Sumayas samtalar

Sumaya Jirde Ali og Camara Christina Lundestad Joof debuterer som sakprosaforfattarar. Dei to hadde boklansering på Stormen bibliotek i Bodø denne veka.

Ho kom til Noreg som sjuåring, las Sumaya. Når ho og venene gjekk i lag på gata i mørkret i Bodø, passa ho på å gå under lyset av lyktestolpane. Slik at ingen skulle seia at ho var så svart at ho var usynleg i mørkret. Slik at ingen skulle kommentera hudfargen hennar. Sumaya reflekterte over korleis ho i barndommen heile tida prøvde å vera mindre annleis, mindre av det ho var og meir av noko anna. I boka Ikkje ver redd sånne som meg skriv ho om dette. Om oppveksten i Bodø og om overgangen til ung vaksen og hennar erfaringar som samfunnsdebattant. Det er alltid nokon som vil pressa meg til å spela på ein annan bane med andre spelereglar, sa Sumaya. Dei krev at eg skal vera takksam for at eg i det heile får vera i Noreg og vil ikkje la meg kritisera aspekt ved det norske samfunnet. Som om norske institusjonar ikkje tilhøyrer meg like mykje som dei.

Camara las frå si bok Eg snakkar om det heile tida og skildra erfaringar med rasisme, om kva det vil seia å vera norsk og brun i huda. Dei små negerbarna til mamma, vart ho og brørne kalla i familieselskap. Og då den sju år gamle Camara stolt gjekk rund med nordlandsbunaden som hadde vore i familien i lange tider, kom to eldre kvinner bort og slo ho på armen med paraplyen og sa ho skulle skamma seg og at ho ikkje hadde rett til å gå med bunad. Som barn hadde eg ikkje eit språk for å snakka om dette. No snakkar eg om det heile tida, sa Camara.

Som tilhøyrar på arrangementet var eg glad for å sleppa ein diskusjon om rasisme i eit panel av sju kvite og ein brun person. Ingen meiner noko vondt med å kalla folk N-ordet, liksom. Køyr debatt. Me har hatt nok av det. Men i denne arrangementsserien – Sumayas samtaler – er det Sumaya som har regien og har invitert inn ei rekke spennande og viktige stemmar til å samtala med henne. Denne veka var det ho sjølv og Camara som las frå og snakka om bøkene sine i ein samtale med litteraturvitar Kristina Leganger Iversen. Til hausten kjem Zeshan Shakar, forfattar av Tante Ulrikkes vei.

Bøkene til Sumaya og Camara er ein del av serien Norsk røyndom som Samlaget gjev ut i samband med at forlaget feirer 150-årsjubileum. Takk Sumaya Jirde Ali og Camara Christina Lundestad Joof for ein berikande samtale. Eg gler meg til å lesa Eg snakkar om det heile tida og Ikkje ver redd sånne som meg. Og ikkje minst til neste utgåve av Sumayas samtaler på Stormen!

Foto: Helga Eggebø

Les også:

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website