fyrst i dag vil eg gje deg eit innblikk i min kvardag. Eg var usikker om eg klarte å skapa denne teksten, akkurat i dag. Men så kom teksten til meg, slik den gjerne gjer. Eg må starta med kvifor det er viktig å bidra på Maddam. Deretter kjem eg inn på nedsett funksjonsevne og arbeid.

I dag fortalte eg eldste dottera mi om at eg hadde engasjert meg i frivillig arbeid. Får du betalt då? Nei, seier eg. Men då treng du jo ikkje gjera den jobben. Den er jo frivillig. Men eg gjer det slik at andre rundt kan forstå at me er ein vanleg familie, sjølv om mor sit i rullestol. Me sit der med kvar vår kopp med hemmeleg varm sjokolade.Me har bestemt å ta oss noko søtt, berre oss. Midt i veka.  Far og vetlesyster er i jobb og barnehage. Eg føler meg litt uvel frå den evinnelege høstforkjølinga. Immunforsvaret mitt er vaklevorent på vinterstid. Haustforkjølinga kan gjerne vare til fuglane vender heim, og dagane vert lysare.

Grip fast kring arbeidslivet

Likevel grip eg hardt om det eine hjulet inn i arbeidslivet. Skrivinga held meg i gong. Den gjer lungene litt mindre astmatiske, og humøret litt betre. Noregs Handikapforbund, sin uttale til ei undersøking gjort av SSB for ei stund sidan, sa dette

Av de 325 000 funksjonshemmede som ikke var i arbeid 2. kvartal 2015, var det 87 000, eller 27 prosent, som ønsket seg en jobb. Denne andelen har stort sett holdt seg på samme nivå siden 2002.  (Norges Handikapforbund, SSB sin arbeidskraftundersøking 2016)

Det er eit veldig høgt tal.  Har du sett den serien på fjernsynet, som heiter “Alle i arbeid?” I serien møter ein personar – som har autisme, men som er veldig intelligente. Dei scorar høgt på testar hjå psykologen, som til dømes går på logikk og matematikk. Men dei slit ofte i sosiale settingar. Nokon har enorme talent innan teknologi, foto eller teikning.  I intervjua så seier dei ofte. – Eg ynskjer å jobbe, eller eg ynskjer å vera ein ressurs for samfunnet.

Me fylgjer desse unge vaksne med på ferda gjennom jobbintervju, og når dei får prøve seg i arbeidslivet. I denne serien er det slik det bør vera. Verksemder som tørr å satse på menneskjer trass i nedsett funksjonsevne.

Det valet, at eg valde å få barn. Har og gjort det vanskelegare å stå i arbeidslivet. Eg har kome litt og litt, lengre vekk frå arbeidslivet – for kvart barn.  Når eg skulle inn i arbeid for andre gong, passa ikkje malen til NAV meg. Det å vera 50 prosent ufør og 50 prosent arbeidsfør. Mi arbeidsevne med to små – var varierande veke for veke. Den arbeidsevna som eg har no er ca. 20 prosent. Av og til meir, av og til mindre.

Morsrolla kan du ikkje ta pause frå

Morsrolla kan du ikkje pause frå. Mor er du heile livet. Kone kan du heller ikkje ta pause frå, om du gjere det, vil det i så fall berre ramme deg sjølv hardt.

Løysninga mi vart å vera min eigen sjef. Oppstart av enkeltføretak og selje inn meg sjølv.  Ikkje alle fekk vite at eg satt i rullestol. Dei fekk arbeidsprøvar og tok vurderinga ut frå arbeidet mitt.

I dag arbeider eg framleis. Ikkje mykje, men mellom 10-20 prosent. Det er livsviktig for meg. Eg kjem til å skrive til eg dør. Ordsmeden, foretaket,  har vorte den mest naudsynte medisinen eg tar.

Atter ei gong vender eg meg mot deg, Erna

Kjære Erna! Eg vender meg til deg, med ei ny bøn. Eg er ei kvinne – som deg. Ei mor. Skap større rom i samfunnet, til at dei som vil bidra, får det. Ingen medisin vil fungere like godt. Test det, er du snill! Krava og lista må senkast. La folk jobbe det dei maktar, då vil du få mange gode arbeidshender. Motivasjon av verksemder til å sjå menneska bak den nedsette funksjonsevna er naudsynt. Staten må gå føre og vise vegen. Mange vil bidra, det må du vite. Mange kjenner på stigmatisering av å vera ufør. At dei har ein lågare verdi enn andre. Ein del politikarar omtalar oss som late og som snyltarar. Snakk oss heller opp. Berre slik – kan samfunnet sjå verdien i oss.

Og når de skal forske på oss neste gong. Ta dybdeintervju av oss. Spør oss, korleis me som har nedsett funksjonsevne opplev å leve i samfunnet vårt.

Ein ny hashtag

Eg takkar dei som har trua på oss, som lar oss bidra. Takk til deg som ser verdien i meg – som menneske. Takk til deg som gjev meg jobb.

Eg har laga ein ny hashtag i dag – for å løfte fram kvinner med nedsett funksjonsevne. Me er kvinner, med akkurat dei same draumane og tankane – som deg. #EIKVINNESOMLIKNARDEG  La oss stå saman!

 

 

Bileta : Mari S Hansen, private.

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.