Då drap blei underhaldning
Ei rekke menneske i Norden har mista livet på grunn av drap det siste året. Det er nok få i Noreg som hugsar namnet på alle. Men eg trur me er mange som hugsar namnet på Kim Wall.
Det er ikkje lenge sidan nettavisene og papiravisene var fulle av stoff om Kim Wall, journalisten som blei drept på jobb av ein brutal overgripar i ein ubåt. Mediedekninga var massiv.
Når nokon blir drept, er det ei relevant hending for folk å vite om. Difor er det heilt naturleg at mediene skriv om det. Men ei drapssak er ikkje ei drapssak. Dei fleste drapa i Norden får me aldri høyre om her i Noreg. Difor er det ikkje sjølvsagt at Kim Wall si ulukke skulle bli noko alle skulle vite noko om. Spørsmålet er kva som gjer enkelte drapssaker, og spesielt denne saka, meir nyhendeverdig enn andre. Spørsmålet er også om media gjorde rett i å skrive så mykje om denne saka. Mitt svar på det siste er nei.
På eit eller anna tidspunkt blei det veldig tydeleg at Kim Wall-saka slo an blant publikum og ga store lesar-, lyttar- og sjåartal. Redaksjonane vekta saka høgt. TV Norge valte å sende ein dokumentar om drapet. Den dagen stortingspresidenten, som altså formelt sett er den høgast rangerte personen i landet etter medlemene av kongehuset, gjekk av, valte både NRK og TV2 å la fyrste innslag på nyhenda handle om Kim Wall-saka i staden for stortingspresidentens avskjed.
NRK valte å lage ein podcast frå rettsaka. Eg har ikkje høyrt denne, så eg skal ikkje seie noko om kvaliteten eller korleis dei behandla temaet, men eg kan ikkje i mitt mest opne sinn forstå kva dette drapet har å gjere i ein podcast mens rettssaka pågjekk. Dei pårørande var fortsatt i sorg. Det hadde skjedd grusamme ting. Kvifor er det noko rikskringkastinga skal tilrå folk å fordype seg i det mens dei sit på bussen eller tar oppvasken?
Eg har sjølv lytta ein del til true crime-podcastar og fått glede av det. Eg burde vore midt i målgruppa. Men denne saka var for tett på. Alvoret var så stort. Å laste ned podcasten føltes som å gå over ei etisk grense.
Og leste ein aviser, var det ikkje til å unngå at alle slags detaljar kom opp i lyset. Spekulasjonane var mange. Dagleg kom det rapportar frå rettssaka. Det må ha gjort ein uleveleg situasjon enno meir krevjande for dei pårørande.
Noko av det som gjorde saka mest ubehagleg for meg var likevel konteksten. Me lever i ein kultur med eigne sjangrar der vald og overgrep mot kvinner er særleg framtredande. Krim er eit eksempel. Eg har også lest mi bokbunke med krim opp igjennom og fått både glede og underhaldning av det tidlegare. Men det er ikkje til å legge skjul på at det er ein sjanger som i stor grad baserer seg på skildringar av drap, vald mot og overgrep mot kvinner (eller barn). Desse skildringane er ein sentral del av spenninga underhaldninga. Og det mønsteret kan vere vanskeleg å godta når ein har byrja legge merke til det.
Det er spesielt vanskeleg å godta når ein veit at me også lever i ein kultur der det er eit strukturelt problem at kvinner blir utsett for vald og overgrep av menn. Så mange som ei av ti kvinner over 15 år i Noreg har blitt valdtekne i løpet av livet. Vald i nære relasjonar råkar mange.
Så når journalistar skriv om drapssaker, bør dei difor tenkje seg nøye om. Er drapet utrykk for ein breiare ukultur i samfunnet? Er måten dei dekkar saka på med på å bygge opp om den ukulturen, eller den med på å bidra på å rive den ned? Eg seier ikkje at journalistar skal drive sjølvsensur, men gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av korleis dei dekker saker og kva det er dei bidrar til.
Kim Wall-saka såg ut til å gå inn i eit landskap der dekninga ikkje lenger ga opplysning om at eit drap hadde skjedd, for den sanninga blei tidleg kjent, men heller utvikla seg til ei slags løpande oppdatering om saka, med stadig nye bestialske detaljar. Det var som om sirkelen blei slutta. Ein ekstremt valdeleg mann med eit forvrengt kvinnesyn, som i stor grad konsumerte kvinnefiendtleg kultur (langt verre enn krim), valte sjølv å mishandle og drepe ei kvinne på det verste vis. Og så valte media å behandle det på eit vis som hadde til forveksling like fellestrekk med ukulturen som dyrkar nettopp vald, overgrep og vald mot kvinner.
Det hadde ikkje trengt å vere sånn. Ei meir forsiktig behandling av saka frå mediene hadde vore mogleg. Eg håpar debattane går i redaksjonane rundt korleis denne saka utvikla seg og at ein lærer til seinare saker. Ein må ikkje gi mykje spalteplass til alle saker som har stor publikumsinteresse. Ein god nyhenderedaksjon gjer også sine eigne kritiske vurderingar før den trykkar «publiser». Måtte det berre bli fleire av dei.
Bilete: Ocean av Chris Harber (CC BY-SA 2.0) .
Comments are closed.