Rom for å vere psjuk

Mange nybakte mødre går ut frå sjukehuset med meir enn ein nyfødd baby i barnevagna. For mange følger det også med ein fødselsdepresjon.


Det ulmar rundt barselomsorga for tida. Mange ristar på hovuda over planane for framtidas tilbod. Sjølv kjenner eg på eit uvanleg sinne når eg høyrer at det blir planlagt for å sende folk heim få timar etter fødsel. Veit ikkje helsemyndigheitene korleis det er å føde? Veit dei eigentleg kva dei driv med i det heile tatt? Og kvifor lyttar dei ikkje til jordmødrene, som er dei som møter fødande kvinner kvar einaste dag? Uroa rundt barselomsorga blir større når ein også tenkjer på at mange mødre (og fedre) har psykiske plagar samtidig som dei blir foreldre.

Det er tøft (og fantastisk, på ei og same tid) å få barn, også for dei av oss som ikkje går gjennom ein fødselsdepresjon. Livet blir snudd ganske opp ned på kort tid, og for mødre startar møtet med det nye barnet med noko av det mest smertefulle og intense mange opplever gjennom eit liv. Det er eigentleg ganske absurd, at det er når du ligg der avkledd og gjennomsveitt, sliten som om du skulle ha løpt eit maraton eller to med stein i skoa, at du plutseleg får møte den vesle som du kjem til å vere så tett med resten av livet. Det fyrste møtet skjer ikkje når mor og barn er opplagte, men når begge er utslitte etter mange timars tungt og vondt arbeid. Og frå det lille nye nurket blir lagt ved brystet for fyrste gong, treng det omsorg frå foreldra døgnet rundt. Føding og foreldreskap er ekstremsport, i alle fall i starten.

Sånn sett er det kanskje ikkje så rart at mange slit i tida rundt og etter fødsel. Nye tal seier at 1 av 6 kvinner går gjennom ein fødselsdepresjon. Det er mange. Det som er urovekkande, er at talet er nær dobla dei siste 15 åra. Noko er ikkje så bra som det bør vere i barselomsorga.

For eksempel er det ikkje nok folk på jobb. Det er i dag for få jordmødre til å gi alle ein-til-ein-oppfølging under fødselen, og mange må vente lenge etter å ha kome heim med å få hjelp frå helsestasjonen. Dette er spesielt urovekkande for barna, som for eksempel har auka fare for dehydrering når dei blir sendt heim tidleg frå sjukehuset. Men det er også alvorleg for foreldra, som opplever å stå åleine med eit veldig stort og nytt ansvar, kanskje utan at mjølka har kome enno, eller kanskje fortsatt utslitt etter ein lang fødsel.

Men betre bemanning på sjukehus og i kommunehelsetenesten vil ikkje vere nokon garanti for at nybakte mødre får betre psykisk helse. Føresetnaden er at dei tilsette har kunnskap nok til å fokusere på det, og at det blir sett på som viktig å ta vare på folks mentale helse. Fagfolka må spørje korleis det går. Dei må vite kva dei skal gjere når dei får høyre at det er vanskeleg. Og mødrene må føle at dei blir fanga godt opp av eit trygt system som er der for dei.

Kanskje er ei utfordring for å gjere noko med dette at depresjonen kjem til overflata etterpå, når familien er heime igjen og ein slags kvardag byrjar å ta form. Då er det ikkje sjukehuset som får sjå konsekvensen av at folk har blitt sendt heim for tidleg. Det er fastlegen eller helsestasjonen. Og kanskje er det ikkje då så synleg at noko av problemet kan ligge i at sjukehuset sender folk heim for tidleg.

Ammetilbodet er ei anna sak. Tenk at store delar av ammetilbodet i dag er basert på friviljuge kvinner! Dei melder seg som ammehjelparar og bruker fritida på å gi innføring i ammeteknikk, og takk og lov for det, men dette burde det offentlege kunne klare å stille opp med også. I 2016 ropte dei varsko. I Aftenposten skreiv Ammehjelpen:

«Barselomsorgen er i krise. Kapasiteten vår er fullstendig sprengt.»

Dei har stadig meir pågang og meir kompliserte saker. Sånn kan me ikkje ha det. Det offentlege må stille opp. Og hadde det offentlege vore til stades når ammetrøbbelet startar, kunne dei også tatt ein prat med mor samtidig og hjulpe med å ta grep om det var noko som var vanskeleg mentalt. Det kunne vore mykje god førebygging i det.

Tala viser også at ein tredel opplever at depresjonen startar mens dei går gravide. Dette er eit stort tabu, og det sannsynlegvis mange som har høg terskel for å snakke om det. Gravide blir ofte møtt med ei forventning om å kjenne stor lukke og forventning. Då må me bryte tabua og tørre å snakke om at det også kan vere vanskeleg. Og det må vere enkelt å få hjelp.

Sjukehusa tilbyr i dag ein samtale om fødselen for å bearbeide opplevinga frå sist, dersom ein er gravid med nummer to og hadde ein krevjande fødsel med nummer ein. Dei gir også samtale dersom ein er gravid med nummer ein og har fødselsangst. Men kvifor kan ikkje alle få eit tilbod om ein slik samtale i etterkant av fødsel? Og kvifor må ein bli gravid på ny for å få dette tilbodet? Det hjelper ofte å snakke om vanskelege opplevingar. Dersom alle fekk høve til å gjere det, kunne ein kanskje førebygge sterkare reaksjonar i etterkant.

Statsministeren vår gjekk nyleg ut og sa at det hadde vore bra for landet om det blei født fleire barn i Noreg. Då kunne det vere ein ide at statsministeren tok initiativet for eit løft for den psykiske helsa i barselomsorgen. Me må innrette helsevesenet vårt sånn at me tar godt vare på alle nybakte foreldre, også når dei står i motbakke mentalt. Då tar dei også best vare på barna sine. Tilbodet må vere der når barnet er i magen, når familien er på sjukehuset og etterpå.

Spørsmålet er om eit fleirtal av partia prioriterer dette høgt nok til at det skjer noko. Eg er i alle fall ikkje i tvil om at eit betre barseltilbod er noko eit fleirtal av folket vil ha.

 

 

Bilete: Pregnant av Global Panorama (CC BY-SA 2.0).   

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.