3 podkastar til hausten
Sommaren er over, og kvardagen er tilbake. Ein fin ting med kvardagen er at det er mogleg å finne mange gode luker for å høyre på podkast og med det leve seg inn i historier og lære nye ting, samtidig som ein eigentleg gjer noko anna. Podkast gjer i alle fall mine dagar betydeleg betre når eg går til banen, lagar mat eller ryddar og vaskar opp etter middag.
Det er eit tonn med podkastar der ute, og mange gode feministiske podkastar. Her er ei fin oversikt over nokre av desse. Men feministar treng ikkje berre høyre på feminisme-podkastar. Her er tre høgdepunkt frå min podkastsommar, som kanskje kan gjere din podkasthaust betre:
1.Caliphate
Uredde Rukmini Callimachi frå the New York Times har laga ein serie om IS det er lett å bli oppslukt av. Det startar med at me følger historia om Abu Huzaifa, ein kanadisk ung mann som blir rekruttert til terrororganisasjonen. Deretter høyrer me om IS si verksemd frå innsida, før det går over til å handle om konsekvensane av IS sine handlingar. Callimachi dokumenterer den brutale åtferda mot lokalbefolkninga, og møter nokre av kvinnene og dei unge jentene som blei tatt i fangenskap. Ho viser oss på det viset litt meir av kva IS er utover tabloidoverskriftene, med meir nyansar og bakgrunn.
2.Hästgården
Sveriges Radio har laga ein dokumentar om ein hestegård der styraren i fleire tiår både har vore mistenkt og dømt for overgrep mot unge jenter. Alvorstung, men viktig serie som hjelper med å forstå nokre kjente mekanismar som kan vere knytt til overgrep – fornekting, at omgivnadene ikkje vil sjå kva som skjer og overgrepsoffer som ikkje har andre trygge vaksenpersonar å henvende seg til. Korleis kan det skje at hestegården fortsatt kunne drive etter noko sånt? Kva får foreldre til å likevel sende barna sine dit? Og kvifor valte nokre av jentene å heller ville fortsetje å bu der, til trass for overgrepa, i staden for å ville reise heim igjen? Serien forklarer nokre av årsakene til at det av og til kan ta mange år før offer vel å står fram om kva dei har opplevd.
3. Ceasefire
Hilde Restad, som er førsteamanunsis ved Bjørknes, og Emily Charnock, som er historikar ved Cambridge, gjer oss klokare samtidig som dei bruker innestemme. Her blir fenomen som for eksempel gerrymandering forklart på pedagogisk vis, med gode historiske anekdotar. Som tidlegare kollega av Hilde er eg ikkje heilt upartisk i denne tilrådinga, men eg meiner at denne podkasten er løysinga for dei av oss som vil lære meir om amerikansk politikk, men er litt lei av ein USA-debatt prega av USA-ekspertar som kanskje ikkje har så mykje formell USA-kompetanse (om det er lov å seie?).
God podkasthaust!
Bilete: Autumn leaves av Martin Frey (CC BY-NC-ND 2.0).
Comments are closed.