Mor slit med å navigere i bornas univers
Eg er usikker om det var betre før, med dei mediekanalane me hadde då. Men no er dei vala born og ungdom har – så mange fleire. Det er vanskeleg for mor å navigere seg blant bornas appar og TV-kanalar. Eg samanliknar mine valmoglegheiter i barn og ungdomstid med dottera mi sine.
Før turna dottera på plenen. Ho gjer det framleis, men no er det dansen frå spelet Fortnite som gjeld. Spelet veit eg ikkje anna om enn av reklamane ser det valdeleg ut. Ho har ikkje spelt det og ho får aldri lov. Ho er åtte år. Dansen har ho sett på skuleplassen. Denne gongen vil eg ta opp det kaoset eg som mor føler på i forhold til ulike mediekanalar. Eg har sjølv ei utdanning innan media og PR. Trass i utdanninga kjenner eg på vanskar å navigere meg rundt i dottera sine ynskjer om spel og TV-sjåing. I dei fleste spel og TV-seriar er jentene sine midjemål smale og gutane ser ut som ein disneyprins. Eg kviskra til døtrene mine her om dagen under filmen ”Ballerina”. – Her er damene og jentene veldig tynne, berre så de veit det.
Dottera mi er ganske sur for tida, fordi ho ikkje får spele Moviestarplanet heime. Eg har berre sett på bileta frå appen og sett fleire åtvaringar om spelet på nett. Eg er sjølvsagt redd for at jenta mi, skal verte lurt av ekle personar – som vil barnet mitt vondt. Det er mi verste frykt som forelder. Men når det florerer med appar, kan det gjera ei stakkars mor litt motlaus i kaoset. Eg lar aldri borna få ta nettbrettet ut av stova, dei skal nyttast der me vaksne er. Jenta mi har ikkje mobil. Me har ein avtale at ho skal få når ho er 10.
I fylgje Medietilsynet si undersøking frå i år, nyttar 49 prosent av alle born og unge i undersøkjinga mellom 9 og 18 mobilen – meir enn to timar om dagen. Det er veldig mykje, synes eg.
Gjekk til innkjøp av parabol
Då eg var yngre var eg var absolutt ein av dei siste i gjengen, som fekk parabol. På Svartveit, garden i Hardanger, var fjella for høge til å ta inn signala. Det gjorde meg sjølvsagt fortvila i tennåra. Heldigvis sendte TV 2 både Home and away og Helene og gutta. Klistremerka som eg samla frå Buggen var ofte av kjekke stjerner som føltest fjerne for meg. Når eg var 17 og flytta ut på hybel i Odda gjekk eg til innkjøp av parabol saman med mamma som måtte stå som eigar. Når parabolen var i hus såg eg meg opp på (hold deg fast) Sex og singelliv. Heldigvis såg eg på politikk og. Ei Kristin Halvorsen og ei ung Inga Marthe, var veldig kule. Aslak Sira Myre var jo og litt kul.Mariah Carey og Celine Dion vart skifta ut med Tracy Chapman og Alanis Morisett. JoJo Siwa som dottera mi høyrer på – er langt frå Jannickekassettane, men heller ingen Britney Spears. Sjølv om ho har litt enkle tekstar.
Eg innrømmar lett at eg sleit med utsjånaden min
Eg innrømmar lett at som tenåring sleit eg med utsjånaden min.Eg har Cp sit i rullestol og var i periodar i bardommen rund. Eg vart sett på slankekur. Eg hadde få og samanlikna meg med. I ein periode trena eg mykje og hadde mykje vondt i magen. Eg åt lite. Eg hadde aldri eteforstyringar, men eg sleit med kroppen min. Idola då, slik som i dag var tynne. Men me hadde ikkje sosiale medium, ikkje mobil. Eg fekk min fyrste mobil som 16-åring. Den kunne ein ringe og sende meldingar med. Eg vil at jentene mine skal ha eit bra forhold til kroppen sin. Ingen er lik. Eg har ei dotter som manglar eit øyra, men ho er jo like fin for det.
Dessutan om ein går attende til barneskulen song me “I natt jag drømde”, minst ei gong i veka med den supre læraren vår. Me gjekk i arva klede (i alle fall eg) og verda virka ganske enkel. Slik verkar det ikkje ikkje i dag. Heldigvis fekk me tidlegare i år, eit påbod av merking av retusjerte reklamar. Det er eg glad for, sjølv om jenta mi på åtte anar ikkje kva retusjering er ei gong. Ho tenkjer lett alt er ekte vare.
Eg seier nei og er skeptisk til appar for barn med likes
Musical.ly er ein app som Medietilsynet definerer som eit sosialt medium, der kan born og unge herme etter ein song og så kan andre ungar kome med likes. Ein ung gut eg overhøyrte ei for litt sidan skrøyt over sine likes medan ho han prata med sa at ho hadde nesten ingen. Dottera mi vil ha Muscal.ly, eg seier nei. I fylgje brukarvilkåra er det 13 års grense. Skal borna våre vurderast av likes? Er det Ok?
Favorittkanalen til dottera mi er Nickelodeon, no i ferien har me sletta den frå abonnentet. Eg orkar ikkje meir sminkedokker, du er dum, du er kul. Seriar utan handling. Det er få som liknar på oss. Mor i stol og far som spring maraton. NRK har dei beste seriane framleis, synes eg. Av og til kjem det skikkeleg god kvalitets-barnetv.
No har jenta mi skifta til Disneykanalen, den er ikkje det spor betre, men det som gjer meg glad at ho les bøker, ho har lest om Miljøagentene. Eg fann og ei bok om femnisme på biblioteket for barn. Ho likte den ikkje. Men eg skal prøve att.
Lærarar må starte tidleg å prate om nettvett, kva som er ekte og uekte. Den diskusjonen må me som foreldre tørre å ta og. I år har me bada masse og høyrt på lydbok ute. Det er utruleg godt å logga av.
Bilete:Biletetekst: Den skal tidlig krøkes – touch screen cellphone barnefinger av Øyvind Holmestad –
Wikimedia Commons, creative commons attribution-share Alike 4.0 International license.
Comments are closed.