Nokre fødselstips til statsministeren
Fire forslag som (kanskje) kan få opp fødselstala her i landet.
Statsministeren oppmoda for ei stund tilbake folk om å få fleire barn. Samtidig har me ein slags evig gåande barseldebatt i avisene. Mange er uroa over utviklinga med nedgang i liggetid og auke i omfang av fødselsdepresjonar.
Det er eigentleg ganske pussig at me stadig vekk har desse debattane om barselomsorg, når det burde vere noko av det mest grunnleggande i helsetenesta. Det handlar om å få fram nye liv, det mest verdifulle me har. Og det handlar om å trygge livet til dei som fører det nye livet til verda. Barselomsorga burde eigentleg vere gullstandarden i helsetenesta. Likevel sit me her, med uro og fagfolk som ropar varsko. Debattantane skyv ansvaret fram og tilbake, mellom statsrådar og helseføretak, mellom kommunar og kvinner.
Om statsministeren kjem denne uroa i møte med å ta ansvar sjølv gjennom nokre gode politiske grep, trur eg det kan hjelpe ho med å bidra til at det blir født fleire barn her i landet. For sjølv om barselomsorg nok ikkje er det fyrste argumentet som kjem, verken for eller mot å få barn, når den debatten dukkar opp i familiar rundt om kring, er eg ikkje i tvil om at det speler inn i vurderingane mange gjer.
Difor har eg laga ei lita hugseliste med tips og triks til regjeringa for å kome betre i gong med arbeidet med å få fleire barnefødslar her i landet. Her er lista:
Fødselstips nummer 1: Ikkje sett livsviktig barseltilbod ut på anbod
Tenk på alle dei som bur i Nord-Noreg og no har hatt ein periode med mange ambulansefly på bakken, som følgje av ein kaotisk anbodsprosess. Ikkje berre har det mangla fly i lufta, men flya som har blitt sett inn i reserve har mangla kritisk utstyr for å ta vare på alvorleg sjuke eller for tidleg fødte barn. For familiar som er avhengige av desse flya fristar det kanskje ikkje spesielt mykje med ein fødsel akkurat no. Sjølv trur eg nok at eg ville ha venta med familieauka til eg visste at det var pilotar, mekanikarar og fly trygt på plass. Anbodsopplegg, der ein planlegg innsparingar ut i frå at dei tilsette må gå ned i lønn ved kvart einaste anbod kvart sjette år, høyrer ikkje heime i grunnleggande helsetenester som dette. Det er i alle fall ikkje noka god oppskrift på fleire fødslar i nord.
Fødselstips nummer 2: La fellesskapet, ikkje mor, ta rekninga når mor blir skada i fødsel
Det er alltid risikabelt å føde. Sjølv om det med dei aller fleste går veldig bra, risikerer ein alltid noko ved å velje å føre fram eit barn. Nyleg har NRK fortalt om Tonje, som for ti år sidan hadde ein fødsel som ga ho alvorlege skader. I ettertid har ho blitt delvis ufør og i ein krevande økonomisk situasjon. I dag er regelverket sånn at dersom ein kan dokumentere at skaden kjem som følge av svikt i behandlinga, kan ein få erstatning. Kjem skaden som følge av «kjent risiko» ved fødsel og ikkje manglar ved behandlinga i seg sjølv, kan ein ikkje få erstatning. Det betyr at kvinner ikkje berre risikerer helsa si ved å føde, men også framtidig inntekt.
Tonje søkte om erstatning i etterkant, men trass særs mangelfull journalføring frå sjukehuset som gjer at det er veldig uklårt kva som eigentleg skjedde, fekk ho ikkje det. Sånn har det gått med 7 av 10 av dei som erstatning etter fødsel.
Helseminister Bent Høie forklarer til Stortinget på eit svar på spørsmål frå Kjersti Toppe (Sp) dagens praksis med at for eksempel:
«bruk av tang eller vakuum (vil) kunne være livreddende. Store skader som følge av slik nødvendig og korrekt utført behandling vil ofte bli vurdert som utslag av en risiko som må aksepteres.»
Han ser heller ingen grunn til å endre på systemet:
«Jeg mener at retten til å få erstatning skal være lik for alle pasientgrupper og at vi bør holde fast ved at pasientskadeordningen skal gi erstatning for skader som skyldes helsehjelpen pasienten får.»
Han meiner altså at det fortsatt er rett at kvinner ikkje berre risikerer helsa si, men også at dei kan risikere å stå i ein værs vanskeleg økonomisk situasjon dersom det skulle gå galt, med svakare rettar enn andre som får skader etter opphald på sjukehus.
Dagens praksis, som statsråden omtaler som “lik for alle pasientgrupper”, råkar kjønna skeivt, naturleg nok. Denne «risikoen som må aksepteres» for å bære fram barn, til glede for både kvinner og menn, tas systematisk av dei fødande kvinnene. Menn burde kunne godta lett som ein plett at litt meir av skattepengane deira går til å gi dei kvinnene som er uheldige grunnlag for å ha ein levestandard på nivå med resten av oss. I fellesskap kan me stille opp her, som me gjer så fint på så mange andre område.
Her burde det altså vere enkelt for helseministeren og statsministeren å rydde opp og få på plass ein ny regel – kvinner burde få rett til å få erstatning dersom dei får alvorlege skadar som følge av fødselen, på line med andre alvorlege skadar som skjer på sjukehus.
Fødselstips nummer 3: Øyremerk det det kostar å ha ein forsvarleg barselomsorg
Brselomsorg er, som dei fleste andre helseområde, eit felt der politikarane systematisk skyver ansvaret nedover i systemet. Etter at ein tidleg på 2000-talet fekk den behagelege ordninga med «helseføretak», der sjukehusa våre er organisert i selskap med styre der politikarane ikkje skal blande seg for mykje inn i drifta, har det blitt lettare å vere helsepolitkarar og vanskeleg å vere engasjert i helsepolitikk. For kven skal ein seie i frå til, når politikarar peikar på styra og styremedlemene peikar på trange budsjett?
Då Bent Høie blei helseminister, sa han at han ville at eventuelle demonstrasjonstog rundt dårleg helsetilbod i helse-Noreg skulle rettast mot han. Fint det, men i praksis peikar han i denne debatten likevel systematisk på andre enn seg sjølv, ved å vise til at dette er ansvaret til helseføretaka og kommunane. Og då hjelper ytringa om å ha ansvar lite, når han i praksis ikkje tar det likevel.
I debatten om fødselsomsorg peikar for eksempel helseministeren på at Dei nasjonale retningslinene for barselomsorgen er gode, og at desse skal følgast av helseforetaka og kommunane. Det er vel og bra. Spørsmålet er om regjeringa gjer noko når dei ser at sjukehusa og kommunane ikkje har rammer til å følge opp desse retningslinene, fordi dei ikkje har nok pengar, jordmødre eller rom eller kva det skulle vere. Vårens stortingsbehandling av barselomsorgen ga inntrykk av at dei ikkje såg ut til å ville gjere det. To eksempel: liggetid og jordmormangel.
Dei siste ti åra har gjennomsnittleg liggetid på sjukehusa gått ned frå 3,2 døgn til 2,7 døgn. På høyringa i Stortinget om barselomsorg var deltakarane tydelege på at bakgrunnen for dette var økonomiske innsparingskrav. Regjeringa burde difor kunne garantere at dei framover gir nok pengar for å sikre at liggetida ikkje går vidare ned på grunn av innsparing. Øyremerking kan bidra til det.
Det er også mangel på jordmødre. I kommune-Noreg manglar det 600-700 jordmødre for å oppfylle dagens retningsliner. I regjeringas opplegg for neste års kommuneøkonomi er det ikkje er midlar til å rette opp i dette. Det er openbart at dersom kommunane skal ta ansvaret dei har fått for god barselomsorg, må dei også få pengar til å gjennomføre det i praksis. I dag står me i den umoglege situasjonen der kommunane ikkje er økonomisk rusta til å ta det ansvaret dei har fått. Og framover planlegg ein at kommunane skal ha enno meir ansvar, utan at det er sikkert at dei får nok pengar til å løyse oppgåvene på godt vis. Kven kan ta ansvar for å fikse det? Det er naturleg nok regjeringa, som sit på den store pengesekken og kan rette opp i uretten.
Fødselstips nummer 4: Slutt å gi kvinner dårleg samvit for å fortelje om uro eller dårlege fødselsopplevingar
Barselomsorg engasjerer. Det er ikkje rart. Det er ein av dei få gongane i livet mange av oss står tett på både livet og døden, smerte og lukke. Difor kjem også sterke historier fram når me diskuterer tilbodet. Det kan naturleg nok verke skremmande for resten. Og det kan og gi eit skeivt bilete, særleg med tanke på at mykje også er bra med norsk barselomsorg.
Me kan likevel ikkje skyve debatten under teppet. Det er nettopp det regjeringa gjer når debatten kjem, og dei kritiserer kritikarane for å skape bekymring. Bent Høie har ved fleire høve kritisert faginstansar som Jordmorforeningen for å «skape bekymring» når dei kjem med si faglege uro for utviklinga . Og Sylvi Listhaug sa noko liknande i stortingsdebatten om barsel i vår. Ho sa:
Når jeg leser disse forslagene og hører diskusjonen som går omkring det, får jeg inntrykk av at tilbudet i Norge er dårlig. Dette er mer egnet til å skape bekymring enn faktisk å gi dem som nå venter barn, en ro på at de kommer til å møte et godt helsevesen i Norge som gir fantastisk service.
Eg er heilt usamd i den vurderinga. Eg meiner det er nødvendig at kvinner, fagfolk og pårørande fortel historiene sine og om uroa si. Korleis skal me elles kunne forbetre det som ikkje er bra nok? Det ville vere til alle gravide kvinners fordel om baksida ved barselomsorga kom opp i lyset og blei rydda opp i, sjølv om fleirtalet heldigvis sit igjen med positive erfaringar.
Sjølv skulle eg gjerne hatt litt meir debatt og politikk rundt for eksempel kvinner som Tonjes historiar før eg fødte mitt barn. Då min fødsel stoppa litt opp på sluten og det byrja bli lite luft til barnet, måtte dei bruke tang for å få han ut. Eg hugsar eg fekk eit søkk i magen då dei fortalte at dei måtte bruke tang. Eg hadde ikkje tenkt skikkeleg gjennom at det kunne skje, og ikkje satt meg nok inn i kva det betydde. Der og då var det naturleg nok ikkje tida for å ta ein grundig prat om det, så det var berre å stole på helsepersonalet og la dei gjere jobben sin. Det gjekk heldigvis veldig fint. Men no i ettertid er det rart å tenkje på at dersom eg hadde blitt alvorleg varig skada av den tanga, hadde eg mest sannsynleg ikkje fått erstatning, fordi dette er det helseministeren omtalte som ein «risiko en må akseptere». Takk og pris for at eg ikkje visste det, kan ein jo tenkje i etterkant. Men aller helst skulle eg ynskja at Tonjes historie hadde kome fram for før, og at politikarane hadde rydda opp i uretten for lenge sidan.
Folks historier hjelper oss med å forstå omfanget av problema med ein for dårleg barselomsorg. For sjølv om det er eit lite mindretal som møter problem, er det jo også mange rundt som kan blir ramma dersom ting blir vanskelege. Krf- representant Olaug Bollestad fortalte for eksempel sjølv ei sterk historie i debatten om dette i Stortinget i vår, om korleis mor hennar var råka av fødselsdepresjon. Hadde mor hennar vore på sjukehus i staden for heime etter fødsel, kunne det fødselsdepresjonen blitt oppdaga før og familien kunne fått hjelp tidlegare. Sjølvsagt bør historier som dette bli fortalt. Dette er avgjerande hendingar i folks liv og barns oppvekst som kan bli rydda opp i gjennom ein betre politikk. Føresetnaden er at politikarane med fleirtalsmakt tar desse historiene på alvor og møte problema med vilje til å bruke pengar og politikk.
Tryggleik kan gi fleire barn
Dette var altså fire punkt for ein betre barselomsorg. Eg trur densse forslaga kunne gitt oss fleire eineståande og nye liv, med lukkelegare foreldre til å passe på dei små. Så kom igjen, Erna Solberg og Bent Høie! Gi oss eit betre system som gjer det enno finare og tryggare å setje fleire barn til verda!
Bilete: vaktrom_kirurgen_harstad_270111-web av Universitetssykehuset Nord-Norge (CC BY-ND 2.0) .
Om forfatteren

trine
Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.
Related Posts
-
Hør barselbrølet
“Jeg tror det er noe galt med babyen.” Det er først nå, drøye ni måneder senere, ni altoppslukende, fantastiske, intense, tøffe, nydelige måneder som foreldre, […]
Dråpe for dråpe
For kort tid siden kom Marie Landmarks andre bok, Til slutt blir du selvlysende (Forlaget Oktober, 2020). Da jeg leste boka, opplevde jeg den som […]
Comments are closed.