Du har rett, det er ikkje rett – men det skjer likevel

 

Er det ei ny utdanning som skal til? Er det meir forsking? Eller eit klårt regelverk? Korleis skal ein leva best når ein har behov for hjelp i kvardagen? Dette handlar om dei som lev med brukarstyrt personleg assistanse.

Ein fredag måtte eg på toalettet. Når eg skulle attende til rullestolen viste det seg at eg hadde gløymt å setje på den eine bremsen. Då eg lente meg på stolen vart eg sitjande halvegs oppi. Eg kjende at viss eg pressa meg meir på stolen no, ville den gli sakte frå meg. Slik sat eg med halve meg oppi rullestolen. Den brukarstyrte assistenten hadde fri, det einaste kommunen kunne tilby var heimesjukepleie. Eg hadde prøvd å få tak i vikar lenge, lagt annonse ut på Facebook, ingen napp.

Eg veit at det er mange som meg, som går dagar utan hjelp. Mange bit negler for morgondagen, for dei vaktene som ikkje går opp. Dei har ingen varme hender å ta av. Ingen søkjer på stillinga, eller vedtaka er for små. Det er ikkje rett, men det skjer likevel.

Eg snappa opp telefonen som låg plassert på badegolvet, eg ringde heimehjelpsbasa etter hjelp, det ringde og ringde. Ingen svar… Kva gjer eg no? Eg ringde ei venninne i pleien. Ho hastar seg ned til meg, og må avbryte oppgåvene sine. Det er ikkje rett, men det hende likevel. Ein fin vårdag i mai. Du lurar på korleis eg følte meg? Tårene var der. Eg følte meg ikkje verdt ein dritt. Det var vondt, jævlig vondt. Men eg smilte likevel.

Eg veit at det er mange som meg, som går dagar utan hjelp. Mange bit negler for morgondagen, for dei vaktene som ikkje går opp. Dei har ingen varme hender å ta av. Ingen søkjer på stillinga, eller vedtaka er for små. Det er ikkje rett, men det skjer likevel.

Korleis skal me skapa gode tilbod?

Korleis skal me gripa tak i hjelpebehova til dei som er klåre i hovudet, har gode arbeidshender og vil ein tur på puben, eller får eit fall på badet og ikkje får den hjelpa dei treng?

På helsenorge.no beskrivast Brukarstyrt personleg assistanse slik:

Brukerstyrt personlig assistanse er først og fremst beregnet for personer med omfattende bistandsbehov. Det er likevel ikke satt noen nedre grense for bistandsbehovet. Likevel er det en forutsetning at behovet for bistand er så omfattende eller av en slik art at det mest hensiktsmessig kan ivaretas gjennom brukerstyrt personlig assistanse. Kommunen vurderer bistandsbehovet, og skal i samarbeid med den enkelte pasient eller bruker avgjøre om det skal tilbys tjenester i form av brukerstyrt personlig assistanse.

Det eg vil ta opp her er kvifor så mange av oss ikkje får tak i nok tilsette og eventuelle svakheiter i ordninga. Eg meiner staten har lagd vage rundskriv for ordninga. Kommunane slit ofte med å tolke regelverket. Kommunane tolkar ikkje lova likt. Her må det konkrete lovheimlar til – utan rom for tolking.

Vil ha ny fagutdanning og skapa eit stolt yrke

Mitt forslag er å laga ei ny fagutdanning som ligg under helse og oppvekst. Det skal verta sett på som ei krysning av helseyrket og servicefaget. Ein skal ha grunnleggjande medisinsk opplæring, sosialfag og inngåande opplæring i utøving av servicefaget.

Brukarstyrt personleg assistanse er til for oss som treng det. Me som vil ha kontroll over eige liv, og vera eigen sjef i eige liv. Då må dei som har dette yrket bera det med stoltheit. Ingen minstelønn utan krav til utdanning. Bent Høye – eg ber deg, løft yrket fram! Lag ei utdanning som ungdommen vår vil søkja på, då vil du få flott ungdom inn i eit yrke med meining. Dei vil vera med på å gje mange av oss eit verdig liv. Av og til er det ikkje sjukeheimsplassar som skal til. Forsk på korleis det går med dei med nedsett funksjonsevne under 60 år? Mange av oss er gift eller sambuarar, nokre har ungar, men andre har ingen nettverk. Kva gjer dei når ingen tar telefonen?

Brukarstyrt personleg assistanse er til for oss som treng det. Me som vil ha kontroll over eige liv, og vera eigen sjef i eige liv. Då må dei som har dette yrket bera det med stoltheit.

Nokon vil vera far, men får ikkje nok timar, mor må ta fars del. Det er ikkje rett, men det skjer likevel. Nokon vil ta eksamen, men møter ikkje opp fordi dei har ikkje får hjelp den dagen. Ingen kunne stille. Nokon vil oppleve London, men dei må ha assistanse. Dei får ikkje reist. Du kastar deg på eit fly, ser Big Ben på spretne bein. Andre ser på bileta frå ein falma reklameplakat.

Du har rett – det skal ikkje vera slik. Men slik er livet for mange. Er det verdig?

 

Foto: Gorm Kallestad, NTB SCANPIX

Om forfatteren

Mari Svartveit Hansen

Mari Svartveit Hansen

Eg er 34 år, gift og lukkeleg mor til to fine jenter. Det å ha Cerebral Parese og hjul under rompa byr på utfordringar, og har gjort meg meir politisk bevisst. Like moglegheiter for alle ligg hjarta nært. Eg er frilanser innan journalistikk og kommunikasjon og svært oppteken av at alle som vil skal få bidra i samfunnet vårt. Arbeid for alle er viktig. Eg er evig feminist og brenn for dei svake.

Visit Website

Comments are closed.