Har regjeringa gjort likestillingsleksene sine?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I dag behandla Stortinget ei sak med det klingande namnet «Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016-2017». Det er ein tørr tittel, men inne i denne saka ligg svaret på korleis regjeringa har behandla alle heimeleksene dei har fått frå Stortinget dei siste åra. Det er ikkje få. I fjorårets sesjon fekk dei for eksempel 456 heimelekser (eller anmodningsvedtak, som det eigentleg heiter).

Her er ein liten status på korleis det har gått med likestillingsvedtaka:

Overgrepsmottak får fortsatt ikkje fullfinansiering

«Stortinget ber regjeringen sikre voldtektsofre over hele landet tilgang til voldtektsmottak, samt sikre full finansiering av voldtektsmottakene.»

Ansvaret for valdtektsmottak, eller overgrepsmottak, har blitt flytta frå kommunane til sjukehusa. I 2015 sa regjeringa at kostnaden ved å overflytte ansvaret var 75 millionar, men dei har stadig ikkje bevilga desse pengane til sjukehusa. Korleis kan då sjukehusa finansiere mottaka på fullverdig vis? Regjeringa seier no at ho vil kome tilbake til Stortinget på denne saka.

4 år sidan handlingsplanen mot valdtekt gjekk ut, når får me ein ny?

«Stortinget ber regjeringen legge frem en ny handlingsplan mot voldtekt.»

Den førre handlingsplanen mot valdtekt gjekk ut i 2014. Justiskomiteen fortel oss at følgande har skjedd etterpå: Det har kome ulike signal frå regjeringa på om dei eigentleg vil lage ein ny plan. 11. mai 2016 sa Anundsen, som då var justisminister, at han ikkje hadde ein dato for ein ny plan, men at “det er et virkemiddel som det er naturlig å vurdere for å sikre at kampen mot voldtekt fortsetter i samme høye tempo som i dag”. 8. mars 2017 sa Anundsen at regjeringa ikkje hadde planar om ein handlingsplan. 14. juni 2017 hadde han skifta meining og var i gong med å lage planen. I fjor haust svarte Justisdepartementet at handlingsplanen ville bli ferdig i mai 2018. No seier departementet at rapporten kjem i løpet av 2018. Det er på tide!

 

ROSA får ikkje status som permanent tiltak

«Stortinget ber regjeringen styrke ROSA og vurdere å gjøre det om til et permanent tiltak og sikre økonomisk forutsigbarhet for tiltaket.» (frå 2015)

ROSA-prosjektet gir akutt hjelp til folk som er utsette for menneskehandel. Dette er fortsatt ikkje eit permanent tiltak, men dei blir stadig finansiert over prosjektmidlar.

Har somla med å evaluere besøksforbodet

 «Stortinget ber regjeringen evaluere besøksforbudet, herunder hvordan politiet følger opp brudd på besøksforbud.» (fyrste gong dette blei vedtatt var i 2015) .

Regjeringa kjem tilbake til Stortinget seinare. Ap, Sp og SV kritiserer regjeringa for å ha somla med å sette i gong evalueringa. Det vil gå minst tre år frå fyrste gong dette blei vedteke til evalueringa frå NOVA er ferdig.

Snart kjem det eit offentleg utval som skal utrede spørsmål knytt til partnerdrap

 «Stortinget ber regjeringen nedsette en gruppe/kommisjon som skal gjennomgå et utvalg av partnerdrapssaker.»

 Utvalet vil bli sett ned i løpet av 2018.

Vedtak der regjeringa ikkje er ferdige med oppfølginga, men kjem tilbake til Stortinget seinare

  • «Stortinget ber regjeringen nedsette et norsk offentlig utvalg som ser på hvilke likestillingsutfordringer barn møter på ulike arenaer.»
  • «Stortinget ber regjeringen legge til rette for et mer teambasert helsetjenestetilbud for å sikre tilstrekkelig kompetanse i møte med volds- og overgrepsutsatte.»
  • «Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»
  • «Stortinget ber regjeringen etablere et kontaktforum/kompetanseorgan for minoritetskvinner og æreskultur.»
  • «Stortinget ber regjeringen utrede forslag om fri rettshjelp med behovsprøving på likestillings- og diskrimineringsområdet.»
  • «Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»
  •  «Stortinget ber regjeringen sørge for at det stilles krav til at helsetjenesten skal gi alle kvinner i reproduktiv alder som skal starte opp i LAR, grundig informasjon om LAR-behandling og graviditet. Kvinner i LAR som ønsker å få barn, må få tilbud om hjelp til nedtrapping av LAR-medikamenter, men det understrekes at det må gjøres individuelle vurderinger av konsekvensene av en eventuell nedtrapping.»
  •  «Stortinget ber regjeringen vurdere å gi alle kvinner med alvorlig rusmiddelavhengighet tilbud om gratis langtidsvirkende prevensjon.»

 

 Bilete: stortinget av Steven Couts (CC BY 2.0).   

 

 

 

.

 

 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.