Eg er verken katalanar eller spanjol

 

Eg har tatt ein prat med Sonia Munoz Llort om spenninga rundt eventuell lausriving av Catalonia frå Spania.  Sonia er ein av dei faste Maddamene og kjem frå ein liten by utanfor Barcelona. Dette er hennar tankar kring dette temaet og litt om politikken i Spania generelt.

For Sonia er diskusjonen om lausriving av Catalonia frå Spania, noko ho verken er for eller i mot. For henne er det like viktig å finne ut, eller diskutere kva politiske modellar landet generelt skal styrast etter.

 Bakteppet til uroa i Spania og Catalonia

Sonia meiner at bakgrunnen hennar er lik halvparten av katalanarar – ei blanding av katalanar og spansk. Mor  er katalanar og far hennar, kjem frå ein stad utanfor Madrid. Der bur det og flest tilhengarar av Franco og meir nasjonalistiske konservative spanjolar, fortel Sonia.

 

-Mitt tilfelle er overhovudet ikkje rart, på 60-70 talet, på slutten av diktaturet var det ein del migrasjon særskilt frå sør og sentrum av Spania til Catalonia, – fordi Franco opna den spanske økonomien for internasjonal kapital. Det er bakgrunnen for dagens økonomisk nivå i Catalonia, seier ho vidare.

 

Franco dødde i 1975, etter dette gjekk Spania over i ein periode som vert kalla ”Transicion” Omgrepet vert nytta for å forklare Spanias overgang til demokrati.

– Men ein må ha litt i bakhovudet at dette vart ikkje ein reell demokratisk overgang, med tanke på at alle dei som utarbeida grunnlova, og personar med tidlegare ministerpostar som danna nye politiske parti. Dei var tidlegare medarbeidarar eller funksjonærar for Franco. Så dei gjekk frå å vera medverkarar i Francos apparat, til å verte såkalla politikarar. Difor må ein ta alt med ei klype salt, fortel ho.

Det vart demokratisk i den forstand at ein fekk lov til å røysta. Men rammene var framleis veldig konservative.

– Det er mange etatar i Spania som er uendra sidan diktaturet, seier Sonia.

 Regjeringa i Catalonia vil lausriva seg –  Kva vil befolkninga?

Den katalanske regjeringa  har sidan 2014, då dei fyrste uformelle vala vart haldne – hatt eit ynskje om lausrivning frå Spania.

Grunnen til dette, er rett og slett fordi den spanske regjeringa har innskrenka veldig mykje av Catalonias autonomi. På 80-90 talet bestod Spania av fire kulturelle statar med eigne språk og sjølvstende på fleire felt.  Andre dømer på dette er Baskerland og Galicia. Dei hadde sjølvstende på til dømes økonomi, eigne regjeringar, Dei  har og  bygd eigne helse og utdanningssystem.

Sonia forklarer at graden av sjølvstyre  har jo vore avhengig av Madrid – den spanske staten. Men dette har variert alt etter politiske svingar, sosialistiske eller ikkje sosialistisk styre – i kva grad desse statane har hatt sjølvråderett.

-Sidan 2011 har det vore eit fleirtal med det høyrekonservative partiet i den spanske regjeringa.. Dei har endra ein del lover. Den sjølvstenda vi hadde er betrakteleg mindre. Menneskerettane er mindre, ikkje berre for katalanarar, men for alle innbyggjarar. Vi har hatt ei stor økonomisk krise sidan 2008. Den har ramma landet hardt, fortel Sonia,

Konsekvensane av alle desse faktorane –  har medført at det har oppstått ein del sosiale rørsler som er i mot dei økonomiske kutta og utkastingar av folk. Folk meinte at dei redda bankane og ikkje folket. Desse sosiale rørslene vart nytta som argumentasjon frå den katalanske regjeringa for lausriving. Det er der vi står i dag, meiner ho.

I den siste folkerøystinga var det ikkje slik at det var flest røyster for lausrivning frå Spania. Dei hadde fleirtal i 2014. Men etter det vart problem mellom begge regjeringane, gjorde det folk meir usikker.

 

Sonia meiner at Katalonia har køyrt ei hard linje mellom katalanarar og ikkje katalanarar

– Regjeringa i Katalonia har køyrt ei ganske nasjonalistisk linje mellom å inkludere eller ekskludere dei som er katalanarar eller ikkje. Og det er nok ein stor tabbe. Mange av oss i befolkninga – 60 prosent er ikkje katalanarar i fleire generasjonar. I alle fall ikkje med begge foreldre, seier den glade katalanske kvinna.

For Sonia betyr sjølve spørsmålet om lausriving lite

– Eg er fullstendig likegyldig , fordi det er det same for meg. Eg synes at folk skal høyrast. Eg synes folkerøysting er greitt å ha. Samstundes vil eg ikkje at dei skal danne ein ny stat med ei ny parlamentaristisk regjering. Eg er friheitssosialist og eg meiner det finst andre måtar reint politisk for å organisera dette på. Å ha nok ei regjering med ein politisk elite, synes eg ikkje er ein god politisk løysning. No har me moglegheit til å gjera noko som, er meir direkte demokratisk.  Men eg er i mot statsundertrykking uansett kven som utfører det. Det har den katalanske regjering og utført mot sitt eige folk. Det vart ikkje lagt merke til, internasjonalt, men det har skjedd. Difor vert dette spørsmålet – for eller i mot lausriving, veldig ope for meg. Om dei vil danne ei gruppe, er det heilt greitt for meg, så lenge ein ikkje har eit palamentaristisk system, att. Det er det, dei vil. Kanskje det hadde vore betre enn å ha vore under ein nasjonalistisk regjering, spør ho?

 

Men no er det sosialistisk regjering att – i Madrid, etter ein korrupsjonsskandale og et mistillitsforslag mot den tidlegare konservative statsministeren, Mariano Rajoy.

– Men det er ikkje noko forskjell no heller. Kanskje det er  litt meir ope og kanskje ein ikkje så konfronterande stil,. Kanskje det vert lettare å forhandle mellom den spanske og den katalanske regjeringa, undrar Sonia.

Eg spør på kva måtte har menneskerettane vorte innskrenka i Spania?

– Det er fyrst og fremst ytringsfridomen som har vorte innskrenka og det juridiske systemet. Dei har av og til gått utanom det juridiske systemet, og fengsla folk utan grunn. Det har vore tilfelle av tortur. Det er mykje grusamt som ikkje kjem ut på eit internasjonalt nivå.

Kva politisk system hadde du innført i Katalonia om du kunne velje?

Sonia ler, eg hadde nok innført eit slags kommunalt system, utan noko regjering. Litt  meir direkte demokratisk. Utan politiske parti, eg tenkjer at folk klarer fint å organisere seg på den måten. Eit litt friare samfunn. Eit føderalt system, der alle samarbeider. Der ingen bestemmer over dei andre. Avgjersler tas i plenum om sakene som opptar folket.

Det er nokon få stemmer som har den same tankegangen som eg har

Me synes det er ubehageleg å verta konfrontert i Katalonia – med er du katalanar, eller er du spanjol? Eg tenker alltid, men kjære, vene, – Det har jo ingenting å seie?

Sonia har og møtt Katalanarar i Noreg ,som spør om ho lærer borna katalansk heime? Då tenkjer ho det same.  – Det kan dei jo lære seg etterkvart, fortel ho. Slike nasjonalistiske følelsar gjere at vi  truer kvarandre.  Viss du er katalansk, kan du ikkje vera spansk og vice versa, seier ho vidare.

Det siste tilfellet der situasjonen eskalerte, var under valet i oktober der det vart nytta politivald mot dei som valde å nytta røysteretten sin.

– Folk demonstrerte ikkje, dei ville røyste i det som frå spansk side vart sett på som ein ulovleg  folkerøysting. Det står i grunnlova at dei må søkje godkjenning, men den katalanske regjeringa berre køyrte på, fordi dei meinte at folket ynskja å verte høyrd. Det var sikkert riktig, men det som hende var open politivald,  seier Sonia.

I fylgje Sonia er ikkje dette fyrste gong, regjeringa har nytta makt. Ho meiner altså at det har vorte ei endring sidan den nye regjeringa fekk makta i 2011.

-Folk kunne ikkje klage rett og slett. Akkurat no er det veldig ille. Me er på nivå med land som Tyrkia, når det gjeld svake menneskerettar Om du retweeter ei humoristisk melding retta mot monarkiet, eller den spanske regjeringa – kan du ende  i fengsel. Det er på det nivået. Det trengs ikkje mykje meir. Artistar er i eksil fordi dei har skreve tekstar mot ein av desse instansane og fått fengsel. Det er ikkje slikt ein kan gjera no, seier ho.

Fryktar du for Spanias framtid?

Sonia drar litt på det,

-.Nei, eg trur ikkje det vil hende noko dramatisk, men eg veit at det har skjedd endringar – sosiale rørsler. Så situasjonen kan snu. Men fylgjene til Franco – lev framleis på mange måtar. Diktaturen er ikkje heilt dø. Me merkar det kanskje ikkje i kvardagen, men me har problem med til dømes nynazistar. Det tidlegare partiet til Franco er jo og framleis aktivt. Dei er ute på gatene og driv på med sitt. Dei er jo valdelege. Samstundes finst det demokratiske krefter, som kan gjera ein forskjell etterkvart. Desse endringane går verkeleg sakte. Men eg er ikkje særskilt bekymra for Spania si framtid, men det heng og saman med mi politiske haldning, seier Sonia.

Bilete: Barcelona, Nicolas Vigier, Public domain zero 1

 

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.