Gamle sangar om igjen – kvotespørsmålet i foreldrepermisjonsordninga

Foreldrepengar og fedrekvote må vera det kjønns- og likestillingspolitiske spørsmålet som har ført til mest debatt dei siste 25 åra. Første juli i år vart kvota endra for sjuande gong sidan ho vart innførd i 1993. Her er ei oversikt over dei faktiske endringane i kvotene (oversikta inkluderer ikkje andre endringar, t.d. auke i total permisjonstid etc):

1993: Fedrekvote på 4 veker
2005: Fedrekvote på 5 veker
2006: Fedrekvote på 6 veker
2009: Fedrekvote på 10 veker. Kvota blir også gjort gjeldande for medmødrer, som ein konsekvens av medmorforskrifta.
2011: Fedre/medmødrekvote på 12 veker
2013: Fedre/medmødrekvote på 14 veker. Eiga kvote for biologisk mor vart innførd for første gong, også den på 14 veker.
2014: 10 veker fedre/medmødrekvote og mødrekvote
2018: 15 veker fedre/medmødrekvote og mødrekvote

På same måte som alle dei føregåande endringane, har årets endringar førd med seg ein oppheita offentleg debatt. Kvar einaste gong nokon føreslår ei endring i foreldrepermisjonsordninga, eller kvar einaste gong ein meir eller mindre profilert person uttaler eit eller anna om ho, så er debatten i gang igjen. Stort sett med dei same argumenta etter dei same gamle skiljelinjene:

Eg må seia at eg likevel undrar meg litt over at årets endringar, som altså betyr éi veke lengre kvote på kvar samanlikna med 2013, får så mange til å framstilla det som at dette er katastrofe for mødrer og barn.

På den eine sida: (Fedre)kvote er naudsynt for at mødrer og fedrar skal dela meir likt på omsorgsarbeidet og lønnsarbeidet. Det er viktig for likestillinga i familien og i arbeidslivet. Utan kvote til far blir det lite eller inga permisjon på dei fleste fedrar, sjølv om foreldra i prinsippet kan dela permisjonen fritt mellom seg. Reguleringar er naudsynte for å endra seigliva kjønna praksisar, mener mange.

På den andre sida: Kvoter trugar familiane sin fridom til å velja kva arbeidsdeling som høver best i deira situasjon. Dessutan er det biologiske mødrer som gjer den reproduktive jobben med å gå gravid, føda og amma. Like formelle rettar ser bort ifrå det faktumet. Lang kvote til far/medmor er i praksis å ta ifrå mor viktige opparbeidde rettar som sikrar at mødrer kan restituera etter fødsel og amma i tråd med helsemyndigheitene sine tilrådingar, hevdar mange.

Me har vore vitne til ikkje mindre enn ein fedrerevolusjon. Norske fedrar tek aktivt del i omsorga for små barn, på ein heilt annan måte enn for 25 år sidan.

Blant dei politiske partia på Stortinget har Arbeiderpartiet, Raudt og SV stort sett følgd den første argumentasjonen, medan KrF, Høgre, FrP og Venstre tidelgare har støtta den andre argumentasjonen. Men no er det altså ei regjering som består av Høgre, FrP og Venstre som står ansvarleg for å innføra det mest omfattande kvotesystemet nokon sinne. Rett nok er det berre snakk om ei lita justering samanlikna med dei 14 vekene som dei raudgrøne innførde før dei gjekk av. Men FrP og Høgre reverserer altså den reverseringa dei gjorde i 2014. Mykje har openbart skjedd sidan 1990- og 2000-talet.

For det første har me vore vitne til ikkje mindre enn ein fedrerevolusjon. Norske fedrar tek aktivt del i omsorga for små barn, på ein heilt annan måte enn for 25 år sidan. Heteropar delar no nokså likt på den jobben det er å ta vare på ungar. I takt med auka har fedrekvota også blitt stadig meir populær. I 2015 tok 70 prosent av fedrane ut kvota eller meir, og det er ei auke på 10 prosentpoeng sidan 2008.

I Høgre har det lenge vore usemje i kvotespørsmålet. Erna Solberg sjølv gått ut med at ho er tilhengar av kvote.

For det andre har stemninga på Stortinget og i det partipolitiske landsskapet også endra seg. I Høgre har det lenge vore usemje i kvotespørsmålet. Erna Solberg har erklært seg som tilhengar av kvote. Venstre har openbart også endra standpunkt sidan tidleg 2000-talet, men eg skal ikkje seia for sikker kva tid. I starten av denne perioden, før regjeringsalternativa var avklart, fremma Ap forslag om å gjeninnføra dei 14 vekene dei og SV hadde innførd. Dei fekk støtte frå KrF og Venstre, noko som betyr at også KrF braut med sitt tidlegare standpunkt. Høgre og FrP røysta mot slik dei alltid har gjort. Men under Jeløyaforhandlingane med Venstre skjøna dei nok at slaget var tapt. Det var fleirtal på Stortinget for ei auke i kvotene, og resultatet vart at dei toppa AP med ei ekstra veke.

Endringane har nok ein gong vekt til live ein polarisert debatt som engasjerer mange. Fødslar, barn og likestilling og arbeidsfordeling i parforholdet går mange av oss svært tett på livet, på kroppen og identiteten. Men det er ikkje berre når det gjeld eins eige liv at folk kastar seg inn i debatten. For majoriteten hadde endringane i ekteskapslova i 2009, som gav folk rett til å gifta seg med ein person av same kjønn og medmødrer rett på permisjonskvote, ingen praktiske konsekvensar i deira liv. Likevel var det mange heteroar som kjempa knallhardt mot endringane. Organiseringa og reguleringa av familieliv og reproduksjon er brennbart. Det personlege er og blir politisk – anten det gjeld våre eigne erfaringar og privatliv eller andre sitt.

For majoriteten hadde endringane i ekteskapslova i 2009, som gav folk rett til å gifta seg med ein person av same kjønn og medmødrer rett på permisjonskvote, ingen praktiske konsekvensar i deira liv. Likevel var det mange heteroar som kjempa knallhardt mot endringane.

Men eg må seia at eg likevel undrar meg litt over at årets endringar, som altså betyr éi veke lengre kvote på kvar samanlikna med 2013, får så mange til å framstilla det som at dette er katastrofe for mødrer og barn – eit anngrep på kvinners rettar og eit trugsmål mot amming og dermed barnets helse. Dersom det vedvarande mønsteret med at biologiske mødrer tek heile si kvote og heile fellesperioden vedvarer, så vil dei aller fleste mødrer ta ut 31 veker – det vil seia 7-8 månader – foreldrepermisjon med 100 prosent løn, eller 2-3 månader til med 80 prosent løn. Når ein byrjar i jobb igjen har ein dessutan krav på 2 timar ammefri.

Maddam har også engasjert seg tungt i kvotespørsmålet:

Kjelder:

Illustrasjonsbilde: Father & Child av ImageManHunter, CC BY-NC-ND 2.0.

 

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website